24 mars, 2007

"Helvetesveka"

Ja, så du meiner det var på tide at eg oppdaterte no? Kanskje det, ja. Det er berre det at oppdateringa blir slukt av tidsklemma. Den siste veka har vore særs hektisk. Spesielt ettersom Trond har jobba kveldsskift. Det har med andre ord vore den såkalla "helvetesveka". Så om du no set deg godt tilrette i stolen så skal eg fortelle deg om ka "helvetesveka" har inneholdt denne gang.

Sist lørdag var vi i familieselskap. Då feira vi bestefar sin 80-års dag. Det var veldig kjekt. Søndag stod vi tidlig opp og begynte å bake kake. Dvs. det var ikkje så masse å bake siden vi hadde vore så lure å ta med alle kakene fra 80-års dagen opp til oss. Men den obligatoriske geleen måtte lagast. Ut på ettermiddagen blei huset heilt fullt av folk som kom for å feire Torje sin 3-års dag. Vi måtte feire den en dag for tidlig, men det brydde no ikkje han seg om. Det blei trangt, men "der det er hjerterom er det husrom" heiter det seg, så det gjekk bra. Han var høgt oppe når kvelden kom og det virka som om han aldri hadde tenkt å lukke augene og sove seg fram til den skikkelige bursdagen neste dag.

Mandag morgen var eg tidlig oppe og lagde frukost til heile gjengen. Torje fekk skive med tre lys på og var kjempefornøgd. Men han hadde ikkje tid å ete, for det viktigste var jo pakken! Han blåste ut lysa og gjekk i gang med å pakke opp. Veldig spennande. Han fekk seg ei sjørøverskute og blei kjempeglad for den. Så var det berre å komme seg i barnehagen. Der hadde dei laga krone og teiknebok. Han var heilt i ekstase. Kjempefornøgd med å være i fokus heile dagen.
Nåkke meir feiring blei det ikkje den dagen. Trond gjekk på jobb, og det gjorde eg og. Då er det godt å ha ei oldemor og ei bestemor som kan stille opp og overta. Siden eg er på jobb mandag tirsdag og onsdag så blei det til at ungane måtte være med dei alle dei dagane.

Men denne veka blei det litt ekstra. Torsdag var det klart for å reise til Førde på Masterclass i sang. For deg som ikkje veit ka det er så går det ut på å stå og synge forran fleire andre sangere og en sangpedagog. Når en er ferdig å synge så begynner pedagogen å "pirke" på det en har sunge og på den måten får både den som synger OG dei som høyre på lære masse nyttig. Det var eg, Kristin, Kristian og Stian (Kul navnerekke, egentlig) som reiste innover. Pedagogen som hadde Masterclassen var ei svær russisk dame som har sunge på dei fleste store scener i verden og som no underviser i klassisk sang i Paris. Det var veldig spennande og eg kom jo veldig godt fra det, kan en sei. Sånn heilt uten å skryte fekk eg beskjed om å komme meg ut i verden og delta på store sangkonkuranser. Ho ausa ut av seg så mykje ros at en sunnfjording ikkje heilt veit koss en skal takle det. Ho ville endåtil bygge eit arkitektteikna hus til med der eg kunne ha plass til mann og barn, hvis eg absolutt måtte ha dei med meg... Ikkje rart eg blei litt rett i ryggen den kvelden. Så no skal eg legge meg i selen og plukke fram den klassiske musikken igjen.
mens eg var i Førde så var ungane hos oldemor og feira 80-års dagen endå ein gong. Etter at dei var ferdig så gjekk dei heim til mamma og pappa og der fekk dei prøve det nye boblebadet. Det gav vist meirsmak, for Marthea har planer om å gå ned der og bade KVAR gong ho er skitten... Ungane låg der nede. Bortsett fra Bendik då. Han må jo koblast til meieriet et par gonger i løpet av natta så han henta eg når eg kom heim fra Førde.

Og no er det helg igjen og vi skal gjere unna resten av bursdagsfeiringa til Torje i morra. Då kjem vennene hans og dermed er det berre å gjere seg klar for kakebaking igjen. For min del så blir det berre baking. Ikkje en liten smak engang. Det er del to av mitt kroppslige opppussingsprosjekt som er begynt. Eg skal prøve ein måned med Sten Sture Skaldemann sin filosofi og sjå om det gir resultat. Gjer det det kjem eg til å fortsette. Enkelt forklart går det på å kutte ut ALT sukker og stivelse. Så får vi sjå koss det går. Har holdt ei veke no og eg liker tendensen, kan en sei...

Men no må eg stikke. Skal hente ungar i bursdag. Kanskje eg kjem innom med nåkken bilder seinere i dag...

Ingen kommentarer: