06 mai, 2005

Takst og pollen...

Jaja... No har takstmannen vore her, og det e bare å vente på "dommen". Har ett håp om at det ikkje blir så alt for gale... han hadde ingenting å klage på i alle fall.
Uansett så får vi nok ikkje det som Din Side rekna ut... Svimlande 2,2mill... Keep on dreaming seie no berre eg. Vi får bare vente og prøve å holde svermen av sommerfuglar i sjakk.
Har vore på by'n og handla med bestemor i dag. Vore på Aroma og ete salat og vore på gartneriet. Men det e jo så kaldt ute at eg fekk neglebet av å være ute. Godt vi ikkje reiste til Reed i helga likevel. Dei andre er reist opp og eg kan ikkje sei eg misunner dei... Kaldt og surt ute, gir som regel sure barn og voksne... Det e gale nok med krangling her heime om ikkje vi skulle hatt endå mindre plass for oss sjølv... Sånn som ungane kranger så blir det no ikkje reist på tur uansett vær... Skjønner ikkje at det går an å krangle SÅ masse som dei gjere. Dei kranglar om absolutt alt!!!

Han Arne ringte meg i dag om synging i morra. Kristin har mista stemma igjen og då må eg trå til med mi røyst... Kan ikkje sei at den e heilt restituert etter knekken sist, men den får duge i morra. Det skal være borgerlig konfirmasjon i morra og dei ville ha litt sang og glede fra Kulturskulen.

Ellers trur eg at eg har fått pollenallergi:( Nåkke så irriterande! Har aldri vore allerisk mot nåkke som helst og no klør eg i nasen og halsen og er tett i pappen.. D.v.s tettare enn eg e te vanleg:)

Jepp det var det...

Ingen kommentarer: