08 desember, 2007

It's a beautiful day


No holdt eg på å glømme heile greia. Eg har kosa meg sånn i dag at eg egentlig ikkje hadde tenkt å ta fram pc'n i det heile tatt. Men no i kveld kom abstinensane...

I dag fekk eg sove til halv ti. Eller "sove" er vel heller meir rett. Ungane stod opp klokka halv åtte og då var freden over. Heldigvis er dei to så store no at dei kan passe dei to andre. Sjølv om det blir endel krangling og grining så den djupe søvnen blir det ikkje. Men eg slapp å stå opp og det er jo det som er poenget.Etter frokost var vi en tur til byen. Fekk handla endel julegaver. Eg trur det begynner å nærme seg slutten av gavelista i år, og det gjer meg i godt humør berre det.

Dei tre eldste har vore på juleverksted hos bestemor og bestefar i dag. Dei har mala og limt. Det blir masse flott å ta med heim når produktene har fått seg en runde i ovnen til ho mor. Dei var så stolte.
Adrian har vore med Amalie i heile dag. Det er så kjekt at han har fått seg en god venn. Her om dagen kom han og sa:" Mamma, ho er en skikkelig venn. Det veit eg fordi ho venta på meg når ho sa at ho skulle det. Ho gjekk ikkje..." Det er vel det en kan kalle skikkelig vennskap.

No i kveld har vi laga oss god kvelds. Biff med full pakke. Det var kjempegodt. Eg fatter ikkje korfor det tar så lang tid å lage maten når en blir så fryktelig fort mett.
Vi har hatt det så koselig i dag. Fyrt i peisen og masse levende lys. Det med fyr i peisen er ikkje berre kos. Det går greit når det blåse ute, men vi har så vanvittig dårlig trekk i pipa, så på sånne kvelder som i kveld blir det litt masse røyk i stua. Men vi overlever...

Så får vi satse på at det blir en like kjekk dag i morra. Det er vel egentlig berre å bestemme seg for at det skal være en kjekk dag. Det er tross alt vi som gir den innhold sjølv.


Gode tanker vil føre til gode gjerninger,
og dårlige tanker vil føre til dårlige handlinger.
Hat stoppes aldri av hat
hat stoppes bare ev kjærlighet.
(Buddha)

Ha ei fortsatt god helg.

Ingen kommentarer: