06 desember, 2007

Slappis


Unnskyld... Det blei ingen blogging i går... Grunn? Eg glømte pc'n på jobb. Sånn kan det gå...

Jaja. Då får eg berre blogge litt meir i dag då.
I går var eg på jobb på Kulturskulen. Det er så kjekt! Bare masse sang og musikk og leik heile dagen. Drømmejobben egentlig. No er det litt travelt fordi vi held på med årets julekonsert og siden det er meg og Kristin som har regien på den i år, så blir det litt ekstra... Vi har hodene våre fulle av tanker og ideer som for oss er logiske og enkle, men som for de andre ikkje er det. Likevel koser vi oss voldsomt med jobben. Det er så godt å kjenne at en blir full av energi.
Energi trenger eg for tida. Eg skjønner ikkje at det går an å bli så sliten og trøtt og uttafor når eg berre gjer det eg liker. Men det går tydeligvis an og eg må berre ta konsekvensen av det.
Eg prøver å overbevise meg sjølv om at fire små er en jobb. No begynner eg å tru på det. Kunne bare ønske andre også gjorde det...

Tilbake til gårsdagen. Det var øving i damekoret i går. Korzett. Utrulig kjekt. Masse latter og fin sang. Vi begynner å bli bedre kjent med kvarandre no og då sitte latteren litt lausere. Det er så befriande. Vi øver på julesanger no. Det er jo tross alt Desember. Det er en nydelig klang i koret og det er nesten litt synd at ikkje andre skal få høyre det. Vi får satse på en konsert til våren, trur eg. Det er nok å styre med no før jul. Eg, for min del, skjønner ikkje koss eg skal få tid til alt.

Eg satt her om dagen og såg på kva eg dreiv på med sist desember... Då var vi i full sving med å forberede barnedåp. Skjønner ikkje koss eg fekk tid til det. Men eg kom med igjennom det og.

I dag har eg ikkje gjort nåkke. Berre slappa av. Legens ordre. Dvs. slappa av så mykje som det går an å gjør med fire unger i huset. No skal vi i gang med å bake kakemenn. Det blir sikkert like kjekt som dei andre gangane... I år har eg ikkje koseforventninger til det, så då kan det hende det blir gøy.

Kjem tilbake seinere med dagens dikt og litt til...

Ingen kommentarer: