05 desember, 2014

HELG!!!

Endelig fredag! Den beste dagen i heile veka. Super fordi eg kan finne ettermiddagsro uten lekser, pakking av sekker og mest av alt, legge meg uten å ha på vekkerklokka! Det er så superdeilig. Kanskje eg skal bruke litt tid på den nye "dilla" mi... Eg har fått heilt dilla på å lage "snøkrystaller" av papir. Det kan jo se ut som om det er den einaste snøen vi kjem til å få i år, så no driv eg og fyller vinduene mine med dei. Dei blir faktisk veldig fine. Inspirasjonen fekk eg frå bloggen www.moseplassen.no der er det masse kjekk inspirasjon til både inne og ute no i desember (og ellers gjennom heile året)

I går var det endå ein travel desemberdag. Vi hadde spillekveld med Bendik sin klasse. Veldig kjekt å møte dei andre foreldrene. Det blei ikkje så mykje spilling, då. Ungane ville heller være ute på skuleplassen og leike i den nye aktivitetsparken som er laga der. For så vidt greit med fysisk aktivitet. Så då blei det til at vi foreldrene satt og prata rundt bordene. Som sagt, veldig kjekt.

Dagen i dag har vore ein kosedag så langt, og eg reknar med at det skal bli meir kos videre. For Bendik starta den med at han fekk oppfyllt ein drøm! Tenk så flott! Vi var innom Coop Prix for å handle noen småting til Marthea, som har hatt heildagsprøve i mattematikk i dag, Og når vi kom til kassen stod butikksjefen der og lurte på om Bendik hadde lyst til å sitte i kassa! Gjett om det var ein som blei glad. Han fekk scanne alle varene og trykke for både betaling og kvittering. Han var SÅ lykkelig. Takk Rune, for ein god start på dagen!


I oktober fekk eg ein forespørsel om å være med å komme med ideer til årets juleaktiviteter i byen vår. Det var ein veldig kjekk forespørsel å få, og ein liten vitamininnsprøytning no når eg må forsake så mykje av det eg vil pga helsa. På eit "Droddle-møte" med Roger Bareksten (Dagleg leder for Byen Vår Florø) kom eg på ideen om å lage
 VERDENS LENGSTE LUCIATOG!
Han tente på ideen og i dag har vi vore i Firdaposten og lagt fram planane våre. Dette kjem til å bli veldig spennande! Vi satser på å klare å mobilisere minst 1300 stk slik at vi får slått den offisielle rekorden.

Etter møte med Firdaposten var eg til byen med mamma. Vi har handla litt julegaver og ellers berre kosa oss. Vi avslutta med lunch sammen med bestemor. Tre generasjoner på cafè.

Og no er det beina høgt, slappe av og så skal kvelden avsluttast med Tapas-aften sammen med Arbeiderpartiets damer. Det er lenge siden eg sist var på eit politisk arrangement, men i dag tenkte eg at dagen var kommen og eg er veldig klar for å diskutere litt familiepolitikk med andre kjekke og kloke damer. Så får vi sjå kor kloke vi er når vi blir "fin på vin" utover kvelden. Eg skal i allefall berre kose meg, og det håper eg du har tenkt til å gjere også.

Dagens bilde...

Ingen kommentarer: