11 februar, 2007

Long time, no seen...

No e det vel på høg tid med ei oppdatering.
Det hjelpe lite å irritere seg over at andre ikkje oppdaterer når eg ikkje gjer det sjølv...

Det er hektiske dager i Røverhuset for tida. Røvermamma jobber som sagt som sangpedagog på kulturskulen tre ettermiddager i veka og ellers så går dagane i barn og barn. Det er ganske mykje "logistikk" med fire barn. Adrian skal på fotball to dager i veka og så er han begynt på klatring. Marthea er med meg på musikkbarnehagen om tirsdagen. Så det er henting her og bringing der. Det er vel en del av det å ha barn.

Når det gjelder mitt nye og mykje bedre liv så må eg sei eg er flink. Er over 10000 steg KVAR dag!!! Og det er jo en veldig god start. Det hjelper både på humøret og på BMI'en... No har Trond invesert i skikkelige tursko og, så no skal vi gå og gå. Han går faktisk på jobb kvar morgen. Nesten ei mil!!! Og han står opp kl FEM om morra'n for å gjør det!!! DET skulle eg hatt godt betalt for! Stjerne i margen til han.

Den siste veka har vi hatt eit fantastisk vêr. Bikkjekaldt og knallblå himmel. Faktisk så kaldt at det i helga blei erklært trygg is både på Svartevatnet og på Likkjevatnet. Så då var det å begynne jakta på skøyter. Vi fekk tak i både til Adrian og Marthea, men ho ville ikkje gå likevel. Tryggare å berre bruke skoa. Adrian hadde virkelig dreisen på det. Han gjekk og gjekk og var heilt utsleten når vi kom heim. Vi får berre håpe at vi får ha isen lenge.

I dag er det Morsdag! Eg fekk ikkje frukost på senga, men det er fordi det er så bale å ete den der. Trond stod opp og laga god frokost med baguetter og egg og så kom ungane inn til meg med pakke. Eg fekk eit aldeles nydelig smykke. blei heilt på grinen når eg opna pakken. Han har god smak han mannen min.
Morsdagskakene blei inntatt heime hos ho mor og han far. Der var vi sammen med bestemor og bestefar. Mamma hadde laga bløtkake og eg hadde laga..... Ka trur du???? Heilt rett. Oreo-kake. Det er ei stund sida no, så det var godt med deilig oreo-kake igjen.

Mamma og pappa har hatt ei storopprydding på loftet. Der fann dei store deler av min "barndom". Det var litt vemodig å få Jostein i armane igjen i dag. Han såg ut akkurat som eg husker han. Plasteret var til og med akkurat der eg huska det var! Jostein er min bamse. Den blei kjøpt til meg når eg var baby og eg fekk den av ein som hette Jostein. Derav navnet. Ein grå pus. Litt slitt etter årenes løp, men likevel veldig god.
Marthea falt heilt for Indianerdukka mi. No har dukkene hennar fått seg ei storesøster. Håret til dukka var bra tova sammen, men ei halv flaske med balsam fiksa den biffen. No er den god som ny og sover godt i senga til Marthea.Så siden Indianerdukka ligge med Marthea så får eg ta Jostein med meg til køys.
Ei heil kasse med dukkeklær var heller ikkje å forakte... Der var til og med ein dåpskjole, så eg reknar med det blir litt barnedåpar framover. I tillegg var der dukkesenger og masse bamser, men vi fann ikkje ho Nutta! Det er ei dukke som ein helt spesiell har et heilt spesielt forhold til...


Eg skulle jo ha blogga nåkken bilde snart, men siden den bærbare pc'n med alle bildene på er på "sykehuset", så får det vente.
Har klart å redde alle bilder og dokument, men det er det einaste som er på maskina no. Så eg må vente til eg får hjelp av en eller annen til å legge inn igjen alle programmene mine. (Ja, Eirik. Du er hjertelig velkommen...) I mellomtida så får eg bruke den stasjonære og ikkje blogge bilder...

Men no e det kveld.
Ha ei god natt og ikkje gløm å legg igjen en liten komentar eller hilsen til meg.

Ingen kommentarer: