14 desember, 2007

Nei, eg har ikkje glømt det...


Jada. Eg veit ka du tenkte.At eg har droppa heile juleblogginga. Men den gang ei. Det er berre det at døgnet har for få timar. Dei to siste dagane har eg via all mi tid til kulturskulen og til mine barn. Onsdag var den store klassefestdagen. Adrian først på formiddagen og så Marthea på kvelden. Innimellom var det generalprøve med dei yngste på kulturskulen, og tiloslutt var det øving med Korzett.
Torsdagen var det Luciafrokost i barnehagen og full fart med forberedelser til Juleforestillinga til Kulturskulen. Det blei en suksess. Mulig eg er litt inhabil, men uansett så er vi veldig fornøgde med det ungane fekk til på scena. Sjølv om det er vi voksne som har organisert og planlagt, så er det ungane som står for det ferdige produktet og det er dei som skal ha æra for det. Bilder og omtale kan en sjå på firdaposten si nettavis.

Så no kan julefreden senke seg. I allefall sånn halvveis.Den store julekonserten gjennstår, men den går sin gang uten mas og kjas. Har faktisk vore på øving der i dag og det låter kjempebra. Nydelig klang og en veldig presisjon. Eg har trua på at dette blir ein kvalitetskonsert. Kjekt at Korzett også skal få framføre ein sang heilt aleine.

Dei siste dagane har vore innholdsrike. Både på godt og vondt. Ei trist hending var at onsdag kveld tok det full fyr i julekrybba i kirkeparken og alt brann ned/opp. Fryktelig trist. Ein har blitt så vant til at denne krybba står og "skin" i heile desember og på ein eller anna måte skaper den en ro. Fryktelig trist då at alt er borte og ødelagt. Håper berre at nokon orker å ta fatt på arbeidet med å lage ei ny slik at denne tradisjonen kan få fortsette. No heng det berre ei einsleg stjerne igjen i ein tretopp i kirkeparken. Den dinglar fram og tilbake som om den leitar etter stallen... Staaaaakar... Godt var det at dette skjedde om kvelden slik at det blei oppdaga fort. Det kunne jo godt skikkelig gale dersom det hadde skjedd midt på natta. Det er bra tørt ute, trea i kirkeparken er ganske rotne og stallen stod forholdsvis nær kirka... Men det skjedde ikkje og takk for det.

Dagens dikt:

Det blømer en rose.

Det blømer ei rose i vinternatt,
eit under i dødens velde.
Så edel ei rose - i klungerkratt,
her står vi ved Livsens kjelde.


Det blømer ei rose i frosen jord
der kulde og natt får råde.
Ho løynt er for den som er stolt og stor,
men barnet får sjå - av nåde.


Det blømer ei rose så bjart og klår,
alt farga av kross og kvide.
Ho fargen sin ber av dei slag og sår
som Herren ein gong må lide.


Det blømer ei rose i vinternatt,
der finn vi Guds kjærleiks gåte,
ei angande rose, ein himmelskatt,
Guds under - hans fred og nåde.

11 desember, 2007

Barnas super(teite) jul...


Nattbloggeren... Det er visst meg. Så trøtt i trynet at eg held på å stupe over tastaturet, men likevel så skuffer eg ikkje. I går gjekk blogginga i vasken fordi eg var på besøk langt ut i natta. Veldig kjekt.
No er eg heilt i innspurten på Kulturskulen sin julekonsert og eg gleder meg veldig. Det blir spennande å sjå koss alt det vi har jobba med siden en seinsommerkveld tidligere i år blir i real life. Er spent på om vi har lagt lista litt høgt. Det vil nok helst gå veldig bra.
Eg har bestemt meg for å være positiv uansett. Slutte å se problemer og heller prøve å se løsninger. Det er vel det som på fint heiter å være løsningsorientert...

Har du prøvd å se på adventskalenderen på NRK i år? Ikkje? Då skal du la vær. Det er heilt bak mål. Det er berre bråk og leven og massevis av teite ideer. Det fins ikkje julestemning i det programmet i det heile tatt. Bare en haug med unger som hyler og roper. Så eg er gått i protest mot den. Eg har derfor kjøpt heile "Jul i Skomakergata". Vi begynte å se i dag og det var kjempesuksess. Det er jo det som er skikkelig førjulskos.
Men no er eg så trøtt at eg ikkje klarer å få fingrane på rett plass. Det blir derfor ikkje nåke dikt heller.
NATTA...

09 desember, 2007

Magi?


Så tenner vi to lys i kveld.
To lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er til stede.
Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.

Då var den andre søndagen i advent snart over. Endå ein fin dag.
Vi har bare gjort familieting i dag og det gjer godt.
Etter frokost var vi heile gjengen i Havhesten. Det var «Loftsnissen» som hadde bestemt det.Fire sekker låg ferdigpakka på kjøkkengolvet når ungane stod opp. I tillegg låg det en lapp der det stod. «God tur til Havhesten». Det var veldig kjekt. Torje er ikkje redd vatn lenger og Bendik kosa seg. Då går det an å reise inn oftere. Egentlig hadde eg tenkt at det kunne være et nyttårsforsett, men eg veit vi ikkje klara å holde det, så derfor dropper vi det. Vi får berre prøve å bli flinkere.

I ettermiddag var vi i Kirkeparken og såg på «Ein stall og eit spel». Det er første gang eg har sett det. Dei andre åra har eg vore med sjølv. Det var så godt å få stå å ta imot for en gangs skyld. Fleire ganger rann tårene. Veit ikkje heilt korfor, men det var nåke heilt spesielt med det å sjå på sammen med ungane. Det blei litt magisk på en måte. Ein fantastisk effekt var dei to som satt og spilte Djembe under heile spelet. No er jo eg litt ekstra glad i djembespel, men det var så deilig å stå å høyre på. Lyden planta seg godt nede i magen. Eg lurte ei stund på om eg skulle kidnappe en av dei og berre ha han i stua mi. Der kunne han sitte og spille for meg heile dagen... Det hadde vore deilig.
Spørs ka Trond hadde syns om det...
Eg skal i allefall ha meg en Djembe sjølv slik at eg kan lære meg det skikkelig. Og så kan eg jo kanskje spør en av dei to i parken om å lære meg litt... Det er sikkert en mykje bedre idè.

Ellers i dag så har eg ikkje fått gjort nåkke. Bestemor har vore her og lagt sammen nåkken klè som har stått i stua i fleire dager. Eg hadde vel egentlig håpa at dei med tida skulle finne veien sjølv, men det gjorde dei ikkje, så då er eg glad for at bestemor forbarma seg over dei i dag. Så får eg ta fatt på dei kleda som ligge nede på gjesterommet en anna dag. Denne veka skal eg berre på jobb på kulturskulen, så då får eg kanskje tid til å gjør nåkke. Men eg skal jo egentlig berre slappe av denne tida når eg er sjukmeldt... Uansett MÅ huset takast, for eg har oppdaga at det ikkje tek seg sjølv.

I kveld vil eg dele eit godnatt-dikt med alle dåkke som lese bloggen min. Og så vil eg be dåkke om å legge igjen en liten hilsen... Please...

God natt
God natt alle blomar i hagen.
God natt alle fuglar i tre.
God natt alle svivande tankar
som følgde i dagen med.

God natt kvikke spel ifrå bekken.
God natt linne sus av vind,
som stryk gjennom hagehekken
og uroar dagdraumen min.

Svevnen har mjukare tonar
og linnare sus av song,
og stundom vakrare blomar
enn dagen har nokon gong.

Svevnen gjer blidare tankar,
og draumane natta ber
på villare vegar vankar
og fagrare syner ser.

Så var helga slutt og eg får gjer meg klar til ei ny veke.

08 desember, 2007

It's a beautiful day


No holdt eg på å glømme heile greia. Eg har kosa meg sånn i dag at eg egentlig ikkje hadde tenkt å ta fram pc'n i det heile tatt. Men no i kveld kom abstinensane...

I dag fekk eg sove til halv ti. Eller "sove" er vel heller meir rett. Ungane stod opp klokka halv åtte og då var freden over. Heldigvis er dei to så store no at dei kan passe dei to andre. Sjølv om det blir endel krangling og grining så den djupe søvnen blir det ikkje. Men eg slapp å stå opp og det er jo det som er poenget.Etter frokost var vi en tur til byen. Fekk handla endel julegaver. Eg trur det begynner å nærme seg slutten av gavelista i år, og det gjer meg i godt humør berre det.

Dei tre eldste har vore på juleverksted hos bestemor og bestefar i dag. Dei har mala og limt. Det blir masse flott å ta med heim når produktene har fått seg en runde i ovnen til ho mor. Dei var så stolte.
Adrian har vore med Amalie i heile dag. Det er så kjekt at han har fått seg en god venn. Her om dagen kom han og sa:" Mamma, ho er en skikkelig venn. Det veit eg fordi ho venta på meg når ho sa at ho skulle det. Ho gjekk ikkje..." Det er vel det en kan kalle skikkelig vennskap.

No i kveld har vi laga oss god kvelds. Biff med full pakke. Det var kjempegodt. Eg fatter ikkje korfor det tar så lang tid å lage maten når en blir så fryktelig fort mett.
Vi har hatt det så koselig i dag. Fyrt i peisen og masse levende lys. Det med fyr i peisen er ikkje berre kos. Det går greit når det blåse ute, men vi har så vanvittig dårlig trekk i pipa, så på sånne kvelder som i kveld blir det litt masse røyk i stua. Men vi overlever...

Så får vi satse på at det blir en like kjekk dag i morra. Det er vel egentlig berre å bestemme seg for at det skal være en kjekk dag. Det er tross alt vi som gir den innhold sjølv.


Gode tanker vil føre til gode gjerninger,
og dårlige tanker vil føre til dårlige handlinger.
Hat stoppes aldri av hat
hat stoppes bare ev kjærlighet.
(Buddha)

Ha ei fortsatt god helg.

07 desember, 2007

Rein nytelse.


Sjå den flotte gjengen!
Dei er berre heilt fantastiske. Eg er kanskje inhabil, men heldigvis for det.
Bildene tok vi hos Cecilia Molander. Eg er kjempefornøgd. Ikkje berre med dette bildet, men med alle dei andre bildene ho tok også. Uansett så er det en fin bukett.

Dagen i dag har også vore fin. Har vore til byen og ordna litt og kvart og så har eg og Marthea vore med bestemor på gravplassen. Min oldefar hadde vore 105 år i dag dersom han hadde levd, så derfor var vi på grava med lys og blomster. Marthea er i skikkelig død- og begravelsemodus for tida. Ikkje veit eg korfor, men ho er veldig opptatt av "de store spørsmåla".
Ho kjøpte med seg ein dompap og ei stjerne som ho la på grava til oldefar.

Vi har hatt øving på Kulturskulen i dag. Det blir kjempebra. Eg satt med klump i halsen fleire ganger. Skjønner ikkje korfor eg skal bli så sipete. Blir jo berre verre og verre. Spesielt når unger synger. Då må eg ta meg skikkelig sammen... Nydelig blir det i allefall.

No er det endelig helg igjen. Ei helg HEILT uten planer. Det er utrolig deilig. I morra skal ungane på juleverksted i Auklandsveien. I år skal Torje få være med også. Dei får det nok kjekt. Ellers så er det Julespel i Kirkeparken på søndag og det trur eg vi skal prøve å få med oss i år. I fjor var det full storm og barnedåp den dagen, så derfor fekk vi det ikkje med oss.
Men no er det fredagskveld. Vekas helligste dag. No skal eg snart sette meg godt til rette med deilig mat og eit glass vin og bare nyte. Nyte å ha hatt ein fin dag. Nyte å ha funne en slags ro. Nyte å ha en fantastisk mann og nydelige barn.

Kva passer vel bedre i kveld enn eit barnedikt?

Fire år

Min vesle ven eg ser kor augo smiler,
og høyrer kor du djupt av lukke lær,
der fullt av tiltru du i mot meg stiler
så fort som dine kvikke føter ber.

Og når du trygg og glad i armen kviler,
eg ynskjer at eg støtt får bli deg nær,
og bere deg dei mange motgangs miler
som eingong ventar deg på vegen her.

Velsigna vere åra du er hjå meg,
før du kjem ut i verda og veks frå meg,
eg sit einsam att og eldest av.

Men kanskje då når dagen kring meg bleiknar,
når augo dimmest og når foten veiknar,
vert du mi leidarstjerne og min stav.

Jacob Sande

Kos deg i kveld du og. Nyt alt det gode du har omkring deg.

God helg!

06 desember, 2007

Slappis


Unnskyld... Det blei ingen blogging i går... Grunn? Eg glømte pc'n på jobb. Sånn kan det gå...

Jaja. Då får eg berre blogge litt meir i dag då.
I går var eg på jobb på Kulturskulen. Det er så kjekt! Bare masse sang og musikk og leik heile dagen. Drømmejobben egentlig. No er det litt travelt fordi vi held på med årets julekonsert og siden det er meg og Kristin som har regien på den i år, så blir det litt ekstra... Vi har hodene våre fulle av tanker og ideer som for oss er logiske og enkle, men som for de andre ikkje er det. Likevel koser vi oss voldsomt med jobben. Det er så godt å kjenne at en blir full av energi.
Energi trenger eg for tida. Eg skjønner ikkje at det går an å bli så sliten og trøtt og uttafor når eg berre gjer det eg liker. Men det går tydeligvis an og eg må berre ta konsekvensen av det.
Eg prøver å overbevise meg sjølv om at fire små er en jobb. No begynner eg å tru på det. Kunne bare ønske andre også gjorde det...

Tilbake til gårsdagen. Det var øving i damekoret i går. Korzett. Utrulig kjekt. Masse latter og fin sang. Vi begynner å bli bedre kjent med kvarandre no og då sitte latteren litt lausere. Det er så befriande. Vi øver på julesanger no. Det er jo tross alt Desember. Det er en nydelig klang i koret og det er nesten litt synd at ikkje andre skal få høyre det. Vi får satse på en konsert til våren, trur eg. Det er nok å styre med no før jul. Eg, for min del, skjønner ikkje koss eg skal få tid til alt.

Eg satt her om dagen og såg på kva eg dreiv på med sist desember... Då var vi i full sving med å forberede barnedåp. Skjønner ikkje koss eg fekk tid til det. Men eg kom med igjennom det og.

I dag har eg ikkje gjort nåkke. Berre slappa av. Legens ordre. Dvs. slappa av så mykje som det går an å gjør med fire unger i huset. No skal vi i gang med å bake kakemenn. Det blir sikkert like kjekt som dei andre gangane... I år har eg ikkje koseforventninger til det, så då kan det hende det blir gøy.

Kjem tilbake seinere med dagens dikt og litt til...

04 desember, 2007

Diggedag og date!


SPOR.
Jeg vil så gjerne sette litt spor,
bitte små spor på vår kjære jord.
Spor som både kan ses og kan minnes,
spor som er der når jeg ikke finnes.

Jeg lager et bilde og skriver i blant,
drømmer og tanker om år som forsvant.
Hva fremtiden bringer det vet ikke jeg,
men diktet jeg skriver vil huskes av deg.

De spor som jeg setter er mange og vare,
jeg prøver spre glede så godt jeg kan klare.
Og håper at venner for alltid kan si:
Hun hadde jo tross alt så mye å gi.

Det var dagens åpning. I dag er eg muligens litt sentimental. Litt djup. Mulig grunnen er at eg har vore i begravelse i dag. Til ei gammal tante av mamma. "Gamletanta". Det er i slike stunder en kanskje tenker akkurat på det å sette spor. Kva vil folk huske om meg? Kva vil dei sei om meg? Ord og tanker kan en ikkje styre. I allefall ikkje andre sine. Då er det viktigaste at vi gjer det vi kan for at spora etter oss ikkje blir til ubehag eller hinder for de som evt skal følge de sporene. Det gjelder å merke løypa godt...
Samtidig må en ikkje være så opptatt av å lage gode spor til dei som skal følge at en går seg bort. Då vil jo den eller dei som følger også gjør det. Det er en fin balansegang akkurat det der.
må de få finne veien sjølv.

I dag har eg hatt fri. Det er utrulig deilig. Ein dag til å gjør ingenting. Dvs. det er det som er planen med denne dagen, men det blir sjelden sånn. No før jul er det personalmøte på jobb på formiddagen på tirsdagen. Etter det har eg fri, men då er jo Marthea ferdig på skulen, så då må ho få litt oppmerksomhet. Likevel er det forskjell på å gå full dag og å gjør nesten ingenting. For det er det eg gjør denne dagen. Nesten ingenting. Og det er deilig og eg er ikkje flau over det.Har ikkje dårlig samvittighet for det engang. Som firebarnsmor så treng en eit pusterom i blandt. Og tirsdagen er mitt pusterom. En super dag. Min beautydag. Diggedag.
Det heile blir avslutta med en skikkelig date med Jeanett kvar tirsdag. Då ser vi "Grey's anatomy" og CSI. Veldig kjekt!

Foruten min diggedag så har det skjedd fryktelig lite her i dag. Eg har pynta meir, så no er Marthea fornøgd.

Men no har eg sove forran pc'n fleire ganger i kveld, så no er det atter en gang natt.


03 desember, 2007

3.desember


I dag kunne en ane en fornemmelse av vinter ute. Bilen var beinfrosen og veien var kjempeglatt. Det er vel ikkje nåke unormalt at det er kaldt i desember, men slik som temperaturene har vore den siste tida er det like varmt i juli som i jula. Slik skal det jo ikkje være. Men i dag har det vore kaldt og det har vore et snev av snø i lufta. Eg, for min del, syns det er greit med snø som kjem ned ferdig måka, men det hadde vore kjekt for ungane med litt snø.

I dag har eg lånt "Julemysteriet" av Jostein Gaarder. Tenkte eg skulle lese den for ungane. Det blir en slags julekalender det også. Forventningene mine er nok litt høge, for eg trudde ungane kom til å bli glad for at eg hadde lånt bok som vi skulle lese i kvar dag fram til jul, men Adrian hadde allerede før eg begynte å lese bestemt seg for at boka var kjedelig. Håper det kjem seg når vi kjem skikkelig i gang. Har hatt lyst å lese den boka lenge, men først no føler eg at ungane er klare for det.

Ellers har vel ikkje denne dagen vore spesiell på nåke vis. Eg har vore på personalmøte i bhg og så gjekk eg tur med Jeanett etterpå. Men i morra skal vi gjør nåke julete. Adrian skulle egentlig på klatring i morra, men han var hos fysioterapeut i dag, og han meinte han skulle ta det med ro framover slik at han får kvile hælen sin. Så då skal vi finne på nåke i morra når eg er ferdig på jobb.

I dag har eg tatt eit stort steg mot nåke som er litt skummelt. Det er en hemmelighet. Eit lite "Julemysterium". Du får vente og se ka det er...


Dagens dikt:
Å være sterk er ikke

å løpe raskest
å hoppe lengst eller
å løfte tyngst

Å være stor er ikke alltid
å vinne
alltid
å ha rett eller
alltid
å vite best


Å være sterk er å
se lyset
når det er mørkt

slåss for noe man tror på

selv om man ikke har flere krefter igjen
og se sannheten i øynene selv om den er hard

- Naja E. Jensen -

Det var det. No er det natt igjen...


02 desember, 2007

2. Desember 2007


Så tenner vi et lys i kveld
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er til stede.
Så tenner vi et lys i kveld
et lys for håp og glede.

Då var det første søndag i advent.
Markeringa av at vi går inn i ventetida. Tida der både store og små er fulle av forventninger. Mine forventninger går mest på det at eg vil så gjerne denne tida skal være fylt med ro og kos. Derfor gjør det meg vondt å innrømme at det ikkje blir slik... Ikkje i år heller.
Etter en kikk i filofaxen oppdaga eg at eg ikkje har en einaste ledig kveld denne uka! Personalmøte, klatring, kor, jobb, klubb og julemiddag. Julemiddag ser eg at eg bare kan glømme. Eg skal ha den kvelden sammen med ungane. Då skal vi se film og ete snop! Det bestemte eg akkurat no!

Ungane driver en sånn "gi dårlig samvittighet"- kampanje. I går meinte Adrian at eg skulle slutte å sei ja til sangoppdrag. I dag fortalte Torje bestemor og bestefar at "mamma'n min bur i kirka, ho". Den kampanjen når fram. Min dårlige samvittighet veks for kvar dag. Så no skal eg ikkje sei ja til nåke anna enn det eg MÅ gjør.

Men nok om min samvittighet.

I dag har vi vore på besøk i Brandsøya og vi har fått vaska litt og pynta litt meir. Marthea er heilt oppsatt på å pynte til jul. Det er det einaste ho maser om. Ho får ikkje nok av rødt. Så i morra må vi prøve å få opp litt meir.
Har jo ikkje klart å få opp adventsstakane enno... MÅ berre gjør det i morra.

I ettermiddag var ungane i by'n med mamma og pappa og bestemor og såg på tenning av julegrana. Etterpå kom dei opp i kirka til meg og hørte på konserten. Det var full kirke og det var faktisk ganske koselig. Etter konserten kom Adrian løpande opp til meg og slengte seg rundt halsen på meg mens han sa:"Du va DRITFLINK, mamma!" Det gjorde godt ;)


No i kveld har eg vore inne hos Kristin og der fekk eg lære å lage dompapper av ull. Det var kjempelett og veldig kjekt. Det skal eg og ungane lage i helga.

Det er desember.
Det er nå vi alle skal ha en kalender
med sjokolader og gaver,
men dagens luke er helt spesiell
- den er fra meg.
Det er en kjempegod og varm desemberklem
for å minne deg på at jeg bryr meg om deg
og er kjempeglad i deg.

Gode venner er det fineste man kan ha.
Derfor håper jeg at vi alltid kan være venner,
ikke bare nå, men også neste desember.

Det var dagens go'ord. Og no er det natt...

01 desember, 2007

1. Desember 2007


Då var det atter engang desember.
Måneden då alle store og små venter. Eg for min del venter på ei oppdatering! Ei oppdatering av den siste versjonen av UBUNTU! Slik at eg slepp å skrive blogginnleggene mine ørten ganger oppigjen fordi eit eller anna går i lås!!! Ja, eg er egentlig ganske sur akkurat no. Var akkurat ferdig med eit laaaangt innlegg om alt eg har gjort på i dag og i det eg skal trykke på lagre- og publiserknappen, så går maskina i lås og eg må skrive alt på nytt!!! Då er det faktisk lov til å bli sur! Eg syns jo at en skal få lov å være sur når en vil, bare det ikkje går ut over andre. På den andre sida: Kva oppnår en ved å gå rundt å være sur heile tida? Ingenting!!! Bare at en blir meir sur sjølv og at en kanskje "smitter" uskyldige. Så derfor så lar vi bare være å være sure. Ikkje sant? (Bortsett fra når pc'n klikker!)

I dag har eg hatt en travel dag. En sånn dag som eg atter en gang har lovt meg sjølv å ikkje ha. Eg har vore på øving sammen med Kirkekoret til konserten i morra. "De Hellige tre Narrer" skal framførast i morra rett etter at julegrana er tent. Så då får eg ikkje det med meg i år heller. Neste år skal eg gjør som Adrian ba meg om å gjør i dag: Eg skal sei nei til å synge på nåke anna enn Lillejulaftakonserten. Det blir berre stress og det skal eg jo ikkje ha. Følgene av stress har eg akkurat vore igjennom enno ein gang, og det er så fælt at det vil eg prøve å unngå.
Etter øvinga var eg og sang i bryllup. Det var jo bare kjekt. I allefall med Lisbeth ved pianoet. Det gjekk kjempefint! Ikkje heilt vanleg å gifte seg i desember, men kvifor ikkje? Fine var dei i allefall både store og små.

Det å gå mot jul setter tankane i sving hos oss alle. Vi tenker på alt som skal gjerast og ikkje minst på alt vi burde gjort, men som vi ikkje rekke å gjere. Mi oppfordring til alle må være: Senk skuldrane. Det blir jul sjølv om ikkje kakeboksane er fulle, og sjølv om ikkje salmiaklukta river i nasen. Det har i allefall eg bestemt. Det er så lett å gå i den fella der vi blir så fokusert på det praktiske, at vi gløymer det som jula handlar om. Kjærlighet! Det å dele tiden sammen med mennesker som betyr nåke for ein. Mennesker ein er glad i.
I år skal eg gje ei heilt spesiell gave til ein heilt spesiell. Ei samling av gode tanker og ord. Kanskje det er ein ide for fleire?
Eg syns vi er alt for lite flinke til slike ting. Sei tildei rundt deg at du setter pris på at dei er der. Sei det mens du har sjansen til det.
Det med tankane i sving fekk eg oppleve i går. På vei heim fra byen med Marthea i baksetet. Ho var stille ei lang stund (det er jo spesielt i seg sjølv) og så kom det: "Mamma? No når det er jul, så blir jo Jesus født. Men han blei jo født i fjor òg... Og så døde han når det blei påske. Korfor får Maria bare nye Jesusbarn når dei må dø om påska likevel...?" Ja, sei det... Det er vel dette vi kan kalle filosofi ;) Eg måtte sjølvsagt inn med litt bibelhistorie og forklare korleis det egentlig er.

Ellers så kan eg med glede melde at den berømte Loftnissen har flytta inn på loftet i Røverhuset. Han har jobba hardt. Det hang massevis med pakker i taket i stua i dagmorres. Han hadde til og med vore inne i kjøkkenskapet og stjelt godteposane som låg der. Det hadde Adrian funne ut. Og så kom det eit brev dettande ned fra loftsluka når vi skulle gå på loftet i dag. Der fekk dei beskjed om å skrive ned alt husarbeidet dei er med på. Og så vil det vanke ekstra overraskelser... Ein kjekk kar han på loftet. Både for store og små... :)

Dagens og årets første dikt handler om vennskap. Det er meint som ei takk til alle dei som eg får kalle mine venner. Ta det gjerne med deg videre og del det med dei du bryr deg om...


Venner for livet

Lyttende ører
som forstår
gir lettere bører
leger sjelens sår

Tanker som deles
en hjelpende hånd
sorger som kveles
av vennskapets bånd

Smil blir til tårer
og tårer til smil
sannhet som sårer
men fjerner all tvil

Evig fortrolighet
i riktig og galt
et vennskap med ærlighet
tåler alt

No skal eg krype i bingen og glede meg til å bli ferdig med konserten i morra.
God natt.

18 september, 2007

Djizes! No er det alvorlig lenge siden eg har oppdatert her. Skal ikkje begynne å unnskylde meg heller, for det har vore nok av ting å skrive om. Det med at tida ikkje strekker til er heller ingen unnskyldning, for eg har tid til det. Har berre ikkje prioritert det.
Men no skal eg skrive litt.

Det har faktisk skjedd veldig masse siden 6.august. Den største begivenheten er vel at Marthea har begynt på skulen. I klasse 1c på Florø Barneskole. Ti å begynne med var dette stor stas, men no er det kjedelig. Kjedelig fordi dei ,i følge ho, berre synger "barnslige" sanger og ikkje lærer nye så fort ho har lært dei. Det kjem seg vel. Ellers trivst ho godt. Har fått seg ei bestevenninne og utvida omgangskretsen sin på fritida. Det er godt for ho.

Bendik har begynt hos dagmamma. Der også går det heilt fantastisk! Vi har virkelig gjort eit funn. Ho burde fått kongens fortjenestemedalje for sitt enorme engasjement. Ho må bare oppleves!!! Vi forguder henne i allefall!

Ellers så har vi komt oss i en form for rutine etter en lang ferie. Det å få fire unger ut av huset til rett tid kan ofte være ei utfordring og i og for seg en heildagsjobb i seg sjølv. Då var det godt å ikkje skulle på jobb den første måneden. Men som kjent er det ikkje særlig penger å tjene på å være heime, så det var veldig godt å komme seg i jobb. Eg har begynt i eit vikariat i en barnehage tre dager i uka. Eg har jo alltid sagt at alt ordner seg, og det gjorde det. Det får så være at vi har hatt to mnd no med svært lite i kassa.

Trond blei operert 20 august og er fortsatt sjukemeldt. Men han er på bedringens vei og det er godt. Han er utolmodig på å komme seg i gang igjen, fordi han har vore så lenge vekke no.

Oppe i alt det her så har vi det fantastisk for tida. Vi er blitt flinkere til å komme oss ut på tur og å være i aktivitet. Det har gjort masse med humøret og familieforholdet. Så når Trond er heilt restituert så kan vi ta oss meir ut.

Utenfor Røverhuset skjer det fortsatt ting og tang. Vi har kjøpt oss gjestehytte. Den skal brukes til å oppbevare hagemøbler og verktøy o vinteren, og om sommeren skal ungane få lov å leike i den. Planen er at den skal komme i løpet av denne veka. Veldig kjekt.
I forrige uke hadde eg bursdag og då fekk eg eit lass med jord i gave! Den er komt delvis på plass bak muren, så det einaste som gjennstår er å få raka resten utover oppe på haugen. Vi håper på å få oppholdsvær ei stund slik at det ikkje blir så tungt å jobbe med den.
Så no begynner det å bli sånn nåken lunde rundt her.
Eg fekk en anna gave også til bursdagen. Dvs. det var ikkje eg som fekk den. Kiara, vår elskværdige kanin, fikk seg eit stort kull med kaninbabyer! Seks små nydelige nøster. Eller, dei er ikkje så nydelige no, for dei har lite pels og ingen auge, men vi trur dei blir fine fordi ho har parra seg med ei teddykanin. Ungane var i ekstase og det var vel eg og...

Dette var en stemningsrapport fra Røverhuset. Det er ikkje så mykje forandringer siden sist, men dagene går stort sett i det samme. Vi er i live og har det bra. DET er tross alt det viktigste!!!!!!

06 august, 2007

Regn, ferie og snegler.


No går sommarferien mot slutten og då passar det vel eigentleg godt å oppdatere bloggen sin.
Det har eigentleg vore en innholdsrik ferie. Dersom ein ser vekk frå regn i ein heil mnd, så har vi hatt det fantastisk. Eg må heilt ærlig innrømme at eg var veldig spent på koss det skulle bli å reise på ferie med fire barn i en bil... Men det gjekk over all forventning. Heldigvis så liker ungane godt å kjøre bil. Og vi skyldar Einar ei stor takk for å ha lånt oss DVD-spelarane sine. Takka være dei så var det lite krangel og ingen utolmodige barn.
Så fekk vi heller tåle å høyre Sabeltann nesten 7 timer i strekk den eine dagen...
Sabeltann kjem vi tilbake til...

Turen i år blei delt i to. Planen var å reise rett til Kroken, men fordi heile Østlandet heldt på å regne vekk bestemte vi oss for å reise til Skånevik først. Vi kom til Skånevik den helga det var Bluesfestival. Sikkert veldig kjekt for dei som liker det, men eg for min del kan styre mi begeistring for Blues. I allefall den bluesen som blei framført der. Dessuten er ikkje Bluesfestival nåkke for barn, så vi "rømte" til Haugesund lørdagen. Søndag var festivalen avslutta, og då kom regnet til Skånevik. Dermed blei det inneaktiviteter og lite å finne på. Det regna heilt til fredagen. Då blei det knallfint igjen. Den dagen hadde vi selvfølgelig bestemt oss for å reise videre østover så det blei en varm tur.
Vi reiste fra Skånevik til Gautefall. Der har tanta og onkelen til Trond hytte og der var vi til lørdagen. På hytta grilla vi og kosa oss sammen med Line og Brian også. Line er Trond sitt søskenbarn og Brian er det siste skuddet på familietreet til den allerede store Brendø-slekta. En nydelig liten tass.

Lørdag ankom vi Kroken i regn. Det er lite kjekt å være på besøk hos folk med fire unger når det regner ustoppelig. Det blir endel utagerende søskenkjærlighet av slikt vêr...
Men likevel gjekk det heilt fint.

Så, mandagen reiste vi til Kristiansand i Dyreparken. Det kan en trygt sei var feriens høgdepunkt. Tanta til Trond passa Bendik slik at vi fekk kose oss sammen med dei tre eldste røverbarna. Og vi kosa oss skikkelig! I steikande sol vandra vi rundt med blide unger og fekk sjå både løver og apekatter. Og så fekk Torje møte sin aller største helt: Langemann! En av Kaptein Sabeltanns Menn. Han svevde resten av ferien, og svever vel egentlig endå...
I tillegg til dyr og Sabeltann var vi i Kardemomme By, litt på tivoli og tilslutt fekk vi være med på tokt med Den Sorte Dame, Kaptein Sabeltann si stolte skute. Som sagt fekk vi en skikkelig kosedag og ungane har allerede bestemt at vi skal tilbake neste år.

Tilbake i Kroken var det ikkje så masse å finne på. Regn. regn, regn... Sola stakk vel innom litt, så vi overleve, men det blei ikkje slik som dei andre åra i Kroken med bading og strandliv kvar dag. Det får vi ta igjen en anna gang. Likevel fekk vi grilla og kosa oss masse i Kroken, så vi kan ikkje klage. Vêret var veldig skiftande heilt til fredagen.
Då kom sola og varmen igjen, men då skulle jo vi reise igjen. BOMBE????

Det blei en lang tur heim og eg må innrømme at eg akkurat den dagen skulle ønske vi hadde campingvogn på slep slik at vi kunne campa på vegen. Men det hadde vi ikkje, så etter 13 timer på reisefot kom vi heim til Røverhuset igjen. Utrolig godt.
Ho som sa "borte bra, men hjemme best" var absolutt inne på nåkke vesentlig.
Det må ha vore ei dame som kom på nåkke så glupt.

Det er ikkje så veldig kjekt å bu to veker i koffert når en har fire unger.
Det er i allefall ikkje særlig avslappande...
Etter at vi kom heim har regnet ausa ned. Ganske kjedelig egentlig, men vi tåler vatn, så det er ingen krise. Det er berre det at når det regner så tenker en på alt det en skulle gjort ute, og når sola og finvêret kjem, så blir det ikkje gjort likevel.
Vi har vore i Havhesten med ungane og der storkoser dei seg.
Marthea er på god vei til å lære seg å svømme og er sjølvsagt veldig kry over det.

I dag har vi hatt skikkelig tropevarme. Fra regn og 13 grader i går, til sol og 30 grader i dag. DÅ blir det som å vandre rundt i ei badstue. Men for all del, eg klager IKKJE!!!
Det er deilig med sommer.Håper berre det varer ei stund no.

Nok prat om vêret.
Det er så forsvinnande lite vi kan gjør med det likevel.
Heldigvis for det egentlig.
DET kunne jo blitt skikkelig krise om vi skulle bestemme over det også.
Godt vi ikkje styrer alt.

Denne sommeren har eg utvikla meg til å bli en skikkelig massemorder. Kvar kveld bevepner eg meg med ei stor spruteflaske med vatn og salmiakk og sniker meg ut for å finne nye offer. Dei ekle brune sneglane som hittil har ete opp ALLE stemorsblomstene mine. og naboen sine, som eg forøvrig skulle passe på mens dei var på tur. Eg kan ikkje nåkke for at dei blei spist opp. Eg gjorde alt eg kunne for å redde dei, men når en finn 50 sneglar oppe i tre blomsterkasser, så må en vel berre innsjå at en har tapt...
Eg lurer litt på kor mange snegler som egentlig bor rundt her. Eg har kvar kveld no i to veker kverka mellom 100 og 200 snegler, men likevel så kjem det berre fleire og fleire.
Foresten har eg funne ut at det der med at sneglar er så trege berre er en myte. Når eg tar runden min så går eg grundig til verks og når eg er ferdig med runden så er det massevis av digre ekle snegler der som eg nett har vore og dei var det ikkje antydning til på første tur. Jaja, eg blir vel ikkje kvitt dei så lenge som vi er nabo til byens største parrings- og rugeplass for snegler. Røverhilleren og Knapstadmarka... Men eg trøster meg med at når eg tar livet av 200 på en kveld har eg hindra 80000 sneglar i å bli født, og DET er motivasjon god nok...
Tenk om eg kunne klare å finne opp nåkke som fjerna sneglane for godt.
Då hadde eg nok blitt millionær.

Som eg nevnte innledningsvis går ferien mot slutten.
Om to veker har vi skulejente i huset. Marthea skal begynne på skulen. Sekken er klar og pennalet ligger klart i sekken. Det blir spennande tider både for oss og ho.
Så får tida vise kva eg skal bedrive tida mi med til høsten. Pr dags dato har eg ikkje peiling, men mittt motto har alltid vært. "Det ordner seg", så då gjør det nok det no òg.

Det var alt for denne gang. Avslutter med et nydelig bilde av våre vakre små. Bildet tok vi på Hemsedal på veg heim.

01 juli, 2007

Sommer og skolefri


Så var det endelig sommerferie for alle sammen.

Eg har ikkje ferie før i august, men eg er no heime likevel. Trond skulle egentlig ha pappaperm no, men siden han er sjukmeldt i påvente av operasjon så blir den utsatt på ubestemt tid. Men ungane har begynt på ferie no og det er deilig. Ingen vekkerklokker på ei lang stund.
Det med å sleppe å ha på vekkerklokka, det er nesten det beste med heile ferien.
Men ingen ferie uten husprosjekt. No har vi fått opp den lenge etterlengta muren vår.
Svigers kom sist helg så då fekk vi god hjelp til å sette den opp. Uten dei hadde det nok ikkje blitt ferdig før på lenge. Trond klarer ikkje så masse og eg må passe på at ungane ikkje roter seg borti arbeidet. Men no er vi ferdig og det blei VELDIG bra!

Slik såg det ut på mandag

Og sånn såg det ut på lørdag.


Så langt i sommer har eg fått gjort litt forskjellig.
10. juni var eg med på bryllupskonsert i Stavang. Der deltok eg sammen med Lisbeth, Kolbjørn og Otto. Vi framførte sanger og musikk som kan brukast i bryllup. Veldig kjekt og vi fekk gode tilbakemeldinger og faktisk en forespørsel om å holde den samme konserten i Naustdal. Slike prosjekt er alltid kjekke å være med på. I allefall når eg får bestemme det eg vil synge sjølv.

Helga etter var eg på Kinn. Då var det Kinnaspel og eg reiste ut heilt aleine. Grunnen var at eg skulle synge på kveldsbønna i kirka etter siste forestilling på søndagen. Det er nåkke spesielt med Kinnaspelet. Som tidlegare aktør må eg sei at det kribla litt når eg stige i land på den fantastiske øya. Så dersom vi får det til neste år så kan eg tenke meg å ta med Adrian og Marthea og være med i spelet igjen. I år var det ny regi. Mykje var forandra, men det var likevel veldig flott.Her er bilde av Sunniva som ber folket sitt om å rømme fra den grusomme vikingkongen Ramn.


Det har hittil vore ein flott sommer når ein ser på vêret. Siden pinse har vi vel berre hatt en eller to dager med regn. Det er kjempegodt. Det har faktisk vore så lite nedbør at graset er blitt brunt rundt omkring. Vi vatner og vatner.

På torsdag får vi ny butikk som nabo. Den gamle Safaributikken gjennomgår no en etterlengta ekstrem forvandling og blir på torsdag åpna igjen men då som Bunnpris. Vi gleder oss veldig. Det blir godt å sleppe å reise til by'n for å handle. Fra torsdag av er det berre å gå over plenen og ut gjennom den nye grinda og så er vi der. Så får vi berre håpe at fleire her i området tenker som oss og legger sine daglige innkjøp til den nye nærbutikken slik at vi får ha den lenge.

I går holdt det på å bli krise her i Røverhuset. Marthea mista ei tann. Det i seg sjølv var ingen krise, men når Adrian skulle skylle vekk litt blod på tanna så smatt den ned i sluken på vasken og dermed var krisa et faktum. Uten tann så kunne jo ikkje tannfeen vite at tanna var mista...
Adrian, som er dreven i tannfellinga, ante råd. Han skreiv et brev til tannfeen og forklarte ka som hadde skjedd, og i løpet av natta har tannfeen vore nede i sluken i vasken og henta tanna og lagt penger under hodeputa til Marthea. Så dermed var krisa avverga. Sjølv om eg syns den egentlige krisa kom i dagmorres når dei to eldste yre av spenning kom ropande inn på soverommet kl 07.00 (!!!!!) i dagmorres for å fortelle at tannfeen likevel hadde vore der. Dei klarte selvfølgelig å vekke opp dei to minste og DÅ vart det krise, for eg har ferie og VIL IKKJE stå opp klokka 07.00!!!
Jaja, men sånn er det vel å være småbarnsmor. (Eg burde vel kanskje ikkje klage, for eg klarte å overtale trond til å stå opp slik at eg fekk sove til klokka 10.30)

No er det egentlig lenge siden eg har vist bilder av røverungane, så derfor så kjem det et lite ras no.


Her er Marthea i full sving med samlingsstund for sine to småbrødre. Om eg ikkje får tid til å synge med dei så tar ho det igjen i dobbelt monn. Og det beste av alt er at dei storkoser seg.

Torje på sin første sommerfest i barnehagen. Han er blitt en skikkelig barnehagegutt.

Marthea er snart skulejente, så ho var her på sin siste sommerfest i barnehagen.
Ho er blitt ei stor og flott jente.

Bendik. Klumpen vår. Her ser det ut som han er blitt skikkelig god og mett.
Smilande og blid er han i allefall.

Adrian. Verdens beste storebror!
Han fann plutselig ut at en krypetunnel kan brukast til andre ting enn å krype i.

Så då gjennstår det berre å sei god sommer til alle dåkke trufaste blogglesere.
(og ikkje gløm å legge igjen en liten hilsen til meg)

06 juni, 2007

SOMMER, SOMMER, SOMMER!!!!



No kom endelig sommeren! Den kom for fullt med en einaste gang. Sol og varme fra skyfri himmel i ei heil veke! DET er deilig.

Når vêret er slik så må eg heilt ærlig innrømme at eg koser meg ekstra når vi har bekjente som er i syden for å få litt sol og varme! Vi har jo hatt det like varmt her. Og er blitt minst like brune på dei fjorten dagane dei har vore på tur.

Så no, når den verste svien fra solbrendt hud har gitt seg, så berre nyter vi dagane og koser oss ute i hagen.
Trond er heime for tida. Han venter på ny brokk-operasjon og er sjukmeldt inntil den er overstått. Så dermed blir det ingen pappapermisjon på han likevel.Han skulle jo ha den no i juli. Planen er å ta den igjen neste år i forbindelse med sommerferien. Lite vits i å ha pappaperm når Bendik har begynt hos dagmamma (Trond hadde nok syns at det var heilt flott).
Her i røverhuset har vi flytta alle prosjekt ut for sesongen. Vi har bygd endå ein altan. Utforbi soverommet vårt. Men vi kjem oss ikkje opp på den før om lenge, for vi har ingen altandør ut fra rommet vårt. Det kjem vel eingong...
Vi har og fått åtte paller med stein til å lage mur. Men siden Trond er blitt dårlig, så kan det se mørkt ut for muringa i sommer. Han klarer ikkje å gjere så masse, og eg slepp ikkje til. Sikkert like greit, for eg er ikkje akkurat nåkken murmeister.

Ungane har sådd frø over heile tomta. Litt blomster her, og litt blomster der. Det er veldig spennande å sjå i molda kvar dag om det begynner å sje nåkke. No etter at det blei så fint vêr så har det begynt å komme små spirer opp, og då blei det stor jubel. Så får vi sjå ka det er vi har planta...

No er det heldigvis ikkje lenge til sommerferien på skulen begynner. Då slepp vi å stå opp tidlig kvar dag. Det er min største plage. Eg er så treg å komme meg opp. Men det er jo fordi det er så koselig å sitte ute og slappe av om kvelden og då blir det alt for seint i seng.



Men før skulen tek fri så er det avslutningsfester både her og der. Vi begynte i dag. Med Solsikkefest i barnehagen. Ungane har gleda seg veldig og vi hadde det veldig kjekt sammen i barnehagen i dag.

På fredag er det sommerforestilling på kulturskulen, søndag er det konsert i Stavang og så er det litt aktiviteter med klassen til Adrian, og så håper eg det er ferie!!!!

Men no skal eg ut og drikke meg eit glass Cola og klaske litt mygg før eg legg meg!

God sommer, folkens!



10 mai, 2007

Visst skal våren komme....


Puh... No holdt det på å bli skikkelig krise her!!! Det e faktisk så lenge siden sist eg blogga at systemet har blitt forandra og eg måtte logge meg på med eit anna brukernavn enn tidligere. Og med toppen full av ammetåke så er det ikkje lett å huske ka det brukernavnet va. Og trur du eg har vært glup nok til å notere det ned en plass? Neida. DET er det jo bare pingler som gjør... Dessuten, dersom eg hadde gjort det hadde eg heilt sikkert ikkje funne det likevel, for eg hadde nok rota vekk lappen.
Var det nåkken som sa rotehaue?????


Det er ei stund siden sist no, men eg veit om en som ikkje har oppdatert siden februar..... Ja, du kan berre skamme deg, for det er faktisk veldig kjedelig å lese om den der søndagsryddinga di kvar dag.... For alt eg veit kan det jo hende vedkommande har den samme unnskyldningen for ikkje å oppdatere som det eg har: Nemlig "feisbukk". DET kan en bli hekta på! Har funne igjen massevis av gamle kjente. Mange av dei har eg ofte tenkt på og undra meg på ka dei gjer på. No har eg fått massevis av svar og det er godt å se at dei lever i beste velgående. Den som fann opp den der "feisbukka" var utrolig smart.
Takk til ho.


Her i røverhuset er våren for alvor komt. Den årlige gravinga med maskin på tomta er over, ny altan er snart klar og det spirer og gror rundtomkring. Mest der det ikkje skal spire, men det er vel fordi eg skal ha nåkke å gjere på (som om ikkje det allerede er nok med fire barn). Neste prosjekt er maling av hus og muring av fasettmur på tunet. Eg trur heilt ærlig at det kjem til å bli DRITBRA når vi blir ferdige. Så om det er nåkken med overskudd på arbeidslyst er dåkke hjertelig velkommen. Gjesterommet i kjelleren er klart.
Og dersom du som vann 4,1 mill her i byen leser dette så er det bare å ta kontakt så skal du få kontonr som du kan sette inn penger på. Skulle gjerne hatt litt.


Siden sist bloggings har eg vore på kurs i regi av Foreningen for musikk fra livets begynnelse. Det var heilt utrulig gøy! Eg har gåttpå kurs i Afrikanske rytmer og tromming. Så no er eg på jakt etter en skikkelig Djembe! Har fått låne ei i mellomtida, men eg vil ha meg ei heilt for meg sjølv. Bendik var med på kurs. Han er blitt ein skikkelig trommeelsker. Han blir heilt propell når han ser Djemben og trommer som om han aldri skulle gjort anna. Tipper det er en onkel som er godt fornøyd med det...



Bendik og mamma spiller Djembe!



Ellers så er det ikkje så masse nytt å melde om. Det nye og bedre livet mitt er for tida på vent. Eg har mista tiltakslysta mi, og dersom nåkken skulle finne den så send den hit straks!

Og så vil eg atter en gang be instendig om at alle som er innom og leser her legger igjen en liten hilsen. Eg er så nysgjerrig på kem dåkke e. Pliiis.... Eller, som Torje seier; Væså nille då....

No er det blitt mørkt ute og eg skal finne bingen og lese videre på Livets Døtre.
Ingen kveld uten...

So long...

20 april, 2007

Filosofi og tannfeen

På tide å blogge litt igjen trur eg.

Det har hendt masse i Røverhuset den siste tida. Eller egentlig ikkje, det berre kjennes slik ut.
Oppe i mitt hode har det vore hektisk aktivitet og etter masse tenking fram og tilbake har eg komt fram til at eg skal begynne å slutte med å planlegge alt mulig lang tid i forveien. Då meiner eg sjølvsagt ikkje dei tinga som MÅ planleggast for å få dagane til å gå rundt, men alle sånne andre ting. Eg har med andre ord tenkt å bli meir spontan. Eg vil finne på meir kjekke ting. (Jada. Eg veit det høyres heilt teit ut. Har berre drukke ett glass rødvin)


Eg vil i allefall ikkje sitte og se ut kjøkkenglaset når eg er blitt gammal og tenke slik som 85 år gamle Nadine Starr gjorde:


"Dette ville jeg gjort om jeg fikk leve livet mitt om igjen:

Jeg ville våge å ta mer feil.
Jeg ville slappe av.
Være mer smidig.
Jeg ville være mer enfoldig.
Jeg ville ta færre ting alvorlig.
Jeg ville ta flere sjanser.
Jeg ville ha flere opplevelser.
Jeg ville bestige flere istinder, og svømme over flere floder.
Jeg ville spise mere is og færre bønner.
Jeg ville kanskje få flere vanskeligheter, men færre innbilte.

Ser du, jeg er en av de som lever følsomt og sunt.
Time etter time, dag etter dag.

Åh, jeg har nok hatt mine øyeblikk også,
og hvis jeg skulle leve om igjen, ville jeg ha flere av dem.
Faktisk ville jeg prøve ikke å ha noe annet.
Bare øyeblikk.

Det ene etter det andre,
i stedet for å leve så mange år med tanke på morgendagen.

Jeg har vært av dem som aldri reiser noe sted uten termometer,
varmeflaske, regnfrakk og fallskjerm.

Hvis jeg skulle leve om igjen, ville jeg reise med mindre bagasje.
Hvis jeg skulle leve mitt liv om igjen, ville jeg begynne å gå
barfot tidligere om våren, og fortsette lenger utover høsten.
Jeg ville danse mer.
Jeg ville unne meg selv flere karuseller.
Jeg ville plukket flere tusenfryd."









Det er jo litt trist å sitte igjen og være lei seg fordi en ikkje gjorde det en ville når en hadde sjansen...



Det er derfor eg no har bestemt meg for å følge magefølelsen min og gjør det eg har lyst til å gjør. Som f.eks å ikkje jobbe på SFO fra høsten av, men jobbe med det som gir meg energi og ikkje tapper meg for det. Så får eg bare ta sjansen på at ting ordner seg... Men det gjør jo som regel det.


Men nok filosofi for i dag.

Vi venter storfint besøk no i natt. Endelig datt tanna til Marthea ut! Ho har rikka og rugga på den no siden lenge før påske. Den har bare hengt der inni, men i dag datt ho altså ut. Så no ligg den i eit glass med vatn i kjøkkenglaset og venter på å bli henta av tannfeen i løpet av natta. Eg har ofte lurt på koffor i alle daga det skal være vatn i glasset... Det blir jo sånn søl når tannfeen putter handa oppi for å hente tanna... Og dessuten utelukker en muligheten for å få papirpenger når en putter vatn oppi... Kanskje det er nettopp DET som er hensikten... Hmmm.....



Ellers så er våren begynt å gjør sitt inntog her i Røverhuset. Trond har gått ut av hiet og har dei siste dagane jobba ute. Han har laga et knallfint bur til dei to uteboende medlemmene av familien. Trampe og Kiara. Dei to deilige kaninene våre har flytta inn i kvart sitt palass. Vi måtte ha dei i kvart sitt bur no, fordi Kiara har vore på påskebesøk i kaninburet til nabo'n og dersom vi ikkje tar heilt feil blir det småfolk i Røverburet i midten av Mai. Det skal bli et styr... Godt ho passer på ungane sine sjølv.

I går fekk vi eit digert lass med stein på tunet, så no er det fritt fram for alle med ekstra arbeidslyst å komme på besøk med trillebåre og være med å lempe stein på baksida av huset. Eg har egentlig funne ut at det er en mannejobb, så det skal han få fikse sjølv. Så kan eg plante blomster og sånne andre "dameting" imens.

I dag har eg baka tre store berg med gjærbakst. Pizzaboller, rundstykker med og uten ost og masse skillingsboller. Eg har med andre ord vore skikkelig husmor i dag. Vaske kle og rydde litt blei det også tid til. Eg syns eg har vore flink og derfor må eg skryte litt, for det er ingen andre som gjør det...

Nei, det er vel på tide å finne bingen. Har en liten terrorist som ikkje vil sove uten at meieriet kjem, så eg får vel berre innfinne meg...



Vil avslutte med nåkke av det vakraste eg veit.
En nydelig sang om det som eg opna bloggen med i dag.


Gabriella's song

"Det är nu som livet är mitt,
jag har fått en stund här på jorden
och min längtan har fört mig hit
det jag saknat och det jag fått.

Det är ändå vägen jag valt,
en förtröstan långt bortom orden
som har visat en liten bit
av den himmel jag aldrig nått.

Jag vill känna att jag lever
all den tid jag har,
ska jag leva som jag vill.
Jag vill känna att jag lever
veta att jag räcker till.

Jag har aldrig glömt vem jag var
jag har bara låtit det sova,
kanske hade jag inget val,
bara viljan att finnas kvar.

Jag vill leva lycklig för att jag är jag.
Kunna vara stark och fri,
se hur natten går mot dag.

Jag är här och mitt liv är bara mitt
och den himmel jag trodde fanns,
skall jag hitta där någonstans.
Jag vill känna att jag levt mitt liv."


























11 april, 2007

TIKKEN

Eg e visst med på bloggtikken, og siden eg ikkje klarte å komme meg unna blei eg tikka av Wenche. Så no har eg han. Det e bare å gjør seg klar.
Tikken fungerer sånn at den som blir tikka må skrive reglane for tikken (sånn at andre forstår ka det går ut på), og deretter skrive seks rare ting om seg sjølv. Deretter skal en tikke seks nye, som igjen må tikke sine venner.
Dette blir gøy folkens. Har ikkje leika tikken siden eg va lita.

Her er det du ikkje veit om meg:
1) Når eg går opp midtgangen i kirka (gjør det ganske ofte siden eg synger endel der) så har eg INNMARI lyst å slå flikflak heile veien. Litt rart, for eg kan ikkje slå flikflak... Men eg har lyst til det!

2)Eg blir litt glad når nåkken her i huset har fått eit sår, for då øyner eg en mulighet til å få pirke litt...

3) Eg er det største rotehauet i byen (men det trur eg egentlig folk rundt meg veit) sjølv om eg heile tida planlegg å lage veldig orden og system på alt rundt meg.

4) Eg e vognoman. Har nett kjøpt ny vogn sjølv om eg ikkje skulle gjør det. Bare MÅTTE.

5) Eg e den einaste her i Røverhuset som ikkje er kitlig i det heile tatt.

6) Kvar lørdag og onsdag er eg heilt overbevist om at det er eg som kjem til å vinne førstepremien i lotto.


No veit du det.
Eg har ikkje så mange på lista mi eg, så eg får tikke dei eg har:
Jeanett, Eirik og Elisabeth (hvis du lese bloggen min, då)

Tikken! Du har'an :)

25 mars, 2007

Bilderas!

No må du ikkje dette av stolen! Det e berre meg igjen.
Lovde jo å finne nåkken bilder og det man lover skal man holde!!!

Så no tenkte eg å komme med et ras.


Eg har i lengre tid gjort iherdige forsøk på å ta dråpebilder. For deg som ikkje veit ka det er så er det sånne bilder
Men eg fekk det ikkje til... Mine blei sånn

Men heilt ærlig så syns eg det blei litt kult!

Får berre øve videre. Gode råd mottas med takk.


I helga har det vore skikkelig vårstemning. Sola har skint som om ho hadde masse å ta igjen, og det har ho vel egentlig... Deilig har det i allefall vore. Vi har hatt ei aldri så lita bursdagsfeiring i dag. Så no e vi ferdig med endå ei feiring. NO er det lenge til neste. Heldigvis!



Nei, det va desse bildene.Her kjem dei!
















Dette er dei to klatremusene våre. Klatring er det siste nye her i huset og dei to eldste er blitt knallflinke. Eg klarer ikkje se på dei uten å bli kvalm...
Her er vi en tur på kanona. En kjekk plass å være. Her leikte eg sjølv masse når eg var liten. Litt mørkt bilde...

Lysene på bursdagskiva blir blåst ut!



En søt og hårfager treåring!


No er det nok bilder for denne gang. Skal gjør et forsøk på å få tatt bilde av heile skokken i løpet av veka. Må jo ha med bilder til farmor og farfar...

Dåkke får ha det bra folkens!

24 mars, 2007

"Helvetesveka"

Ja, så du meiner det var på tide at eg oppdaterte no? Kanskje det, ja. Det er berre det at oppdateringa blir slukt av tidsklemma. Den siste veka har vore særs hektisk. Spesielt ettersom Trond har jobba kveldsskift. Det har med andre ord vore den såkalla "helvetesveka". Så om du no set deg godt tilrette i stolen så skal eg fortelle deg om ka "helvetesveka" har inneholdt denne gang.

Sist lørdag var vi i familieselskap. Då feira vi bestefar sin 80-års dag. Det var veldig kjekt. Søndag stod vi tidlig opp og begynte å bake kake. Dvs. det var ikkje så masse å bake siden vi hadde vore så lure å ta med alle kakene fra 80-års dagen opp til oss. Men den obligatoriske geleen måtte lagast. Ut på ettermiddagen blei huset heilt fullt av folk som kom for å feire Torje sin 3-års dag. Vi måtte feire den en dag for tidlig, men det brydde no ikkje han seg om. Det blei trangt, men "der det er hjerterom er det husrom" heiter det seg, så det gjekk bra. Han var høgt oppe når kvelden kom og det virka som om han aldri hadde tenkt å lukke augene og sove seg fram til den skikkelige bursdagen neste dag.

Mandag morgen var eg tidlig oppe og lagde frukost til heile gjengen. Torje fekk skive med tre lys på og var kjempefornøgd. Men han hadde ikkje tid å ete, for det viktigste var jo pakken! Han blåste ut lysa og gjekk i gang med å pakke opp. Veldig spennande. Han fekk seg ei sjørøverskute og blei kjempeglad for den. Så var det berre å komme seg i barnehagen. Der hadde dei laga krone og teiknebok. Han var heilt i ekstase. Kjempefornøgd med å være i fokus heile dagen.
Nåkke meir feiring blei det ikkje den dagen. Trond gjekk på jobb, og det gjorde eg og. Då er det godt å ha ei oldemor og ei bestemor som kan stille opp og overta. Siden eg er på jobb mandag tirsdag og onsdag så blei det til at ungane måtte være med dei alle dei dagane.

Men denne veka blei det litt ekstra. Torsdag var det klart for å reise til Førde på Masterclass i sang. For deg som ikkje veit ka det er så går det ut på å stå og synge forran fleire andre sangere og en sangpedagog. Når en er ferdig å synge så begynner pedagogen å "pirke" på det en har sunge og på den måten får både den som synger OG dei som høyre på lære masse nyttig. Det var eg, Kristin, Kristian og Stian (Kul navnerekke, egentlig) som reiste innover. Pedagogen som hadde Masterclassen var ei svær russisk dame som har sunge på dei fleste store scener i verden og som no underviser i klassisk sang i Paris. Det var veldig spennande og eg kom jo veldig godt fra det, kan en sei. Sånn heilt uten å skryte fekk eg beskjed om å komme meg ut i verden og delta på store sangkonkuranser. Ho ausa ut av seg så mykje ros at en sunnfjording ikkje heilt veit koss en skal takle det. Ho ville endåtil bygge eit arkitektteikna hus til med der eg kunne ha plass til mann og barn, hvis eg absolutt måtte ha dei med meg... Ikkje rart eg blei litt rett i ryggen den kvelden. Så no skal eg legge meg i selen og plukke fram den klassiske musikken igjen.
mens eg var i Førde så var ungane hos oldemor og feira 80-års dagen endå ein gong. Etter at dei var ferdig så gjekk dei heim til mamma og pappa og der fekk dei prøve det nye boblebadet. Det gav vist meirsmak, for Marthea har planer om å gå ned der og bade KVAR gong ho er skitten... Ungane låg der nede. Bortsett fra Bendik då. Han må jo koblast til meieriet et par gonger i løpet av natta så han henta eg når eg kom heim fra Førde.

Og no er det helg igjen og vi skal gjere unna resten av bursdagsfeiringa til Torje i morra. Då kjem vennene hans og dermed er det berre å gjere seg klar for kakebaking igjen. For min del så blir det berre baking. Ikkje en liten smak engang. Det er del to av mitt kroppslige opppussingsprosjekt som er begynt. Eg skal prøve ein måned med Sten Sture Skaldemann sin filosofi og sjå om det gir resultat. Gjer det det kjem eg til å fortsette. Enkelt forklart går det på å kutte ut ALT sukker og stivelse. Så får vi sjå koss det går. Har holdt ei veke no og eg liker tendensen, kan en sei...

Men no må eg stikke. Skal hente ungar i bursdag. Kanskje eg kjem innom med nåkken bilder seinere i dag...

05 mars, 2007

Full rulle!








E det ikkje rart? Ei stund så skjer det ingenting og i neste så er det fullt belegg? Det e litt sånn no. Denne helga har det vore full rulle. Ungane har venta og venta på at onkelen skulle komme og denne helga kom han! Men dei hadde egentlig ikkje tid til å snakke med han. I allefall ikkje Adrian. Men e det ikkje ofte sånn då? At det er ventetida som er mest spennande?
Uansett. Det er alltid kjekt å få han bror heim.


Eg håper berre ikkje han bror ligg heime i Bergen og spyr no, for her hos oss braut spysyka ut for fulle mugger i går. Torje hadde den på onsdag, eg hadde den på fredag. Dvs. eg trudde det var "matforgiftning" fordi eg blei dårlig rett etter at eg hadde spist kyllingsalat og eg blei bra med en gang den var komt i reprise. Men det var nok ikkje salaten si skyld likevel... I går ettermiddag blei Adrian sjuk og seint i gårkveld var det Marthea sin tur. Og rett før fuglane feis i dagmorres måtte Trond til pers. Så no har vi alle hatt sjuka og eg er redd for at det er fleire som har vore på besøk hos oss i helga som ufrivillig har fått arve den. Men men, sånn e livet. En dør ikkje av spysyka...berre nesten.


Men spysyka er ikkje det einaste virusangrepet her i Røverhuset denne helga. I dag fann AVG'n min heile 28 trojanske hester!!!! Men med eit skikkelig artelleri så måtte dei gi tapt heile gjengen. Takk til Arne som gav meg ein skikkelig "viruskillercocktail". No har eg hatt nytt søk og scan og ingen virus er funnet!
Mest av alt er eg veldig imponert og stolt over å ha klart å fikse det heilt uten hjelp. Eg blir berre bedre og bedre. Så no har eg installert heile fire forskjellige viruskillere og spioner, så no skal eg, i følge Arne, være sikra mot ALT. Det var til og med hester i det antivirusprogrammet som var på maskina! Han trudde nok han var trygg der, men dengang ei! Eg har skutt virus med kanon i heile dag! INGEN slapp unna!

Eg må berre fortsette å skryte av mine datakunnskaper. Eg klarte heilt av meg sjølv å finne driver til printeren i går OG få installert den. E EG FLINK ????
JA, selvfølgelig. (Sjølvskryt skal en lytte til, for det kjem fra hjertet)


Ellers så har eg sunge i årets første bryllup i helga. Det var koselig og eg sippa som vanlig mens paret gjekk til alters. Alt som det pleier å være med andre ord...



Eg har også gått til anskaffelse av nytt fotoapparat! Ved å synge litt her og litt der så har eg altså spart meg til digitalt speilrefleks kamera! Foreløpig er eg på svært så nybegynnernivå, men øvelse gjør mester heiter det og derfor så har eg begynt så vidt. Eirik har vært så snill å låne meg boka si, så no skal eg begynne å studere.


Eg har foresten fått meg en ny hemmelig venn det er FLY lady og ho skal hjelpe meg til å få orden på ting og tang her i huset. Eg seie ikkje meir. Håper berre ho er så god som det virker. Kan røpe så masse som at kjøkkenet hat vore strøkent i heile to dager no!!! Og det heilt uten mas. DET er kanskje ikkje nåkken bragd, tenker du, men for meg er det faktisk det. For eg er verdens største rotehaue! Og eg bur sammen med fire andre rotehauer! Den siste er så liten at han kan eg ikkje skylde på... Men no skal det bli andre boller. Ungane og vi voksne har fått dagsoppgaver og så får vi sjå koss det går...


NO har eg fått med alt, trur eg.




Ha det fint. Vi ses nok igjen om ikkje så alt for lenge.

22 februar, 2007

Høye fjell og dype daler...


Så var det igjen tid for en liten tilstandsrapport fra Røverhuset. Er vel egentlig ikkje så masse nytt, men litt skjer det jo.

Har den siste veka fått erfare at det er fullt mulig å bevege seg fra topp til bånn på humørskalaen berre på kort tid. Mandag fekk eg beskjed om at eg mest sannsynlig får drømmejobben fra høsten av og gleden var VELDIG STOR (ka og kor kan vi komme tilbake til når det er endelig avklart...). Tirsdag klarte den største av røverbarna her å lage store felt av grå hår i hodet på meg og eg har vore djupt fortvila for det. Altså fra topp til bånn på kort tid. Men eg meiner eg har lese at det er sånn å være foreldre, så då får eg berre godta det. Har vel sagt før at det er ingen som kan gjere deg så sint som ungar, men heller ingen som kan gjere deg så glad som dei heller. Livet er en kamp folkens ;)


Vi har jo hatt oss ei lita ulykke og sida sist. Dvs. ikkje vi, men Adrian. Han gjekk på hauet sist fredag og resultatet blei ei fin lyreleppe, eit godt stykke av fortanna og eit blodig kne. Tanna fekk vi heldigvis fiksa og resten gror no sammen med tida. Trur nok det verste for han var at han måtte skippe klatringa fordi han hadde så vondt.

Men no e det ei veke sida og han er klar for klatreveggen igjen.

Han e blitt en hai på å klatre. Eg måtte snu meg vekk når han var på toppen, for eg blir jo svimmel berre eg skal opp i ei gardintrapp. Men han var på toppen andre gang han klatra og det såg ikkje ut til at det kosta han nåkke å henge på veggen åtte meter over bakken!!!


Ellers så har eg faktisk foretatt ei aldri så lita premiering her på bloggen. Jeanett blei besøkande nr 500 og slikt blir det premie av. Smash-bar og tegning fra Marthea er sendt i posten. Det lønner seg å besøke min blogg, ja. Men det hadde ikkje blitt nåkke premie om ho ikkje hadde huska det viktigste: Å SKRIVE EN KOMENTAR TIL MEG!!!!

Det syns eg alle skal gjere, så blir det litt nytt for meg å lese og, for det har vore dårlig med oppdatering på mine blogg venner for tida. (Hint Hint)


No er vi begynt å planlegge sommerferien. Det er ikkje så enkelt. Mange ønsker er komt fram, men en ting er vi vel enige om: vi må en tur til Kroken. Så får vi ta det derfra. Ungane vil til Sabeltann og Dyreparken. Eg for min del kunne godt tenkt meg en tur til Tusenfryd, men etter å ha sjekka litt så har eg funne ut at det vil bli veldig kjedelig for Marthea og Torje ettersom det på dei fleste karusellane er ei minstehøgde på 140cm. Vi får ta det når ungane er blitt store (og så fort som tida går så er jo ikkje det så lenge til).

Det er heldigvis ei stund igjen til sommerferien, så vi kan planlegge masse enno. Vi skal jo jobbe litt utenfor Røverhuset også, så her kreves det god planlegging.

Men før det er sommerferie skal vi ha vinterferie og den begynner på mandag, så då blir det ei heil veke UTEN vekkerklokke!!! I LOVE IT!!!!


That's all.... CU!

11 februar, 2007

Long time, no seen...

No e det vel på høg tid med ei oppdatering.
Det hjelpe lite å irritere seg over at andre ikkje oppdaterer når eg ikkje gjer det sjølv...

Det er hektiske dager i Røverhuset for tida. Røvermamma jobber som sagt som sangpedagog på kulturskulen tre ettermiddager i veka og ellers så går dagane i barn og barn. Det er ganske mykje "logistikk" med fire barn. Adrian skal på fotball to dager i veka og så er han begynt på klatring. Marthea er med meg på musikkbarnehagen om tirsdagen. Så det er henting her og bringing der. Det er vel en del av det å ha barn.

Når det gjelder mitt nye og mykje bedre liv så må eg sei eg er flink. Er over 10000 steg KVAR dag!!! Og det er jo en veldig god start. Det hjelper både på humøret og på BMI'en... No har Trond invesert i skikkelige tursko og, så no skal vi gå og gå. Han går faktisk på jobb kvar morgen. Nesten ei mil!!! Og han står opp kl FEM om morra'n for å gjør det!!! DET skulle eg hatt godt betalt for! Stjerne i margen til han.

Den siste veka har vi hatt eit fantastisk vêr. Bikkjekaldt og knallblå himmel. Faktisk så kaldt at det i helga blei erklært trygg is både på Svartevatnet og på Likkjevatnet. Så då var det å begynne jakta på skøyter. Vi fekk tak i både til Adrian og Marthea, men ho ville ikkje gå likevel. Tryggare å berre bruke skoa. Adrian hadde virkelig dreisen på det. Han gjekk og gjekk og var heilt utsleten når vi kom heim. Vi får berre håpe at vi får ha isen lenge.

I dag er det Morsdag! Eg fekk ikkje frukost på senga, men det er fordi det er så bale å ete den der. Trond stod opp og laga god frokost med baguetter og egg og så kom ungane inn til meg med pakke. Eg fekk eit aldeles nydelig smykke. blei heilt på grinen når eg opna pakken. Han har god smak han mannen min.
Morsdagskakene blei inntatt heime hos ho mor og han far. Der var vi sammen med bestemor og bestefar. Mamma hadde laga bløtkake og eg hadde laga..... Ka trur du???? Heilt rett. Oreo-kake. Det er ei stund sida no, så det var godt med deilig oreo-kake igjen.

Mamma og pappa har hatt ei storopprydding på loftet. Der fann dei store deler av min "barndom". Det var litt vemodig å få Jostein i armane igjen i dag. Han såg ut akkurat som eg husker han. Plasteret var til og med akkurat der eg huska det var! Jostein er min bamse. Den blei kjøpt til meg når eg var baby og eg fekk den av ein som hette Jostein. Derav navnet. Ein grå pus. Litt slitt etter årenes løp, men likevel veldig god.
Marthea falt heilt for Indianerdukka mi. No har dukkene hennar fått seg ei storesøster. Håret til dukka var bra tova sammen, men ei halv flaske med balsam fiksa den biffen. No er den god som ny og sover godt i senga til Marthea.Så siden Indianerdukka ligge med Marthea så får eg ta Jostein med meg til køys.
Ei heil kasse med dukkeklær var heller ikkje å forakte... Der var til og med ein dåpskjole, så eg reknar med det blir litt barnedåpar framover. I tillegg var der dukkesenger og masse bamser, men vi fann ikkje ho Nutta! Det er ei dukke som ein helt spesiell har et heilt spesielt forhold til...


Eg skulle jo ha blogga nåkken bilde snart, men siden den bærbare pc'n med alle bildene på er på "sykehuset", så får det vente.
Har klart å redde alle bilder og dokument, men det er det einaste som er på maskina no. Så eg må vente til eg får hjelp av en eller annen til å legge inn igjen alle programmene mine. (Ja, Eirik. Du er hjertelig velkommen...) I mellomtida så får eg bruke den stasjonære og ikkje blogge bilder...

Men no e det kveld.
Ha ei god natt og ikkje gløm å legg igjen en liten komentar eller hilsen til meg.