07 desember, 2011

Hyggelig besøk...

En skikkelig vinterdag går mot slutten. I dag har det vore heilt greit med snø. Det er jo veldig fint når alt er kvitt og det glitrer av sol i snøkrystallene. Eg liker ikkje snø den dagen den kjem og den dagen den fer...
Ungane elsker det og dei to eldste har vore ute i fleire timer og aka. Raude i kjakane kom dei inn og ba om kakao til kvelds, og det fekk dei. Heldiggrisane!

I dag har eg vore på Kystmuseet og gjort forberedelser til konserten på søndag. Det blir veldig spennande. Håper bare at det kjem fleire folk enn det gjorde i Brekke. I Firda stod det i dag eit flott stykke om konserten. Det var Monica Reknes som hadde skreve det og vi fekk faktisk ei halv side! Men uansett så er det viktigste at vi som er med på prosjektet koser oss med det, og det er klart at hvis det var for å bli rike vi gjorde det, så kunne vi funne på noko anna å gjere. Bestemor og Bestefar på Takle er veldig fornøgde og det gir også gode følelser.

I ettermiddag fekk eg ei kjekk melding fra pasienten min. Røverpappaen har fått permisjon og pappa reiste inn til Førde og henta han i kveld. Det var godt å få han heim, sjølv om han absolutt er så dårlig at han ikkje er til noko særlig hjelp. Det er noko med å ha han i huset. No er det bestemt at han skal opereres på tirsdag, så han har fått permisjon fram til mandag. Vi krysser fingrane for at alt går bra.

Siden det er lite med lavkarbokost på sjukehuset var det ein svolten mann eg fekk heim. Vi har derfor kosa oss med ein deilig lavkarbo-nachos til kvelds. Det smaker like godt kvar gang. Så no skal eg finne bingen sammen med min mann. Han er jo som sagt ubrukelig til det meste for tida, så det blir vel berre å lese ei god bok på senga før Jon Blund kjem...

Ingen kommentarer: