06 desember, 2008

en salig blanding av ingenting...

Endelig en dag full av ingenting.
Har vore heime her stort sett i heile dag.
Var sjølvsagt i hallen og såg på Marthea som spelte handballturnering.
Eg og Jeanett og dei to yngaste var oppe og såg den siste kampen hennes.
Det var sjarmerande. Holde ballen i hendene, gå tre skritt, late som du kaser på mål,kaste den til en av dei andre på laget og den kaster ballen mot mål. Step by step i praksis.
Ho var ikkje så opptatt av kem som vann. Ho var meir opptatt av at ho var flink i mål ;)
Og det var ho! Ho slapp inn berre eit mål og så scora ho fem. Bra det i sin første handballkamp!
Ho elsker det og det elsker eg. Fysisk aktivitet er viktig både for liten og stor.

Ungane har vore på Juleverksted i dag. Dei kosa seg skikkelig.
Bendik var heime med meg. Han må nok vente til neste jul før han får være med. Juleverkstedet blei avslutta med Gløgg og Kakemenn,
og då fekk eg og Kristin og Bendik lov å komme også.

Ellers så har eg vore på legevakta i dag. Eg er full i brystbetennelse! og det heilt uten å amme. Syns det er skummelt. Prøvde å lese litt om det på nettet, men det gav eg meg fort med, for det var i allefall skummelt!
Får spise medisinen min, og håpe på at det ikkje er nåke anna enn en betennelse...

Eg hadde jo planer om at eg skulle bake litt i dag, men siden eg ikkje har vore heilt i form så lot eg det være. Vi får se i morra... Då skal eg heller ingenting. Bare være inne og slappe av. Akkurat som eg hadde tenkt.

Kveldens dikt er skrevet av Alf A. Sæther. Et vakkert dikt som eg er blitt veldig glad i.

Lærdom

Å elska
er å vera stille
nesten heile tida
og ha varme hender.

Å elska
er ikkje å vakta,
men å sjå ein annan veg
til rett tid.

Snakk ikkje om ekstasen
når du meiner
kjærleiken.
Dei bur på kvar sin stad
og møtest
sjeldan.

Snakk heller
om å gå til fots
gjennom ti tusen kvardagar
og aldri halda opp
med å vera den rette.

Å elska
er å tenna lys
og tørka tårer,
natt og dag.

No var eg i ferd med å gjøre det store!
Tenkte eg skulle pynte litt på bloggen, og så trykte eg feil og sletta alt eg hadde skreve. Heldigvis var det en trylleknapp, så eg fekk alt sammen opp igjen. Hvis ikkje hadde det ikkje blitt nåkke bloggings i kveld! Så no var vi heldige...

Får gje meg mens leiken er god.
God Natt!

Ingen kommentarer: