05 mars, 2007

Full rulle!








E det ikkje rart? Ei stund så skjer det ingenting og i neste så er det fullt belegg? Det e litt sånn no. Denne helga har det vore full rulle. Ungane har venta og venta på at onkelen skulle komme og denne helga kom han! Men dei hadde egentlig ikkje tid til å snakke med han. I allefall ikkje Adrian. Men e det ikkje ofte sånn då? At det er ventetida som er mest spennande?
Uansett. Det er alltid kjekt å få han bror heim.


Eg håper berre ikkje han bror ligg heime i Bergen og spyr no, for her hos oss braut spysyka ut for fulle mugger i går. Torje hadde den på onsdag, eg hadde den på fredag. Dvs. eg trudde det var "matforgiftning" fordi eg blei dårlig rett etter at eg hadde spist kyllingsalat og eg blei bra med en gang den var komt i reprise. Men det var nok ikkje salaten si skyld likevel... I går ettermiddag blei Adrian sjuk og seint i gårkveld var det Marthea sin tur. Og rett før fuglane feis i dagmorres måtte Trond til pers. Så no har vi alle hatt sjuka og eg er redd for at det er fleire som har vore på besøk hos oss i helga som ufrivillig har fått arve den. Men men, sånn e livet. En dør ikkje av spysyka...berre nesten.


Men spysyka er ikkje det einaste virusangrepet her i Røverhuset denne helga. I dag fann AVG'n min heile 28 trojanske hester!!!! Men med eit skikkelig artelleri så måtte dei gi tapt heile gjengen. Takk til Arne som gav meg ein skikkelig "viruskillercocktail". No har eg hatt nytt søk og scan og ingen virus er funnet!
Mest av alt er eg veldig imponert og stolt over å ha klart å fikse det heilt uten hjelp. Eg blir berre bedre og bedre. Så no har eg installert heile fire forskjellige viruskillere og spioner, så no skal eg, i følge Arne, være sikra mot ALT. Det var til og med hester i det antivirusprogrammet som var på maskina! Han trudde nok han var trygg der, men dengang ei! Eg har skutt virus med kanon i heile dag! INGEN slapp unna!

Eg må berre fortsette å skryte av mine datakunnskaper. Eg klarte heilt av meg sjølv å finne driver til printeren i går OG få installert den. E EG FLINK ????
JA, selvfølgelig. (Sjølvskryt skal en lytte til, for det kjem fra hjertet)


Ellers så har eg sunge i årets første bryllup i helga. Det var koselig og eg sippa som vanlig mens paret gjekk til alters. Alt som det pleier å være med andre ord...



Eg har også gått til anskaffelse av nytt fotoapparat! Ved å synge litt her og litt der så har eg altså spart meg til digitalt speilrefleks kamera! Foreløpig er eg på svært så nybegynnernivå, men øvelse gjør mester heiter det og derfor så har eg begynt så vidt. Eirik har vært så snill å låne meg boka si, så no skal eg begynne å studere.


Eg har foresten fått meg en ny hemmelig venn det er FLY lady og ho skal hjelpe meg til å få orden på ting og tang her i huset. Eg seie ikkje meir. Håper berre ho er så god som det virker. Kan røpe så masse som at kjøkkenet hat vore strøkent i heile to dager no!!! Og det heilt uten mas. DET er kanskje ikkje nåkken bragd, tenker du, men for meg er det faktisk det. For eg er verdens største rotehaue! Og eg bur sammen med fire andre rotehauer! Den siste er så liten at han kan eg ikkje skylde på... Men no skal det bli andre boller. Ungane og vi voksne har fått dagsoppgaver og så får vi sjå koss det går...


NO har eg fått med alt, trur eg.




Ha det fint. Vi ses nok igjen om ikkje så alt for lenge.

1 kommentar:

Eirik sa...

Her e alt vel! Ingen spying, bare jobbing! ;)