14 desember, 2007

Nei, eg har ikkje glømt det...


Jada. Eg veit ka du tenkte.At eg har droppa heile juleblogginga. Men den gang ei. Det er berre det at døgnet har for få timar. Dei to siste dagane har eg via all mi tid til kulturskulen og til mine barn. Onsdag var den store klassefestdagen. Adrian først på formiddagen og så Marthea på kvelden. Innimellom var det generalprøve med dei yngste på kulturskulen, og tiloslutt var det øving med Korzett.
Torsdagen var det Luciafrokost i barnehagen og full fart med forberedelser til Juleforestillinga til Kulturskulen. Det blei en suksess. Mulig eg er litt inhabil, men uansett så er vi veldig fornøgde med det ungane fekk til på scena. Sjølv om det er vi voksne som har organisert og planlagt, så er det ungane som står for det ferdige produktet og det er dei som skal ha æra for det. Bilder og omtale kan en sjå på firdaposten si nettavis.

Så no kan julefreden senke seg. I allefall sånn halvveis.Den store julekonserten gjennstår, men den går sin gang uten mas og kjas. Har faktisk vore på øving der i dag og det låter kjempebra. Nydelig klang og en veldig presisjon. Eg har trua på at dette blir ein kvalitetskonsert. Kjekt at Korzett også skal få framføre ein sang heilt aleine.

Dei siste dagane har vore innholdsrike. Både på godt og vondt. Ei trist hending var at onsdag kveld tok det full fyr i julekrybba i kirkeparken og alt brann ned/opp. Fryktelig trist. Ein har blitt så vant til at denne krybba står og "skin" i heile desember og på ein eller anna måte skaper den en ro. Fryktelig trist då at alt er borte og ødelagt. Håper berre at nokon orker å ta fatt på arbeidet med å lage ei ny slik at denne tradisjonen kan få fortsette. No heng det berre ei einsleg stjerne igjen i ein tretopp i kirkeparken. Den dinglar fram og tilbake som om den leitar etter stallen... Staaaaakar... Godt var det at dette skjedde om kvelden slik at det blei oppdaga fort. Det kunne jo godt skikkelig gale dersom det hadde skjedd midt på natta. Det er bra tørt ute, trea i kirkeparken er ganske rotne og stallen stod forholdsvis nær kirka... Men det skjedde ikkje og takk for det.

Dagens dikt:

Det blømer en rose.

Det blømer ei rose i vinternatt,
eit under i dødens velde.
Så edel ei rose - i klungerkratt,
her står vi ved Livsens kjelde.


Det blømer ei rose i frosen jord
der kulde og natt får råde.
Ho løynt er for den som er stolt og stor,
men barnet får sjå - av nåde.


Det blømer ei rose så bjart og klår,
alt farga av kross og kvide.
Ho fargen sin ber av dei slag og sår
som Herren ein gong må lide.


Det blømer ei rose i vinternatt,
der finn vi Guds kjærleiks gåte,
ei angande rose, ein himmelskatt,
Guds under - hans fred og nåde.

Ingen kommentarer: