22 februar, 2012

Kjedelig kan bli kreativt...

Her kjem eit aldri så lite nattinnlegg... Eg som kvar einaste morgon seier til meg sjølv at: "I kveld skal eg i allefall legge meg tidlig", blir atter ein kveld sittande oppe til langt over sengetid. No er det heldigvis ferie både for meg og ungane, men det hadde jo vore kjekt å klare å stå opp før ti en dag.
Men det er også veldig godt å ha litt tid for seg sjølv når ungane har komt i seng. Det er faktisk noko eg alltid har syns har vore godt. Eg pleier å sei at den beste tida på døgnet er når ungane er lagt. Det betyr ikkje at eg ikkje liker å være sammen med ungane mine, for det gjør eg. Men det å være foreldre er ei veldig altoppslukande oppgave. Ein har ungane med seg i tankane heile dagen, og når dei er lagt for kvelden så er det gjerne plass til litt andre tanker ei lita stund og roen senker seg. Voksentid.
Med tenåringer i hus blir det mykje mindre voksentid enn det vi hadde før. Men med to store barn så har vi også muligheten til å ta oss en tur ut av huset når dei to minste er lagt, så alt har sine fordeler ;)

Den siste tida har eg vore sjukmeldt. Grunnen er eit heller ublidt møte med ein planke som løsna fra taket på Kystmuseet og traff meg i hovudet. Siden både Statsministeren og Næringsministeren var tilstede var også NRK der og dei fekk det heile på film. Klippet kan du sjå her. Det er no over 6 mnd siden, men eg har i følge kiropraktoren, vore flink pike alt for lenge og derfor fått meg et skikkelig tilbakefall. Så no har eg massevis av tid til å gjør ingenting, og det er ganske kjedelig.

Eg har dekorert lys


Strikka ferdig to luer

Og i kveld har eg hatt besøk av Jeanett og då laga vi rekesalat



Godt med alt en får gjort. Og det ein ikkje får gjort spring ikkje sin veg.

Vinterferie betyr revyforberedelser for meg. Det har lenge vore usikkert om det kom til å bli revy i år, siden Per Øyving og Roy ikkje skal være med. Men no har vi andre tatt fatt i det og bestemt at det blir revy (hvis regissøren blir med). Så dei to siste dagane har hodet mitt vært fullt av revyideer. Det er veldig gøy, men eg kjenner at topplokket mitt gjerne vil ha det på sin måte, og det kan bli en utfordring... Vi har fått med oss to nye og to gammal-nye i år og det blir veldig spennande. Kjem nok til å blogge litt meir om revyen når det nermer seg.

Men no blei klokka alt for masse igjen. Kanskje eg skal prøve meg på en frokostblogg i morra? Nattblogging kan umulig være bra i lengden, men fy søren kor gøy det er ;)

God natt.

2 kommentarer:

Madikken sa...

Fin blogg du har
nydelige lys også
ha en god dag

Jeanett sa...

Synst du skal fortsette å blogge om alt mulig. Er kjekt å lese om hva som skjer i Røverhuset og til å få litt inspirasjon ;)