19 desember, 2014

Då går i inn i siste runde

juleferien har begynt! Jippi! g siden julafta er på ein onsdag i år, så blir det ein laaang ferie. Ungane skal ha fri i 17 dager!  det blir kos, kos, og atter kos. Den beste kosen er å sleppe å ha på vekkerklokka...

Løva vår held oppsyn med husmora. Han ser ikkje heilt fornøgd ut...

I dag har eg og Trond bedrevet storstilt handelslekkasje. Eg hadde jo som mål å handle alle julegavane her i Florø, og det har eg for så vidt holdt meg til. Men det var eit par gaver som eg ikkje fekk tak i her, så derfor gjekk turen i dag til Førde og der blei vi ferdige! Eg mangler berre ein! Og den tek eg i morgon. I tillegg til julegaver blei det sjølvsagt litt til ho mor også. Ein kjole og ei bukse. Det var heilt nødvendig, og eg hadde fortjent det. I allefall sa Trond det... når eg spurte...

Vi har også fått gjort litt her heime i dag. Eg har fått pynta litt på trappa ute. Det er ikkje så veldig enkelt å få det slik eg vil ha det, når eg ikkje kan fordra fargen som er på huset, men det MÅ eg berre prøve å glømme, og så får eg være fornøgd med det slik det er. No har vi fått både granbar, lys og lykter på plass, og det blei jo egentlig fint. Og med eit lite melisdryss framfor trappa, blei det heilt perfekt! Og neste jul, når huset er kvitt blir det nok fantastisk!!!

Det er ikkje berre ute det skjer ting. Eg har skurt(!) golvet i gangen i dag. Med skurekost og vaskeklut! Drittjobb, men ikkje så dreten som golvet var, for det var veldig skittent. No er det så reint og fint, atte. Når til og med ungane kommenterer det, så er det virkelig forskjell. Eg kjente det, mens eg satt på kne og skura, at det mest sannsynlig, snart blir malte furugolv i Røverhuset... Det er ein skikkelig drittjobb å skure det, så eit eller anna må eg finne på i allefall.

Midt oppi alt det som skal gjerast, er eg veldig fornøgd med at eg tek meg tid til unyttige ting (som egentlig ikkje er unyttige) også. I dag har eg vore hos ei dame og fått pynta neglene mine til jul. det var veldig kjekt å få lagt skikkelige gel-negler. Det tar jo en liten evighet, men resultatet blei bra. Dei er nok litt i lengste laget, men det får eg berre venne meg til. Det er egentlig ganske vanskelig å bedømme rett lengde når du sitt der med hendene på bordet. Ja, for det er jo først når ho er heilt ferdig at eg får kjenne om dei er funksjonable. Uansett så vart dei i allefall fine!



Ingen kommentarer: