15 februar, 2012

Eit nytt og betre bloggliv

No skal eg gjere noko eg har tenkt lenge på. Skrive eit nytt blogginnlegg. Det er jo ikkje slik at det er meininga at det skal gå eit år imellom kvar gong eg postar noko nytt her. Det har desverre vore slik hittil, men det har eg no tenkt å gjere noko med.

Det siste året har det faktisk skjedd masse spennande her i Røverhuset, og så har eg berre ikkje gidda å blogge om det. Litt av grunnen er at eg har begynt å lese massevis av forskjellige bloggar. Interiørbloggar, bakebloggar og mammabloggar. Syns alle skriv så bra og har så fine bloggar. Og syns ikkje at eg er like flink. Men no har eg altså komt på betre tankar og har tenkt å bli litt meir ivrig.

Det store spørsmålet er no; kva skal eg blogge om? Og svaret er: Eg skal blogge om alt mulig. Siden vi driv å gjer ferdig huset så tenkte eg å skrive litt om det. Og så får jo eg støtt og stadig dilla på eit eller anna, så det blir nok litt dillablogging også. Og størst av alt er det som heile dagen og natta opptek mitt hode: Ungane mine. Dei fire store flotte røverungane.
Så då er vel planen klar. Det er berre å sette i gang.

I dag har eg laga kake! Vi skal i bursdag til lille Chamilla Nenah i morra. Ho blir tre år og ønsker seg ein stor pakke av tanta. Pakke skal ho få, men siden eg har vore heime i heile dag, og held på å gå på veggen, tok eg å laga ei kake. Ei "Hello Kitty veske-kake"


Eg syns egentlig at den blei veldig fin. I allefall når ein tenker på at det er mi aller første figurkake. Kitty figuren blei litt skitten i fjeset, fordi eg glømte at malinga måtte tørke før eg satt den på plass på kaka, men det gjer ingenting. Det blir nok fleire slike kaker framover. Neste bursdag er Noah Johannes sin 2-års dag, så då har eg ein unnskyldning til å lage ei ny kake. 
Eg må ha unnskyldninger for å lage desse kaloribombene. Eg er jo en lavkarbo-dude, så her er det bare å lage uten å smake på. Det går faktisk heilt fint.
Marthea har også laga kaker i dag. Ho har laga "Cake Pops" av restane etter sist kake. Dei blei veldig fine (og veldig gode).


Men no er det nok kakeprat. Vi skal som sagt i bursdag i morgon, så då får eg kakene ut av huset. Sjølv om eg ikkje et dei, så er det andre her i huset som gjer det, og det merker vi etter ei stund... 
Det at unger ikkje blir hyper av sukker er bare tull. Mine blir i allefall det. 

Så då gjennstår det berre å vente og sjå om kakene våre fell i smak i morgon...

Ingen kommentarer: