11 desember, 2014

Fyr i peisen...


I dag har eg liksom aldri klart å få varmen i meg... Derfor passer det med litt fyr i peisen. Som du sikkert ser så har vi pussa opp litt, og det blir det mykje god ved av...
Den stormen som kom på tirsdag har liksom ikkje heilt forlatt oss enno, så det blåse og regner/hagler i eit sett. I dag har det i tillegg vore veldig mykje lyn og torden. Eg har dradd ut ledninger i eitt sett, for å være på den sikre sida. Og det blir litt krise i heimen når ho mor dreg ut kontakten på modemet... Då er Røverhuset plutselig tilbake i steinalderen og ungane blir ramma av akutt kjedsomhet... Mulig vi må dra ut den kontakten litt oftere...

Torsdag er ein av dei dagane eg føler eg er ansatt i taxi-næringa. Ingen av ungane er ferdig på skulen til samme tid, og innimellom "skuleslutt-klokkesletta" så er det fritidsaktiviteter og dermed blir det eksamen i logistikk og mamma-taxi... Ja, eg veit at ungane fint kan komme seg både til og fra sjølv, men no har det blitt slik, og så satser vi på at det skal bli litt meir lystbetont å sykle når våren kjem.
Uansett så har det vore heilt pyton å være ute i dag når vêrgudane er i opprør.

Så var det desse juleforberedelsane då... Det går ikkje så veldig bra på den fronten. Sjølv om eg puslar på litt kvar dag, så er det liksom ikkje slik at eg kan sei at eg begynner å nærme meg. Eg har fått dei aller fleste julegavene i havn, men har dei vanskeligste igjen. Slik pleier det jo alltid å være. Og bakinga går det heller ikkje så fort med. Vi har jo bestemt at vi ikkje skal bake så masse, men litt julegodt må vi lage likevel. Vi får satse på at vi kan kose oss med det i helga. Eller, rettere sagt, EG får kose meg med det i helga. Ungane mister jo interessa lenge før vi er ferdig, så det blir vel eg som står med det. Og då kan eg nyte fin julemusikk og ro og fred.

Men no skal eg snart finne bingen. Eg må berre ta meg ein runde og dra ut nokre ledninger i tilfelle han Tor med hammaren kjem tilbake i løpet av natta...

 Ei ny julestjerne er på plass i vinduet...

Ingen kommentarer: