30 desember, 2007

Snart er 2007 historie...


Ja då var nok eit år snart over. Rart i grunn. Syns liksom at det ikkje er så lenge siden det var nyttår. Når eg fekk barn var det ein som sa til meg at NO kjem du til å merke kor fort tida går. Han fekk jammen meg rett. Tida fyke avgårde og det som en trudde skjedde i fjor var det plutselig fleire år siden. Men egentlig så tar eg det som eit godt tegn. Tenk så fælt om tida nesten stod i stampe. Om dagane snegla seg framover og eit år var nesten som ei heil evighet. Det hadde vore verre. Mykje verre. Når dagane fyker så er det jo eit tegn på at en har innhold i dagane sine og at en har nåke å gjere på. Så derfor syns eg det er greit at tida fyke.

Det blei ikkje blogging på meg dei to siste dagane før jula. Eg var jo på den årlige konserten, som forøvrig gjekk heilt strålande. To stappfulle kirker og en utrulig god stemning. Det var som balsam for ei stressa sjel. Håper bare Kristin vil ta den neste år også. For det at det gjekk så bra og at sangerne var så trygge er KUN hennes fortjeneste. Ho er bare best!

På julafta hadde vi det også heilt supert. Vi var på frokost hos mamma og pappa og så gjekk vi heim og bare kosa oss og slappa av. Det var egentlig litt nytt for oss, fordi vi har pleid å bruke julafta til å kjøre rundt pakker. Det gjorde vi unna dagen før og det skal heretter bli en tradisjon. Så i år fekk vi sett både "Tre nøtter til Askepott" og "Reisen til julestjerna" og "Disney's Jul". Det var stille og rolig og alt gjekk som på skinner. Heilt fantastisk.
Men når Sølvguttane begynte å synge klokka fem, braut kaoset ut. Då skulle middagen bli ferdig, ungane skulle kleast på, bordet dekkes og vi voksne fjelgast. Når då tre unger bare går rundt og tripper og syns tida går ALT for seint, så blir det litt kaos, men det er vel sånn det skal være på ei julaft i en stor småbarnsfamilie. Eg tenker at om nåken år så savner vi det.
Julekvelden var også fin. Ungane fekk det dei ønska seg mest, Mobil, Sminkedukke og Sabeltannskute. Ellers så fekk dei masse fine klær og det var også stor stas. Vi var spent på koss Bendik kom til å takle alle pakkane og alt styret, men det gjekk kjempefint. Han syns egentlig at det var kjekkast å sitte under treet oppå pakkane, men han kosa seg med dei pakkane han åpna og var i storform heilt til alt var pakka opp. I år var det ikkje så voldsomt masse pakker heller. Det syns eg var godt. Vi brukte vel ca to timer på å få unna alt og når det var over var alle godt fornøgde.
Litt seinere kom onkel Arne, tante Marit, Tine, Jeanett og Beatemor på besøk. Det var veldig koselig. Vi har jo alltid hatt det sånn at vi har gått til bestemor når vi har vore ferdig, men i år kom alle til oss. Lettere det enn at vi skal flytte på fire trøtte små.
Eg og Trond fekk også masse flott. Det beste eg fekk var nok gaven fra Trond. En iPod Touch. Eg som aldri har hatt en iPod i hendene fekk den siste og beste av dei alle. Heilt supert.
Trond fekk ny telefon av meg. Ellers så fekk vi fine gaver av ungane og vi fekk penger både av mine og Trond sine foreldre. Dei skal nok få bein å gå på når det blir salg...

Så alt i alt har det vore ei fin juletid. Vi har fått slappa av og kosa oss akkurat slik vi hadde ønska. Huset var ikkje strigla og vaska i kvar en krok, alle dei sju sortane var ikkje baka, utenfor huset såg det ikkje ut, men det blei jul allikevel!

Så no står eit nytt år for døra. Og eg er vel ikkje så ulik andre når eg seier at i år skal alt bli så mykje bedre. Eg har tru på det og i år ser eg at det faktisk er mulig å oppnå det også. Med mindre jobbing på meg og meir tid til å planlegge og få unna det som må gjøres. Så lenge eg har trua er det i allefall håp.

Så då gjennstår det bare å ønske alle sammen et godt nytt år. Håper det blir eit år med masse godt innhold og gode minner til framtida.

Hadet på badet.

1 kommentar:

Jeanett sa...

God nytt år til deg og dine =)