19 juni, 2005

Bygge bygge bygge c",)

No har eg begynt på sommerferie!!! Ni veker med ferie er ikkje å forakte. I alle fall ikkje når eg har eit heilt hus som skal flyttast ut av og eit anna som skal gjerast i stand til å flytte inn i.
Når det gjeld husprosjektet er i godt i gang. På onsdag var vi på IKEA og handla kjøkken og bad. Det trur eg skal bli kjempeflott. Men eg blei temmelig lei av å være på IKEA... Eg som trudde det ikkje gjekk an å bli lei av det varehuset... Fem timer der inne var i meste laget, men likevel gleder eg meg til vi skal ned att og handle ting og tang til huset.
Så no jobber vi på spreng for å få alt klart. Knøtte kjem i løpet av veka og skal gjere badet klart og då er det bare å finne fliser og sette igang.

I helga har det vore kystfestival, men vi har ikkje vore i beyen en einaste dag. Det har egentlig vore veldig greit. Ungane leiker seg så fint i nabolaget der vi skal flytte og vi må nytte timane vi har til viktigere ting enn å gå å drive dank. I alle fall når det fra torsdag til mandag blir heilt arbeidsstopp. Då skal vi i bryllup i Skånevik, så då skal vi bare slappe av. Det kan vi trenge. I alle fall Trond. Han ser så sliten ut at eg reint vert bekymra for han. Han trenge virkelig ei frihelg til å tenke på anna enn hus og prosjekter...

På lørdag fikk vi en liten aning av ka sommer er her. Då var sola framme og det var varmt nok til å gå i t-sjorte. Men "lykka kan en ikkje ha i all evinnelighet"... I dag kom regnet igjen og det ser ikkje ut til at det har tenkt å stoppe...

So much for this time...
C ja.....

Ingen kommentarer: