16 desember, 2008

Hjemkomsten...

Det skal bli andre bollar når papen kjem heim....
Ja, i kveld fekk eg mannen i mitt liv heim til jul. Så deilig å skulle være to resten av dagane fram til jul. Eg er som kjent ikkje komt heilt i mål med alle ting, men det er no enno ei veke att... Og som sagt; alt går!

På jobb i dag fekk vi sjå "jul hos Kystnissane". Forestillinga vår fra fredag. Det var veldig kjekt å se det. Oppdaga at vi langt på vei har fått til akkurat det vi ville. Det trauste og rolige samtidig som magien og mystikken hadde sin plass. Planen er at dette skal leggast ut på heimesida til kulturskulen så då er det bare å stikke innom og sjå...

Eg og Marthea har vore på julefest med klassen hennar i kveld. Ein veldig kjekk julefest. Ungane er kjempeflinke og dei hadde øvd inn program for ein time. Det var julesanger, dikt, sketsj, pianospill, trommespill og tilslutt eit skikkelig blokkfløyteorkester. Og eg må bare ærlig innrømme at eg, som absolutt meiner at den norske skolen må finne et anna instrument å drive noteinnlæring med, blei skikkelig imponert over det dei spilte. Veldig bra!
Høydepunktet på festen var selvfølgelig utlodninga. Alle hadde med seg en gave kvar og dei solgte 300 lodd! Men alle premiane gjekk til under halvparten av elevane, så det var mange snurte småbarn... Men då er det godt å ha kloke lærere! Dei tok med seg alle dei som ikkje hadde vunne ut på gangen, og etter ei stund kom alle superblide inn igjen med kvar si tegneblokk! Då tenkte eg :"Dei to der har virkelig skjønt det!" Takk og pris for slike fantastiske lærere.

Tirsdagane pleier jo eg å ha date med Jeanett, men dei to siste tirsdagane har ho droppa ut. Kan ikkje skjønne at Oslo er meir interessant enn å se Grey's med meg... Men eg fekk jo mannen heim midt i Grey's, så då var det ikkje så trist likevel...

Så no skal jula komme i Røverhuset også. Endelig...

I kveld vil eg avslutte med eit dikt som er barnslig og vakkert...


Til Betlehem
Skynd deg, vesle hesten min,
ri til Betlehem.
Jeg har spent fast salen din
og sitter trygt i den.

Skynd deg, vesle hesten min,
spring bakken opp i trav.
Jeg har tak i manen din
og faller ikke av.

Skynd deg, vesle hesten min,
spring til Betlehem!
Trave, trave som en vind,
dagen blir så sen.

Stanse, vesle hesten min,
vi er fremme nå.
Stjernen lyser stille inn
på julekrybbens strå

Det var alt for i kveld... Natta *

Ingen kommentarer: