07 desember, 2014

Ein effektiv kosedag

2. søndag i advent...
 Det begynner å nærme seg den tida i desember då eg begynner å få litt småpanikk. Tida liksom fyk avgårde og eg er ikkje heilt klar til å henge med i samme fart. Slik er det kvart år, men eg kjem alltid i mål likevel.
Denne helga har vore litt "rar", eller kanskje det er litt feil betegnelse på den. Saken er den, at på denne tida i fjor var eg på "ego-trip" til Tyskland. Det var ein heilt fantastisk opplevelse!  Og på ein eller anna måte så savner eg den turen og alle opplevelsane den hadde med seg. Trur det er mest fordi eg fekk ein pause frå den vanlege kvardagen. Det trur eg alle mødre treng innimellom. Det å få ha ein heilt egen julekonsert sammen med flotte musikere var ein drøm som gjekk i oppfyllelse... Men kven veit, kanskje kjem det ein ny sjanse?

På denne deilige søndagen har vi faktisk fått gjort ein heil del. I eit veldig seigt tempo, akkurat slik eg liker det. Eg og Bendik våkna halv ti. No når Trond er borte på jobb, og Torje har vore på overnatting, så har Bendik fått lov å ligge i papsen si seng. Og då vi våkna i dagmorres, såg vi to episoder av "Teodors julekalender" før vi stod opp. Eg blei SÅ glad då eg oppdaga den på NRK Super! Det er ein av dei første julekalenderane eg husker, og eg har ikkje sett den siden den gikk på Barne-tv i 1986. Likevel så kunne eg nynne med på introen... Det er merkelig kva som sit att i underbevisstheten vår. Bendik syns den var litt rar, men han lo godt fleire ganger, så han likte den også.
Når vi blir liggande i senga lenge og glo på iPad, så blir det jo sjølvsagt sein frokost. Men det er jo også heilt greit. Og det er jo heilt rett det som Marthea sa i dag: "Det er så deilig med søndag! Berre sose rundt i kosebukse heile dagen". Ja, for det er det vi har gjort i dag...

Det var jo planen at eg skulle få huset fullt av 16-åringer som skulle bake kakemenn i dag, men dei var ikkje klare til å stå opp kl 14.00 når kakene skulle kjevlast ut, så det får dei ta igjen en anna dag. Men vi har baka kakemenn likevel. Og det vart for første gang ei veldig koselig stund. Eg må innrømme at eg er ein av dei som ikkje syns at kakebaking med små barn er så veldig kos. Her i Røverhuset har det stort sett enda med sure unger og ei røvermamma som blir ståande og bake ut kakemenn til ho spyr! Men ungane blir eldre og mora har vore på Mindfullness-kurs, så då gjekk det veldig bra. Vi fekk til og med malt kakene i år!!!!



Tre av seks har også fått unna juleklippen i dag. Trond ordner seg sjølv, men eg og dei to minste guttane har vore hos Nina og fått fiksa oss. Det var VELDIG deilig! Eg har ikkje farga håret mitt siden april (!) og sist eg klipte det trur eg var i august. Det er heilt krise! Men no ser det virkelig superdupert ut. Guttane vart også kjempetøffe. Ja tøffe, ikkje fine eller søte. Det er visstnok ein veldig stor forskjell på det...

Og med ein så effektiv dag, så er det med veldig god samvittighet eg legg beina på bordet, tenner alle stearinlys og høyrer på julemusikk... Det har eg fortjent og derfor gjer eg det.
Og mens lynet blinkar som besatt utafor glaset og haglebygene trommar på ruta, så sit eg her og skriv og høyrer på julemusikk og koser meg.

"Kunsten å være lykkelig, består i å gjøre sine gleder enkle"


Ingen kommentarer: