04 desember, 2011

I gamle fotefar...

I dag er det en skikkelig sløvedag. Enn så lenge... Vi er fortsatt på Takle og vender nasa heimover om ikkje så lenge. Konserten i går gjekk veldig fint. Det var ikkje så mange folk, ca 40 stk, men dei som var der var veldig fornøgde og tilbakemeldingane har vore udelt positive. For meg har dette vore eit av dei oppdragene som ein berre må utføre og no er det unnagjort og bestefar er stolt og kry over det eg har fått til. Det gir ro i kropp og sjel. Men no er det nok sjølvskryt. Bilder etter konserten kjem ettekvart, og om du vil få med deg begivenheten så blir det konsert på kystmuseet neste søndag. Å være på Takle bringer fram mange gode barndomsminner. Her er nesten alt slik det alltid har vore. Dei samme bildene, dei samme luktene og det einaste som mangler er dyrene i fjøset. No står snart betasuppa på bordet og storfamilien skal ete før turen går heimover til Florø. Så får vi satse på litt bilder utpå kvelden når eg er komt heim til pc og trådløst netteverk...

Ingen kommentarer: