19 desember, 2011

Hu hei kor det går!

Oisann. Plutselig hadde eg glømt å blogge og så var det gått fra 17. til 19. på et blunk. Det er ganske utrolig kor fort tida går no før jul. Eg har en følelse av å henge på slep etter en bil i fart. Eg veit at eg kjem fram, men det blir i en anna tilstand enn om eg satt inne i bilen. I går fekk eg laga Lussekatter med skikkelig safran. Det smakte akkurat som lussekatter med gurkemeie. Men dei var gode. Og så laga eg sylteflesk. Det står fortsatt i press i kjelleren. Trur det skal få stå der ei stund, for når det er ferdig er eg redd det blir oppspist fortere enn fortest. No i kveld har eg, mamma og pappa vore på ungdomskulen sin julekonsert. Det var veldig bra. Flinke ungdommer fekk virkelig vise kva dei kunne, og det var ikkje småtterier. Og for en gangs skyld stod Adrian framme slik at det var mulig å få sett han. Eg begynte på juleferie i dag! Det skal bli veldig deilig å sleppe vekkerklokke og travle morgener. Heldigvis har eg unger som ikkje våkner før fuglane fiser og som, om dei gjør det, klarer å ståmopp og passe seg sjølv ei stund. Godt med store unger. No har min flotte mann laga mat til meg, så då må eg vel avslutte og spise litt.

Ingen kommentarer: