04 mars, 2012

Å møte veggen eller treffe en planke

I forrige innlegg fortalte eg om mitt uheldige møte med en planke. No har det seg slik at eg fortsatt er sykmeldt og prøver å få dagene til å gå med tur og kvile. egentlig så føles det litt som då eg traff veggen. Ja, for det har eg prøvd også. Forskjellen fra dengang og no er at dengang visste eg ikkje kva som var grunnen, men no veit eg kva som gjør at eg om kvelden ikkje klarer å holde hodet mitt oppe og kvifor eg har hodepine fra en annen verden. Medisinen dengang var kvile, søvn og tur. Det er det no også, men eg veit ikkje om effekten er lik. Har slappa av i tre veker no og er fortsatt ikkje det spor bedre. Kjenner at dette nok kan ta tid, men no har eg tenkt å ta tida til hjelp.
Å vite kva ein har rett på når en har blitt utsatt for ei slik ulykke er ikkje lett. Derfor har eg fått hjelp av en advokat no, og det håper eg skal bli bra. Det kjennes litt rart ut å ha "sin egen" advokat egentlig. Og det syns nok ungane også, for ein av dei sa som så:"Mamma, har du egen advokat? Eg trudde det var sånn som rikinger hadde..." Jaja...

Det at eg er sjukmeldt fra jobben min fører også til at eg har vært nødt til å trekke meg fra årets revy. Dermed blei heile greia avlyst og det var eit nederlag som var svært vanskelig å svelge. Revyen har på mange måter vore "gloa" mi, og no er den slukket for ei stund. Vondt, men samtidig godt. Håper berre eat eg er blitt bra igjen til høsten slik at eg kan være med dersom det blir revy då.

Som sagt har det blitt mykje turgåing i det siste. Eg er egentlig ikkje så glad i å gå tur i regnvêr, men mandag var det en nødvendighet å komme seg ut i skogen i ausregnet slik at fjeset var vått... Då sette eg meg på "Tenkestedet" mitt og fekk rydda opp litt, før eg gjekk videre. Problemet var berre at då var det blitt så mørkt at redselen for å treffe på hjort oppi der tok litt overhånd... Møtte heldigvis ingen og kom heilskinna heim igjen.
Tenkestedet mitt

Mot slutten av veka har det vore flott vårvêr. Det spirer og gror i hagen, fuglane kvitrer og temperaturen stiger. Har vel vore litt meir vêrsjuk enn eg har forstått, men no kjenner eg at det gjør godt med litt lysere kvelder og blomster i hagen. Gleder meg til våren er her på skikkelig.

I dag har vi hatt "premiesøndag". Sjølv om eg egentlig er litt imot å belønne ungane for god oppførsel, så har det vore ein nødvendighet i det siste. Når vi bruker to timer på legging av dei to minste, så må noe gjøres. Vi har prøvd med lesing, synging, å ligge sammen med dei i senga ei stund og alle andre gode råd. Tilslutt blei det til at eg laga ein liten "kalender" til dei og deler ut smilefjes om dei legg seg fint uten å tulle. DEt virka (enn så lenge) og premien i dag var en tur i Havhesten. Det er egentlig litt deilig med et bad og ungane blir meir og meir vågale i vatnet. Spesielt gjeld det Bendik, som har vore skikkelig redd vatn etter at han datt i Lillevatnet som eittåring. 
Så no er det avslapping og familiekos resten av dagen. Deilig.

Ingen kommentarer: