01 desember, 2007

1. Desember 2007


Då var det atter engang desember.
Måneden då alle store og små venter. Eg for min del venter på ei oppdatering! Ei oppdatering av den siste versjonen av UBUNTU! Slik at eg slepp å skrive blogginnleggene mine ørten ganger oppigjen fordi eit eller anna går i lås!!! Ja, eg er egentlig ganske sur akkurat no. Var akkurat ferdig med eit laaaangt innlegg om alt eg har gjort på i dag og i det eg skal trykke på lagre- og publiserknappen, så går maskina i lås og eg må skrive alt på nytt!!! Då er det faktisk lov til å bli sur! Eg syns jo at en skal få lov å være sur når en vil, bare det ikkje går ut over andre. På den andre sida: Kva oppnår en ved å gå rundt å være sur heile tida? Ingenting!!! Bare at en blir meir sur sjølv og at en kanskje "smitter" uskyldige. Så derfor så lar vi bare være å være sure. Ikkje sant? (Bortsett fra når pc'n klikker!)

I dag har eg hatt en travel dag. En sånn dag som eg atter en gang har lovt meg sjølv å ikkje ha. Eg har vore på øving sammen med Kirkekoret til konserten i morra. "De Hellige tre Narrer" skal framførast i morra rett etter at julegrana er tent. Så då får eg ikkje det med meg i år heller. Neste år skal eg gjør som Adrian ba meg om å gjør i dag: Eg skal sei nei til å synge på nåke anna enn Lillejulaftakonserten. Det blir berre stress og det skal eg jo ikkje ha. Følgene av stress har eg akkurat vore igjennom enno ein gang, og det er så fælt at det vil eg prøve å unngå.
Etter øvinga var eg og sang i bryllup. Det var jo bare kjekt. I allefall med Lisbeth ved pianoet. Det gjekk kjempefint! Ikkje heilt vanleg å gifte seg i desember, men kvifor ikkje? Fine var dei i allefall både store og små.

Det å gå mot jul setter tankane i sving hos oss alle. Vi tenker på alt som skal gjerast og ikkje minst på alt vi burde gjort, men som vi ikkje rekke å gjere. Mi oppfordring til alle må være: Senk skuldrane. Det blir jul sjølv om ikkje kakeboksane er fulle, og sjølv om ikkje salmiaklukta river i nasen. Det har i allefall eg bestemt. Det er så lett å gå i den fella der vi blir så fokusert på det praktiske, at vi gløymer det som jula handlar om. Kjærlighet! Det å dele tiden sammen med mennesker som betyr nåke for ein. Mennesker ein er glad i.
I år skal eg gje ei heilt spesiell gave til ein heilt spesiell. Ei samling av gode tanker og ord. Kanskje det er ein ide for fleire?
Eg syns vi er alt for lite flinke til slike ting. Sei tildei rundt deg at du setter pris på at dei er der. Sei det mens du har sjansen til det.
Det med tankane i sving fekk eg oppleve i går. På vei heim fra byen med Marthea i baksetet. Ho var stille ei lang stund (det er jo spesielt i seg sjølv) og så kom det: "Mamma? No når det er jul, så blir jo Jesus født. Men han blei jo født i fjor òg... Og så døde han når det blei påske. Korfor får Maria bare nye Jesusbarn når dei må dø om påska likevel...?" Ja, sei det... Det er vel dette vi kan kalle filosofi ;) Eg måtte sjølvsagt inn med litt bibelhistorie og forklare korleis det egentlig er.

Ellers så kan eg med glede melde at den berømte Loftnissen har flytta inn på loftet i Røverhuset. Han har jobba hardt. Det hang massevis med pakker i taket i stua i dagmorres. Han hadde til og med vore inne i kjøkkenskapet og stjelt godteposane som låg der. Det hadde Adrian funne ut. Og så kom det eit brev dettande ned fra loftsluka når vi skulle gå på loftet i dag. Der fekk dei beskjed om å skrive ned alt husarbeidet dei er med på. Og så vil det vanke ekstra overraskelser... Ein kjekk kar han på loftet. Både for store og små... :)

Dagens og årets første dikt handler om vennskap. Det er meint som ei takk til alle dei som eg får kalle mine venner. Ta det gjerne med deg videre og del det med dei du bryr deg om...


Venner for livet

Lyttende ører
som forstår
gir lettere bører
leger sjelens sår

Tanker som deles
en hjelpende hånd
sorger som kveles
av vennskapets bånd

Smil blir til tårer
og tårer til smil
sannhet som sårer
men fjerner all tvil

Evig fortrolighet
i riktig og galt
et vennskap med ærlighet
tåler alt

No skal eg krype i bingen og glede meg til å bli ferdig med konserten i morra.
God natt.

Ingen kommentarer: