01 januar, 2007

GODT NYTT ÅR!!!!!



Jaja. Så var 2006 en sagablott. Eit år som har satt store spor, i allefall her i Røverhuset. Ved inngangen til et nytt år er det vel på sin plass med ei lita oppsummering av året som har gått. 2006 fikk en pangstart når vi oppdaga at ein ny røver var på vei inn i røverfamilien. Det tok litt tid å venne seg til nyheta, men fy søren kor glade vi er for at han har komt til oss. 2006 har vore eit spennande år på fleire måtar. I mars tok eg eksamen i "Leik, dans og drama" ved Høgskulen i Sogndal. Det var kjempegøy. Eg savner turane til Sogndal sammen med Kristin der vi låg på hotell og berre hadde det kjekt heile tida. Til og med eksamen var kjempegøy! Det beste av alt var jo at resultatet også blei bra. Rett før sommaren slo inn feiraa vi storbryllup i familien. Nina og Tommy gifta seg 27.mai og det var ei minnerik oppleving. Bruda var fin og brudgommen likeså. Bryllup er jo alltid kjekt. I allefall når det kjem så masse familie og venner som en ikkje møter så ofte. Det blei ingen ferietur på oss i år. Vi valgte å prioritere hus og hage. Vi har drenert heile tomta, sådd plen og planta hekk. Det er vel kanskje feil å sei vi, for det er absolutt ikkje eg som hsr jobba. Det er det Trond som skal ha æra for. Han har arbeidd som ein maur i heile sommer. I tillegg til ein flott hage har vi fått oss ein gedigen terrasse. Der blei det mange fine dager i sommer. Vi har hatt ein fantastisk fin sommer i år. Eg for min del syns det har vore i varmaste laget, med diger mage og høg innvendig temperatur fra før. Sjølv om vi har arbeidd mykje i sommer fekk vi tid til eit par turar til paradisøya vår. På hytta på Brendholmen har vi kosa oss uten anna støy enn bølgeskvulp og måkeskrik. Der ute kosa vi oss alle. Ungane fiska og satt krabbeteiner, og fangsten var god også. Ingenting er vel meir sommer enn å sitte i fjæra og ete nykokt krabbe... I begynnelsen av september fekk vi storfint besøk her i byen. Vi fekk besøk av sjølvaste Kronprinsparet, og eg fekk den store gleda av å synge for dei. Eg sang to sangar fra "Haugtussa". Ein "once in a lifetime- opplevelse". Etter den lille konserten fekk eg helse på Kronprinsparet, og Mette Marit ønska meg lykke til med fødselen. Ikkje alle som får slike lykkeønskinger med seg. Og den største begivenheten skjedde den 29. september. Seks dager på overtid kom Bendik til verden. Han kom som et skudd når han først kom, og er sjølvsagt den nydeligste og deiligste ungen i heile verden. Akkurat som dei tre søskena hans er det. Og med en nyfødd i huset så har det til tider vore ganske så travelt. Og derfor har vel ikkje denne førjulstida blitt heilt som eg hadde ønska. Men slik er det. Det viktigste er vel at vi ikkje har stressa og kava. Sjølv om ikkje huset var heilt strigla så blei det jul likevel. Jula blei feira her heime i Røverhuset sammen med mamma, pappa og Eirik.

Inngangen til 2007 feira vi sammen med mamma, pappa og bestemor og bestefar på Takle. Ikkje nåkke "hæla i taket" feiring, men det har vi heller ikkje nåkke behov for. Vi har slappa av og kosa oss. Ungane har gått litt julebukk, men det var så flaut å synge at det berre blei fire pakkar i posen... Planen var å ta dei med inn til barnekjippen, men det ville dei ikkje, så då gjekk vi heim og ungane har kosa seg på golvet med lego i heile kveld. Ved midnatt tok eg og Trond turen inn til by'n og såg på Kjippen. Der var det mykje artig å sjå på. Ein skal være forsiktig med å slenge med leppa eller gjere nåkken sprell, for då havnar du i Kjippen. Her har mange kreative sjeler gjort ein stor jobb i romjula...

Så no er det berre å gå inn i det nye året med friskt mot. Med positive tanker går det meste bra. Ha eit fortreffelig godt nytt år alle sammen.

Ingen kommentarer: