07 desember, 2007

Rein nytelse.


Sjå den flotte gjengen!
Dei er berre heilt fantastiske. Eg er kanskje inhabil, men heldigvis for det.
Bildene tok vi hos Cecilia Molander. Eg er kjempefornøgd. Ikkje berre med dette bildet, men med alle dei andre bildene ho tok også. Uansett så er det en fin bukett.

Dagen i dag har også vore fin. Har vore til byen og ordna litt og kvart og så har eg og Marthea vore med bestemor på gravplassen. Min oldefar hadde vore 105 år i dag dersom han hadde levd, så derfor var vi på grava med lys og blomster. Marthea er i skikkelig død- og begravelsemodus for tida. Ikkje veit eg korfor, men ho er veldig opptatt av "de store spørsmåla".
Ho kjøpte med seg ein dompap og ei stjerne som ho la på grava til oldefar.

Vi har hatt øving på Kulturskulen i dag. Det blir kjempebra. Eg satt med klump i halsen fleire ganger. Skjønner ikkje korfor eg skal bli så sipete. Blir jo berre verre og verre. Spesielt når unger synger. Då må eg ta meg skikkelig sammen... Nydelig blir det i allefall.

No er det endelig helg igjen. Ei helg HEILT uten planer. Det er utrolig deilig. I morra skal ungane på juleverksted i Auklandsveien. I år skal Torje få være med også. Dei får det nok kjekt. Ellers så er det Julespel i Kirkeparken på søndag og det trur eg vi skal prøve å få med oss i år. I fjor var det full storm og barnedåp den dagen, så derfor fekk vi det ikkje med oss.
Men no er det fredagskveld. Vekas helligste dag. No skal eg snart sette meg godt til rette med deilig mat og eit glass vin og bare nyte. Nyte å ha hatt ein fin dag. Nyte å ha funne en slags ro. Nyte å ha en fantastisk mann og nydelige barn.

Kva passer vel bedre i kveld enn eit barnedikt?

Fire år

Min vesle ven eg ser kor augo smiler,
og høyrer kor du djupt av lukke lær,
der fullt av tiltru du i mot meg stiler
så fort som dine kvikke føter ber.

Og når du trygg og glad i armen kviler,
eg ynskjer at eg støtt får bli deg nær,
og bere deg dei mange motgangs miler
som eingong ventar deg på vegen her.

Velsigna vere åra du er hjå meg,
før du kjem ut i verda og veks frå meg,
eg sit einsam att og eldest av.

Men kanskje då når dagen kring meg bleiknar,
når augo dimmest og når foten veiknar,
vert du mi leidarstjerne og min stav.

Jacob Sande

Kos deg i kveld du og. Nyt alt det gode du har omkring deg.

God helg!

Ingen kommentarer: