07 desember, 2011

Men smøret mitt får du aldri!

I dag har en del av butikkane i byen fått ny leveranse av smør. Og heilt ærlig hadde eg aldri trudd at eg nokon gong skulle bli en av dei som står i kø for å få tak i smør, men det gjorde eg altså i dag. Eg er egentlig imot hamstring. Eg meiner det alltid finnes et alternativ og at det stort sett løser seg før det blir krise. Men no kjente eg at det rett og slett var i ferd med å bli krise. Bare tanken på å gå tom for smør no før jul gav meg hjertebank. Å gå tom for smør er rett og slett krise i min lavkarboverden. No tenker sikkert du at det er jo nettopp på grunn av sånne som meg at det blir tomt for smør. Vi som sverger til lavkarobkost og mesker oss i fett heile dagen. Men eg trur nok ikkje at det heilt er lavkarbobølga som er skyld i at det er tomt for smør i butikkane. Det er nok meir sammensatt enn som så. og den diskusjonen overlater eg til nåken andre.
Men eg fekk no smøret på plass i kjøleskapet og no kan eg begynne å tenke på kva slags julebakst eg skal kaste meg ut i. Ein ting er sikkert. Her blir det mest mulig julebakst uten mjøl og sukker. Kjedelig, seier du? Overhodet ikkje. Det fins massevis av deilig lavkarbosnop. Meir enn en aner egentlig...
Men eg har ikkje tenkt å være sær i jula. Jul er jul og då er det lov å kose seg. Dessuten er det ikkje det du spiser mellom jul og nyttår som er "farlig", men det du spiser mellom nyttår og jul ;)

Men no er det nok lavkarbosnakk.

Dagen i dag fekk en litt anna start enn det eg hadde tenkt. Å våkne til 20 cm snø bør jo ikkje være en overaskelse i desember, men uansett så kjem det brått på når det ikkje er tegn til det når en legger seg om kvelden. Eg var bare sjeleglad for at eg ikkje skulle være på jobb til ni i dag, for då hadde eg hatt eit problem. det gjekk bra likevel. Eg fekk sendt dei to mellomste på bussen og så gjekk eg og Bendik ut for å måke snø. Vi fann ikkje snømåka, men vi brukte en kost og en spade og det gjekk heilt fint. Eg får egentlig litt dårlig samvittighet når eg blir så "sur" når det kjem snø, for ungane jubler. Dei kunne ikkje komme seg fort nok ut i snøen og plutselig var det heilt greit å ha på masse klær og dress. Håper berre at den blir liggande ei stund no...

Når det gjeld han som ligg i Førde, veit vi fortsatt ikkje meir enn at han skal opereres. Eg krysser fingrane for at en av dei som er sett opp på operasjon i morra eller på torsdag ikkje kan ta operasjon, for då blir han operert. Hvis ikkje så blir det operasjon den 14. desember. Det er jo ikkje så lenge til, men eg ville jo helst at det skulle ha skjedd i går... Men han er ved godt mot no og får nok smertestillende til å klare å komme seg ut av senga litt og det er bra.

Eg har også vore på bystyremøte i dag. Eg fekk ikkje være med heilt til slutt fordi eg mangla barnevakt, men eg fekk være med å behandle saka om Krisesenteret og det syns eg er ei viktig sak. Ikkje slik å forstå at dei andre sakene ikkje var viktige, men det er no engang slik at det er nokre saker en er meir engasjerte i enn andre. Møtet var ikkje slutt før klokka var nesten elleve, så det har vore eit langt møte. Det skal være nytt møte 13. desember og då blir det nok et minst like langt møte. Å være aktiv i politikken er ganske tidkrevande, men også veldig spennande.

No er klokka blitt alt for masse i kveld også, så eg får bare avslutte dagens innlegg. Ha ei fin desembernatt du også...

Ingen kommentarer: