16 desember, 2014

Snø





Det snør himmelsk korrekturlakk
Over feilstavet sommer
Og hør bylarmen forsvinner
Under dalende flommer
Vi har hørt at ingen snøfnugg er like
Og sånne under kan en tenke på en stund
Jeg lener hodet helt tilbake
Og får et iskyss på min munn
Og får et iskyss

Det snør stumme stjernesøstre
Fra usynlige munner
Og ør av angrepet fra myldrende lydløse sekunder
I dag inntas jorden av en himmelsk hær
Uten våpen tvinges hele byen i kne
Alt går litt langsommere her på jorden
Når hele himmelen faller ned
Når hele himmelen faller ned

I dag kom det snø! Og eg, som i heile høst har sagt at eg syns det er fint når snøen kjem ned ferdig måka, eg måtte i dag innrømme for meg sjølv at eg faktisk syns det var heilt greit. Når dei kvite flaka begynte å dale ned fra himmelen, så kom resten av julestemningen dalande også. Det er noko med jul og snø... Eg er heilt sikker på at i "gamledager", så var det alltid snø i og rundt jul! Ja, for det husker eg. Og i følge ungane levde eg i gamledager... Det er no ikkje eg heilt enig i...
Men i dag blei byen vår dekka av eit tynt teppe med kvit snø. Bendik fekk faktisk prøvd akebrettet... Det gjekk visst ikkje så bra, men han skal leite etter meir snø i morra.

I dag har eg vore ein liten tur til Førde for å drive med litt handelslekasje. Eg har hatt som mål å handle alle julegavene mine i Florø i år, og det har eg prøvd så godt det har latt seg gjør å få til. Men eit par stk fekk eg ikkje tak i her, og då måtte eg vende nasen innover mot det store lyskrysset med handlesenter rundt. Eg var med David. Han skulle ha nokre småting også, så då blei eg med han. Egentlig var planen å ta ein kaffi i lag, siden han hadde fri i dag, men så tok vi en tur istedenfor. Der inne var det masse snø, og masse folk.

Etter at eg hadde fått slappa litt av, så var det tid for desembers mest tradisjonelle aktivitet... Korøving! I dag har vi øvd sammen med Gammen, til konserten vi skal ha på søndag. Det blir ein fin konsert. Sjølv om eg syns det er veldig kjekt å synge i eit reint damekor, så syns eg også at det er stas å være eit "blanda-kor" på julekonserten. Om du ikkje har fastspikra andre aktiviteter på søndag kl 18.00, så syns eg du skal ta turen til Florø Kirke.

Heilt til slutt i dag så fekk eg gått meg ein liten times tur. Eg gjekk sammen med David og Sara (hunden). Det var ein kald fornøyelse i kulden. Og då var det ekstra godt å komme inn igjen i varmen heime, der Marthea hadde laga kvelds til meg. Eg må ha verdens beste ungar! 
Og i morra kjem Trond heim, så då skal det bli jul i Røverhuset!


Ingen kommentarer: