09 desember, 2007

Magi?


Så tenner vi to lys i kveld.
To lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er til stede.
Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.

Då var den andre søndagen i advent snart over. Endå ein fin dag.
Vi har bare gjort familieting i dag og det gjer godt.
Etter frokost var vi heile gjengen i Havhesten. Det var «Loftsnissen» som hadde bestemt det.Fire sekker låg ferdigpakka på kjøkkengolvet når ungane stod opp. I tillegg låg det en lapp der det stod. «God tur til Havhesten». Det var veldig kjekt. Torje er ikkje redd vatn lenger og Bendik kosa seg. Då går det an å reise inn oftere. Egentlig hadde eg tenkt at det kunne være et nyttårsforsett, men eg veit vi ikkje klara å holde det, så derfor dropper vi det. Vi får berre prøve å bli flinkere.

I ettermiddag var vi i Kirkeparken og såg på «Ein stall og eit spel». Det er første gang eg har sett det. Dei andre åra har eg vore med sjølv. Det var så godt å få stå å ta imot for en gangs skyld. Fleire ganger rann tårene. Veit ikkje heilt korfor, men det var nåke heilt spesielt med det å sjå på sammen med ungane. Det blei litt magisk på en måte. Ein fantastisk effekt var dei to som satt og spilte Djembe under heile spelet. No er jo eg litt ekstra glad i djembespel, men det var så deilig å stå å høyre på. Lyden planta seg godt nede i magen. Eg lurte ei stund på om eg skulle kidnappe en av dei og berre ha han i stua mi. Der kunne han sitte og spille for meg heile dagen... Det hadde vore deilig.
Spørs ka Trond hadde syns om det...
Eg skal i allefall ha meg en Djembe sjølv slik at eg kan lære meg det skikkelig. Og så kan eg jo kanskje spør en av dei to i parken om å lære meg litt... Det er sikkert en mykje bedre idè.

Ellers i dag så har eg ikkje fått gjort nåkke. Bestemor har vore her og lagt sammen nåkken klè som har stått i stua i fleire dager. Eg hadde vel egentlig håpa at dei med tida skulle finne veien sjølv, men det gjorde dei ikkje, så då er eg glad for at bestemor forbarma seg over dei i dag. Så får eg ta fatt på dei kleda som ligge nede på gjesterommet en anna dag. Denne veka skal eg berre på jobb på kulturskulen, så då får eg kanskje tid til å gjør nåkke. Men eg skal jo egentlig berre slappe av denne tida når eg er sjukmeldt... Uansett MÅ huset takast, for eg har oppdaga at det ikkje tek seg sjølv.

I kveld vil eg dele eit godnatt-dikt med alle dåkke som lese bloggen min. Og så vil eg be dåkke om å legge igjen en liten hilsen... Please...

God natt
God natt alle blomar i hagen.
God natt alle fuglar i tre.
God natt alle svivande tankar
som følgde i dagen med.

God natt kvikke spel ifrå bekken.
God natt linne sus av vind,
som stryk gjennom hagehekken
og uroar dagdraumen min.

Svevnen har mjukare tonar
og linnare sus av song,
og stundom vakrare blomar
enn dagen har nokon gong.

Svevnen gjer blidare tankar,
og draumane natta ber
på villare vegar vankar
og fagrare syner ser.

Så var helga slutt og eg får gjer meg klar til ei ny veke.

Ingen kommentarer: