22 februar, 2007

Høye fjell og dype daler...


Så var det igjen tid for en liten tilstandsrapport fra Røverhuset. Er vel egentlig ikkje så masse nytt, men litt skjer det jo.

Har den siste veka fått erfare at det er fullt mulig å bevege seg fra topp til bånn på humørskalaen berre på kort tid. Mandag fekk eg beskjed om at eg mest sannsynlig får drømmejobben fra høsten av og gleden var VELDIG STOR (ka og kor kan vi komme tilbake til når det er endelig avklart...). Tirsdag klarte den største av røverbarna her å lage store felt av grå hår i hodet på meg og eg har vore djupt fortvila for det. Altså fra topp til bånn på kort tid. Men eg meiner eg har lese at det er sånn å være foreldre, så då får eg berre godta det. Har vel sagt før at det er ingen som kan gjere deg så sint som ungar, men heller ingen som kan gjere deg så glad som dei heller. Livet er en kamp folkens ;)


Vi har jo hatt oss ei lita ulykke og sida sist. Dvs. ikkje vi, men Adrian. Han gjekk på hauet sist fredag og resultatet blei ei fin lyreleppe, eit godt stykke av fortanna og eit blodig kne. Tanna fekk vi heldigvis fiksa og resten gror no sammen med tida. Trur nok det verste for han var at han måtte skippe klatringa fordi han hadde så vondt.

Men no e det ei veke sida og han er klar for klatreveggen igjen.

Han e blitt en hai på å klatre. Eg måtte snu meg vekk når han var på toppen, for eg blir jo svimmel berre eg skal opp i ei gardintrapp. Men han var på toppen andre gang han klatra og det såg ikkje ut til at det kosta han nåkke å henge på veggen åtte meter over bakken!!!


Ellers så har eg faktisk foretatt ei aldri så lita premiering her på bloggen. Jeanett blei besøkande nr 500 og slikt blir det premie av. Smash-bar og tegning fra Marthea er sendt i posten. Det lønner seg å besøke min blogg, ja. Men det hadde ikkje blitt nåkke premie om ho ikkje hadde huska det viktigste: Å SKRIVE EN KOMENTAR TIL MEG!!!!

Det syns eg alle skal gjere, så blir det litt nytt for meg å lese og, for det har vore dårlig med oppdatering på mine blogg venner for tida. (Hint Hint)


No er vi begynt å planlegge sommerferien. Det er ikkje så enkelt. Mange ønsker er komt fram, men en ting er vi vel enige om: vi må en tur til Kroken. Så får vi ta det derfra. Ungane vil til Sabeltann og Dyreparken. Eg for min del kunne godt tenkt meg en tur til Tusenfryd, men etter å ha sjekka litt så har eg funne ut at det vil bli veldig kjedelig for Marthea og Torje ettersom det på dei fleste karusellane er ei minstehøgde på 140cm. Vi får ta det når ungane er blitt store (og så fort som tida går så er jo ikkje det så lenge til).

Det er heldigvis ei stund igjen til sommerferien, så vi kan planlegge masse enno. Vi skal jo jobbe litt utenfor Røverhuset også, så her kreves det god planlegging.

Men før det er sommerferie skal vi ha vinterferie og den begynner på mandag, så då blir det ei heil veke UTEN vekkerklokke!!! I LOVE IT!!!!


That's all.... CU!

11 februar, 2007

Long time, no seen...

No e det vel på høg tid med ei oppdatering.
Det hjelpe lite å irritere seg over at andre ikkje oppdaterer når eg ikkje gjer det sjølv...

Det er hektiske dager i Røverhuset for tida. Røvermamma jobber som sagt som sangpedagog på kulturskulen tre ettermiddager i veka og ellers så går dagane i barn og barn. Det er ganske mykje "logistikk" med fire barn. Adrian skal på fotball to dager i veka og så er han begynt på klatring. Marthea er med meg på musikkbarnehagen om tirsdagen. Så det er henting her og bringing der. Det er vel en del av det å ha barn.

Når det gjelder mitt nye og mykje bedre liv så må eg sei eg er flink. Er over 10000 steg KVAR dag!!! Og det er jo en veldig god start. Det hjelper både på humøret og på BMI'en... No har Trond invesert i skikkelige tursko og, så no skal vi gå og gå. Han går faktisk på jobb kvar morgen. Nesten ei mil!!! Og han står opp kl FEM om morra'n for å gjør det!!! DET skulle eg hatt godt betalt for! Stjerne i margen til han.

Den siste veka har vi hatt eit fantastisk vêr. Bikkjekaldt og knallblå himmel. Faktisk så kaldt at det i helga blei erklært trygg is både på Svartevatnet og på Likkjevatnet. Så då var det å begynne jakta på skøyter. Vi fekk tak i både til Adrian og Marthea, men ho ville ikkje gå likevel. Tryggare å berre bruke skoa. Adrian hadde virkelig dreisen på det. Han gjekk og gjekk og var heilt utsleten når vi kom heim. Vi får berre håpe at vi får ha isen lenge.

I dag er det Morsdag! Eg fekk ikkje frukost på senga, men det er fordi det er så bale å ete den der. Trond stod opp og laga god frokost med baguetter og egg og så kom ungane inn til meg med pakke. Eg fekk eit aldeles nydelig smykke. blei heilt på grinen når eg opna pakken. Han har god smak han mannen min.
Morsdagskakene blei inntatt heime hos ho mor og han far. Der var vi sammen med bestemor og bestefar. Mamma hadde laga bløtkake og eg hadde laga..... Ka trur du???? Heilt rett. Oreo-kake. Det er ei stund sida no, så det var godt med deilig oreo-kake igjen.

Mamma og pappa har hatt ei storopprydding på loftet. Der fann dei store deler av min "barndom". Det var litt vemodig å få Jostein i armane igjen i dag. Han såg ut akkurat som eg husker han. Plasteret var til og med akkurat der eg huska det var! Jostein er min bamse. Den blei kjøpt til meg når eg var baby og eg fekk den av ein som hette Jostein. Derav navnet. Ein grå pus. Litt slitt etter årenes løp, men likevel veldig god.
Marthea falt heilt for Indianerdukka mi. No har dukkene hennar fått seg ei storesøster. Håret til dukka var bra tova sammen, men ei halv flaske med balsam fiksa den biffen. No er den god som ny og sover godt i senga til Marthea.Så siden Indianerdukka ligge med Marthea så får eg ta Jostein med meg til køys.
Ei heil kasse med dukkeklær var heller ikkje å forakte... Der var til og med ein dåpskjole, så eg reknar med det blir litt barnedåpar framover. I tillegg var der dukkesenger og masse bamser, men vi fann ikkje ho Nutta! Det er ei dukke som ein helt spesiell har et heilt spesielt forhold til...


Eg skulle jo ha blogga nåkken bilde snart, men siden den bærbare pc'n med alle bildene på er på "sykehuset", så får det vente.
Har klart å redde alle bilder og dokument, men det er det einaste som er på maskina no. Så eg må vente til eg får hjelp av en eller annen til å legge inn igjen alle programmene mine. (Ja, Eirik. Du er hjertelig velkommen...) I mellomtida så får eg bruke den stasjonære og ikkje blogge bilder...

Men no e det kveld.
Ha ei god natt og ikkje gløm å legg igjen en liten komentar eller hilsen til meg.

29 januar, 2007

Hit eit steg og dit eit steg...

Siden det e lite med oppdatering hos mine medbloggere for tida, så får eg gjør det.
Det er vel egentlig ikkje så mykje nytt å melde om, men nåkke slarv skal eg vel klare å trykke ned på tastaturet.

Det er en eller anna som drive å skrur av og på vinteren her hos oss. Vi har hatt snø ei god veke no, men det er sånn som det pleier å være her; en dag med snø, en dag med regn, en dag med frost, eit par daga med klinkeis og så litt snø igjen. Sånn går sirkelen omatt og omatt... Syns egentlig at då e det like greit når det ikkje kjem snø. Liker ikkje å måke og i allefall ikkje å skli rundt på isen med ein bil full i ungar.
Men det er vel berre å lære seg å leve med det, tenke eg.

Når det gjelder mitt annonserte nye og bedre liv så er eg på rett veg. Eg e blitt en hai te å gå lange tura. Går kvar dag og går minst 10000 steg. Skritt-teller e artige greier. Kjempespennande å komme heim og sjå kor langt en har gått og viser den under 10000 så får eg så dårlig samvittighet at eg må ta meg en tur til. Gluping den som fann på den der. No skal det seiast at det ikkje er alle skritt-tellere som er like pålitelige då... Har ein fra Lidl og den telle berre kvart tiande steg. Dermed blei en tur på nesten ei mil målt til rett over 1000 steg, Og det var uten sjumilsskona...
Så mitt tips er å få en skikkelig teller og kom deg ut og gå.
Vi e jo egentlig blitt bra flinke til å gå her i huset. Trond går til jobb om dagane. En tur som tar en time. Ikkje ti ville hestar hadde fått meg til å stå opp kl fem om NATTA for at eg skulle gå på jobb. Men han syns det er skikkelig forfriskande. Bra trim er det også.

I dag er lillerøveren vår fire månader. Tenk at vi har hatt han så lenge. Han er blitt en skikkelig plugg. Lever godt på mora sitt fett. Ingen pingle det der, nei. Men det er nok berre en fordel når han etterkvart må hamle opp med tre større søsken.

Ellers så er det lite som skjer her i røverhuset. Eg har fått datatrøbbel igjen (BOMBE????). Laptopen min har rett og slett berre takka for seg. Den vil ikkje starte. Så no venter eg på en cd fra tigerstaden som eg håper skal løyse problemet uten at eg misser både bilder og anna lurt som ligge innpå der. Må innrømme at eg e begynt å ane at eg kanskje berre skal holde meg vekk fra sånne tekniske ting. Det er nemlig nåkke som klikker kvar gong eg tek i det. Ta f.eks kopimaskina på jobb. Kvar gong eg skal kopiere nåkke på den så sette den fast papiret. Det slår ikkje feil. Og når en av dei andre skal hjelpe meg å fikse problemet, så skjer det ikkje. Har berre funne ut at eg ikkje skal bruke den når eg er aleine, så sleppe eg det. Bør muligens ta det som et tegn på at eg skal holde meg vekk fra sånne ting.

Jaja, det va litt av det som fyller hodet mitt i dag/kveld.
Hadet på badet!

21 januar, 2007

Litt oppdaterings....

No får eg gjere eit nytt forsøk. Fatter ikkje ka som e gale med bloggen min. Der e jo en mikroskopisk mulighet for at det ikkje e bloggen det e nåkke feil med, men den som eige den... Den muligheten er selvfølgelig så liten at det egentlig ikkje e en mulighet i det heile tatt.

Her i Røverhuset skjer det ikkje så masse for tida. Dagane fyke avgårde i en fei og det er ikkje så masse en får gjort. Hadde et håp om å få gjort masse husarbeid i veka som va, men eg har fått meg en liten sabotør. Kvar gong eg skal gjere nåkke vetig så begynne Bendik å skrike. Dermed så får eg ikkje gjort så masse. Men eg får gjere et nytt forsøk denne veka. Mulig eg skulle ansatt ei vaskehjelp... Tanken har streifa meg... Får vel gjere arbeidet sjølv enn så lenge. E jo god trim i det og, og alle monner drar.

Den siste veka har det vore vinter her hos oss. Eller nåkke som ligner i allefall. Ungane va kjempegladenår snøen lava ned, men som vanlig kom det regn om natta og frost på morra'n og då får vi sånn humpetitten akeføre. Ungane aker no uansett, men eg trur akebretta og skiene får god medfart på isklumpane. Så eg seie det igjen: dersom det ikkje kan være skikkelig vinter så kan det berre være med heile greia. Det e jo nesten ikkje mulig å fote seg ute. Gjekk meg en tur i dag og det var nesten eit skritt fram og to tilbake. Godt eg hadde vogna å holde meg fast i.

Eg ser jo det at det er ganske mange som besøker bloggen min for tida. Utrulig kjekt, men kan ikkje dåkke legge igjen en hilsen til meg då? Skriv en liten komentar til meg så blir det litt spennande for meg og. Please...

Please er foresten det siste nye ordet som Torje har lært seg. Han spør om ting og tang og kvar gang han får nei, så ser han på oss med dådyrauge og seier:"Pliiiiis, mamma", eller "Pliiiis, pappa" Og ka seier en då? Han e jo så god... Han veit vel så alt for godt at han kan sjarmere oss i senk... Men nåkken fordela skal en vel ha når en er så liten.

Ellers så har det skjedd store ting i nabohuset i helga. I butikken altså. En kar som var ute på tur oppdaga ei ROTTE i butikkvinduet her en kveld og filma den med mobilen. Ringte mattilsynet og det var kroken på døra... heilt til neste dag. Då åpna dei gijen. Men i helga har dei vaska og rydda og fiksa der borte, så då får vi sjå om det blir litt bedre. Rotta va i allefall ekkel og slike dyr skal ikkje være i en butikk!!! Hadde håpa at heile butikken blei fiksa og shaina. DET hadde dei nok tjent peng på. Då hadde nok fleire handla der. Akkurat no kan eg ikkje sei at det frister å handle nåkke som helst der borte.

No kjem eg ikkje på nåkke meir å sladre om, så dåkke får ha det bra. Og vær så snill å legg igjen en komentar til meg, for då blir eg glad ;)

18 januar, 2007

Er det Smurfer her???

Forbanna drittblogg!!
Ja, i går skjedde det igjen. Eg har brukt lang tid på å skrive om dei siste dagars hendingar, og var riktig fornøgd med resultatet og ka skjer når eg trykke på "Publish Post"??? Heile greia klikker og ALT eg hadde skreve blei sletta!!!! Jada... lagre først. Eg har prøvd det, men det går ikkje an med blogger. Kanskje det blir bedre no når eg har bytta til den nye versjonen.


Det eg prøvde å fortelle dåkke i går var ikkje anna enn at no er vi ferdig med alle bursdagane i januar. Trond var sistemann ut i går. men siden han går kveld så fekk han ingen feiring. Eller, vi var en tur på Aroma og spiste lunch då... Vi skal ha nåkken folk her i morra men dei får ikkje søte kaker!!!! Eg vil spy berre ved tanken på det. Nei, eg skal prøve meg på ei skikkelig svensk "smörgostårta" også kalt smørbrødkake. Det er kjempegodt. I allefall den som mamma lager. Og siden ho har forklart meg koss det skal gjøres, så satser eg på suksess...


I går kom det ned en god del snø her. Til ungane sin store glede. Dei var ute med akebretta sine og kom inn igjen våte og røde i kjakane, akkurat sånn som det skal være. Seint i gårkveld blei det litt regn og i natt fraus det på... Va det glatt ute då, trur du??? Heilt grusomt. No i ettermiddag har vi vore en tur i akebakken, men Torje datt av akebrettet på første turen og dermed skulle ikkje han meir. Og når en står rett opp og ned ute i kulden lenge så blir det ikkje så kjekt. Det blir toast og kakao til kvelds i kveld.


Så en gladmelding til alle dåkke som er Smurfefans. No kan du finne ut smurfenavnet ditt på nettet. Eg har gjort det og mitt smurfenavn er:

DRUNKEN SMURF

Heilt feil selvfølgelig....


Vil du sjekke ditt så er det bare å gå inn på denne sida:
http://www.quizopolis.com/smurf_name.php


No som bursdagane er overstått for ei stund så kan eg begynne å gjør alvor av å begynne et nytt og bedre liv. Starten tok eg i går og lagde meg et lass med sunnhetsboller. Det såg ikkje ut som mat.... Heller som det som kjem etterpå, men ondt skal ondt fordrive så det er vel berre å ete i vei... Dei vart faktisk gode.


Jaja, det var det. No har eg fått oppdatert og så håper vi på at ikkje dette også blir sletta når eg skal lagre det...

(Bare så dåkke veit det så klikka det dinna gangen og!!! Skulle legge inn et bilde. Resultat? 300 bilder./%/&¤&%#%##&%%/&)

10 januar, 2007

Bursdagen er overstått

Det snør, det snør, tiddelibom...
Ja, eg trur i allefall det er det som kjem dalande ned fra skyene. Ikkje så masse at det er nåkke å snakke om, men nok til at eg kan notere det i bloggen. Det er ingen fare for at det skal bli kvitt ute med det første, men det har faktisk vore ei skikkelig snøbyge i formiddag.

Som eg nok har nevnt er planen min å starte et nytt og bedre liv no. Det er eg for så vidt komt i gang med. Har gått tur i går og i dag og det er faktisk veldig deilig med frisk luft. Et lite spenningsmoment er det jo og når eg tek med meg "pedometeret". I går gjekk eg 8772 steg og i dag har eg berre gått 2241. Men eg skal bli bedre.
Eit nytt og sunnare liv er ikkje så enkelt når det er bursdagsfeiring annakvar dag. I går feira ungane dagen sin. Dei fekk sjokolademuffins til frokost...(det er berre bursdag ein gang i året), og så var det tid for pakker. Marthea fekk masse kle og Adrian fekk dei lenge etterlengta fotballskoa. Det var stas. i barnehagen feira dei Marthea med brask og bram og krona var godt plassert på hodet når eg kom for å hente.
Eg slapp vel egentlig greit unna i går. Eg var på jobb fra halv fem til halv åtte, så det var Trond som fekk arbeidet, men det klarte han fint. Når eg kom heim var det berre oppvasken igjen. Eg hadde bestemt meg for å berre feire tre ganger no, en familiebursdag og en til kvar av ungane, men det er ikkje så enkelt. Så vi skal ha et "voksenselskap" til på søndag. Då blir det venner og deira barn. Og så er det Trond sin tur til å ha selskap. I år blir det ikkje sånn storfeiring som sist, men litt kaker og kaffi må han vel få.
Men etter det er det heilt slutt på all kakeeting. Då er det berre salat og fullkorn... Trur eg....

Forrige onsdag begynte eg på jobb på musikkskulen. Det var utrulig kjekt. Håper det ordner seg sånn at eg kan få meir jobb der når permisjonen går ut. Det hadde passa meg flott. Det kjekkaste er når eg og Kristin er sammen, men det er kjekt å ha enkeltelevar aleine og.

No er det vel på tide å lage litt middag.
Snakkes.

07 januar, 2007

Første etappe i bursdagsfeiringa er over

Ja, så var den første veka av det nye året over.
Vi har vel ikkje fått komt heilt i gang med alle nyttårsforsetta enno, og eg reknar med at dei ikkje vil tre heilt i kraft før i slutten av månaden. Sunnere livsstil passer egentlig dårlig sammen med tre bursdager... Så vi får begynne å forberede oss no sånn at vi e klare til å bli sunne etter den 17.


Januar er jo den store bursdagsmånaden her i Røverhuset. Adrian blir 9 på tirsdag og siden han var så heldig å få seg ei søster til treårsdagen, så blir Marthea 6 år samme dag. Dei er begge to i skikkelig bursdagsmodus for tida. Spesielt Marthea. Ho er komt ned på detaljnivå. "Kass skåler skal du servere geleen i, mamma?" Skjønner jo at dette er en stor dag, men det får no være grenser for planlegging...
Vi har hatt et aldri så lite selskap her i dag. Siden Jeanett er fadder på Marthea, og ho reiser tilbake til Tigerstaden i dag, så ville Marthea at ho skulle komme og spise kaker før ho reiste. Så Marthea har laga gulrotkake og så var Jeanett og tante og onkel her. I følge Adrian var dette det kjedeligste bursdagsselskapet han hadde vore med på nåkken gang, men det var ve kanskje fordi Marthea fekk fleire pakker enn han... Men dei kom vel likt ut til slutt likevel. I den alderen er kvantitet viktigere enn kvalitet...
På tirsdag blir det vel ikkje den store festen her. Eg skal på jobb på Kulturskulen og då blir det litt mykje om Trond skal lage selskap for familien her når eg er på jobb... Planen er å ta familieselskapet neste søndag. Vi får sjå. Då kan vi slå to fluer i en smekk. Bursdag for ungane og Trond.
Fredag skal Marthea feire sin dag, og lørdag er planen at Adrian skal feire sin. Der kan det muligens bli litt trøbbel fordi det er så mange som skal feire bursdag i Januar at det visstnok er planlagt en annen bursdag i klassen samme dag. Vi får sjå ka som skjer.

For dåkke som trudde dåkke las feil lenger oppe, så er det faktisk sant at eg er begynt å jobbe litt. Er vikar på Kulturskulen tre ettermiddager i veka. Sangpedagog! Utrulig spennande og kjekt. Hadde passa meg midt i blinken å fått meg masse jobb der sånn at eg kunne kutta ned på den andre jobben. No har eg no foten innafor døra, så då er det vel et håp. Ikkje som sangpedagog, men som et eller anna anna...

Jepp. No går alarmen min, så då er det vel berre å finne fram ein pupp og komme seg til køys.
God natt!

01 januar, 2007

Bilder fra 2006

Siden det var nåkke muffins med pc'n i natt fikk eg ikkje lagt inn bilder fra året som har gått. Derfor kjem dei no.
Sånn såg det ut utenfor Røverhuset før vi begynte å grave...

Etter to dager såg det sånn ut....Etter mange arbeidstimer, svette og slit... No er det berre å vente på at graset skal spire...Den flotte terrassen vår...Det nydelige brudeparet. Kiara på armen til Marthea.Krabbejakt på kaia på Brendholmen.På badetur med Røverpappa'n Klar til å synge for Krompen
Nydelige Bendik


Sånn har vi hatt det i 2006.

Håper 2007 blir like innholdsrik....(nesten....)





GODT NYTT ÅR!!!!!



Jaja. Så var 2006 en sagablott. Eit år som har satt store spor, i allefall her i Røverhuset. Ved inngangen til et nytt år er det vel på sin plass med ei lita oppsummering av året som har gått. 2006 fikk en pangstart når vi oppdaga at ein ny røver var på vei inn i røverfamilien. Det tok litt tid å venne seg til nyheta, men fy søren kor glade vi er for at han har komt til oss. 2006 har vore eit spennande år på fleire måtar. I mars tok eg eksamen i "Leik, dans og drama" ved Høgskulen i Sogndal. Det var kjempegøy. Eg savner turane til Sogndal sammen med Kristin der vi låg på hotell og berre hadde det kjekt heile tida. Til og med eksamen var kjempegøy! Det beste av alt var jo at resultatet også blei bra. Rett før sommaren slo inn feiraa vi storbryllup i familien. Nina og Tommy gifta seg 27.mai og det var ei minnerik oppleving. Bruda var fin og brudgommen likeså. Bryllup er jo alltid kjekt. I allefall når det kjem så masse familie og venner som en ikkje møter så ofte. Det blei ingen ferietur på oss i år. Vi valgte å prioritere hus og hage. Vi har drenert heile tomta, sådd plen og planta hekk. Det er vel kanskje feil å sei vi, for det er absolutt ikkje eg som hsr jobba. Det er det Trond som skal ha æra for. Han har arbeidd som ein maur i heile sommer. I tillegg til ein flott hage har vi fått oss ein gedigen terrasse. Der blei det mange fine dager i sommer. Vi har hatt ein fantastisk fin sommer i år. Eg for min del syns det har vore i varmaste laget, med diger mage og høg innvendig temperatur fra før. Sjølv om vi har arbeidd mykje i sommer fekk vi tid til eit par turar til paradisøya vår. På hytta på Brendholmen har vi kosa oss uten anna støy enn bølgeskvulp og måkeskrik. Der ute kosa vi oss alle. Ungane fiska og satt krabbeteiner, og fangsten var god også. Ingenting er vel meir sommer enn å sitte i fjæra og ete nykokt krabbe... I begynnelsen av september fekk vi storfint besøk her i byen. Vi fekk besøk av sjølvaste Kronprinsparet, og eg fekk den store gleda av å synge for dei. Eg sang to sangar fra "Haugtussa". Ein "once in a lifetime- opplevelse". Etter den lille konserten fekk eg helse på Kronprinsparet, og Mette Marit ønska meg lykke til med fødselen. Ikkje alle som får slike lykkeønskinger med seg. Og den største begivenheten skjedde den 29. september. Seks dager på overtid kom Bendik til verden. Han kom som et skudd når han først kom, og er sjølvsagt den nydeligste og deiligste ungen i heile verden. Akkurat som dei tre søskena hans er det. Og med en nyfødd i huset så har det til tider vore ganske så travelt. Og derfor har vel ikkje denne førjulstida blitt heilt som eg hadde ønska. Men slik er det. Det viktigste er vel at vi ikkje har stressa og kava. Sjølv om ikkje huset var heilt strigla så blei det jul likevel. Jula blei feira her heime i Røverhuset sammen med mamma, pappa og Eirik.

Inngangen til 2007 feira vi sammen med mamma, pappa og bestemor og bestefar på Takle. Ikkje nåkke "hæla i taket" feiring, men det har vi heller ikkje nåkke behov for. Vi har slappa av og kosa oss. Ungane har gått litt julebukk, men det var så flaut å synge at det berre blei fire pakkar i posen... Planen var å ta dei med inn til barnekjippen, men det ville dei ikkje, så då gjekk vi heim og ungane har kosa seg på golvet med lego i heile kveld. Ved midnatt tok eg og Trond turen inn til by'n og såg på Kjippen. Der var det mykje artig å sjå på. Ein skal være forsiktig med å slenge med leppa eller gjere nåkken sprell, for då havnar du i Kjippen. Her har mange kreative sjeler gjort ein stor jobb i romjula...

Så no er det berre å gå inn i det nye året med friskt mot. Med positive tanker går det meste bra. Ha eit fortreffelig godt nytt år alle sammen.

26 desember, 2006

Romjulstanker




"Gammal vane er vond å vende" er det nåkke som heiter. Sånn er det nok blitt her i gården, for eg tenker nesten berre på blogging... Og siden eg har vore så trøtt dei siste gangane eg har oppdatert, fann eg ut at no skulle eg lage ei skikkelig juleoppdatering. Julegavane er alt tatt i bruk, og nåkken av dei er alt komt i vaskemaskina eller blitt spist opp. Vi fekk veldig masse fint til jul både store og små. Dei største ungane fekk seg saccosekker og Torje fekk seg lenestol, så no er golvet forran tv'n fullt av møblement. Og dei blir flittig brukt no i romjula. Masse spennande på tv som må sjåast på. Sjølv om eg ikkje heilt liker at ungane bruker store deler av dagen forran tv'n så er det greit no, for ute regner det fortsatt og det er begrensa kor lenge dei klarer å leike uten stopp.

No når alle pakkane er åpna så har vel det ein kallar for julefred senka seg her i Røverhuset. Det har vore deilig med jul i eige hus og svært koselig å ha familien på julemiddag. I går var vi heime heile dagen, med unntak av den årlige julefrukosten hos bestemor og bestefar. Uten den blir det ikkje skikkelig jul. Då er alle samla til god frukost og det er veldig koselig.
På ettermiddagen kom Nina og Tommy bort og då spiste vi oreo kake og drakk vin. Veldig godt kvar for seg, men ikkje så godt sammen... Så vi tok kaka først og vinen etterpå.

Planen for i dag var å gå oss en lang tur og få ei skikkelig dose med frisk luft, men den planen blei fort lagt på hylla når vi stod opp og såg at det ausa ned igjen. Det var så flott i går, og vi hadde jo håpa på at det kunne være sånn i dag og, men det blei ikkje sånn, så då får vi ta det en anna dag.

I morra skal eg ha jentekveld her. Då skal vi samlast, jentene fra klasse 6A på Florø Barneskole 1991. Karianne skal koke og vi andre skal nyyyte... Det er fjerde året vi har julemiddag og det er kjempekjekt. I år er det kamskjell, and og ostekake som står på menyen... Får vatn i munnen berre ved tanken på det...


Dette diktet her er så flott at eg ville dele det med dåkke. Nåkke å tenke på no som vi snart går inn i et nytt år og mange skal begynne på et nytt og bedre liv...

Hvis

Hvis du kan bli på post når man forlot deg

og holde hodet klart når alt slår klikk,
hvis du kan tro når alles tvil står mot deg,
men også våkent lytte til kritikk;
hvis du kan gå i ventetidens lære
og møte løgn - med sannhet som ditt svar,
og møte hat - du ikke selv vil nære,
men tie med hvor klok og god du var.

Hvis du kan ferdes fritt på tankens veier,
og drømme - uten selv å bli fordrømt,
hvis du kan møte nederlag og seier,
som to bedragere du selv har dømt;
hvis du kan tåle at ditt ord forvrenges
til usselt pjatt i demagogens munn,
hvis du kan se ditt livsverk søndersprenges,
og atter bygge det på naken grunn.

Hvis du kan våge alt på samme terning,
et enkelt kast på livets spillebord,
og tape alt - og gjenoppta din gjerning,
men aldri nevne tapet med et ord;
hvis du kan ta din tørn og ikke gi deg,
men sette inn hver fiber i din kropp
og holde ut når alt forstummer i deg
unntagen viljens røst: «Gi aldri opp!»

Hvis du kan si til massen hva du mener,
og selv blant konger være den du er,
hvis du er alles hjelper, ingens tjener,
og venn og uvenn står deg like nær;
hvis du kan fylle hvert minutt av tiden
med seksti solsekunder,
- da som lønner jorden din med alt som finnes i den,
og - enda mer - du er en mann, min sønn!

Eg håper dåkke alle koser dåkke og tar det med ro no i romjula, for det skal eg gjør.


Hadet!

24 desember, 2006

Jul, jul, strålande jul...






Ja, så var det julafta igjen. Syns ikkje det er så lenge sida sist. Utrulig kor fort tida går når en har unger i hus.

Dette er altså dagen dei små har gått å gleda seg til i lange tider. Telt ned kvar dag med julekalender, skreve ønskelister til kreti og pleti og drømt om pakker med spennende innhold. Så kjem endelig dagen, og så består den egentlig berre i å vente. Vente, vente, vente.

Dagen har snegla seg fram for ungane her i Røverhuset óg. Dei våkna ikkje så voldsomt tidlig i dag. Litt over åtte var heile familien samla i dobbelsenga. Der låg vi og prata om forventningane for dagen. Ungane håpa på masse pakker og vi voksne hadde så kjedelige ønsker som snille barn som ikkje krangla. Før vi stod opp hørte vi på "Den vesle bygda som nesten glømte at det var jul" på cd. En veldig god start på dagen. For å sei det med Marthea sine ord."Kan ikkje vi gjør sånn på alle julaftene? Det var så kjekt å kose i lag oppi senga". Så stod vi opp og Trond laga ein deilig frokost til oss. Nystekte rundstykker (halvstekte fra før) og masse godt pålegg. Når frokosten var spist kledde ungane på seg og gjekk ned til bestemor og bestefar. Ungane gjekk i forveien slik at vi fekk gjør unna litt før kvelden. Etter litt rydding og vasking (nei, eg var ikkje ferdig) så fór vi også ned til ho mor og han far. Der blei det servert nissegraut. Til ungane sin store glede viste det seg at det også der nede bur en loftsnisse. Han hadde lagt fram en pakke på loftet som bestemor fann når ho skulle hente julepynten. Pakken var til dei snille ungane i Røverhuset, og under papiret gjømte det seg ein DVD med "Svein og Rotta". Vi fór heim rett etter maten og ungane såg på filmen sin for å få tida til å gå.

Vi har hatt en snarvisitt av nissen her heime i dag. Han hadde det så travelt at han ikkje hadde tid å komme inn, så han la påkkane på trappa. Ungane var like fornøyd likevel. Spesielt Torje, for han er så redd nissen.

Vi hadde mamma, pappa og Eirik her i kveld. Dei åt her og opna pakkane. Etter pakkane gjekk vi som vanlig ned til bestemor og bestefar. Det var koselig som vanlig. Endå kjekkere blir det i morra tidlig, for då er det den årlige julefrokosten.

Så no sitte eg her sammen med min flotte amnn og drikke rødvin og slapper av, for det føler eg at eg har fortjent. Problemet er berre at eg held på å sovne her eg sitter, så nesten alt blir feil...Ungane er sovna og alle er fornøyd. Adrian sa det så fint i dag:"Dette er den aller beste julafta i heile mitt liv!" Om det var dagen i seg sjølv eller at det låg ein flett ny mobil under treet er ikkje så godt å sei, men han var fornøyd og det var det aller viktigste.

Før augene mine dett igjen så skal eg berre forklare korfor det ikkje blei blogging i går: Det hadde seg sånn at den siste konserten var ferdig kl 00.00 og derfor blei det ikkje nåkke. Håper eg er tilgitt likevel. Konsertane gjekk strålande og vi kosa oss alle sammen. Både kor og publikum.

Dagens dikt blir eit tradisjonelt dikt som passer godt til kvelden:


Julekveld

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos ikveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosi held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.

Han låg der med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.

Songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt.
um barnet, Guds son og sonar
som myrkret for evigt batt.

Denne versjonen er slik som diktet stod trykt i "Jul i Sunnfjord" i 1931. Jakob Sande skreiv diktet under ei stikkelsbærbusk sommaren 1931.

GOD JUL til alle sammen.

22 desember, 2006

berre to dager igjen...

Jaja, dykk sit og glor...?

Dette har vore den store begravelsesdagen. Eg har sunge i to gravferder i dag, så det har ikkje akkurat vore nåkke lystig dag. Først var det begravelse for Magnhild Knapstad. Det var ho som blei nedkjørt her for ei veke sida. Det var ein fin sermoni og det var godt å få være der og få "avslutta" dei vonde bilda som er festa på netthinna. Det har vore ei rar veke på ein måte. Litt skjelven blir ein sjølvsagt når ein er vitne til at eit menneske blir nedkjørt på den måten. Eg sang "O Helga Natt", "Du" og "Pie Jesu". Det gjekk veldig bra og alle var fornøgde.
Etterpå var det ny gravferd. Då blei Erik Olsen gravlagt. Han dødde etter at han datt ned fra ei bru i Førde forrige helg. Det også var ein fin seremoni og eg sang dei samme sangane i den gravferda, med unntak av "Du".
Mens eg var i kirka var Eirik her og passa Adrian og Bendik. Det hadde visst gått heilt greit. Håper berre ikkje at han er blitt skremt fra å få egne ungar... For eg vil bli tante engang. Sjølv om eg veit at eg må smør meg med tolmodighet. Det seier dei begge to i allefall.
Etter at eg var ferdig i kirka møtte eg Eirik og Bendik i byen og så fekk vi gjort unna dei siste julegavene. Det er egentlig ikkje heilt rettferdig det med innkjøp av julegaver. Eg må finne ut ka som skal kjøpast og eg må handle dei. Han har berre ein pakke å holde styr på, og det er gaven fra ungane til meg. Eg og Trond kjøper ikkje gave til kvarander, for vi har brukt så masse penger på kjelleren i det siste at det er julegave nok. Men for ungane er det litt viktig at dei får gje pakke til oss, så derfor så kjøper dei en liten ting til oss.

Vi har tatt julehandelen i dag. No er all julematen komt i hus. Det er deilig å kjenne at julefreden er på vei, for her i begynnelsen av veka hadde eg mest lyst til å avlyse heile jula. Var sikker på at eg ikkje kom i havn med nåkke som helst, og så har eg vore bra sliten etter barnedåpen. Sjølv om barnedåp er kjekt så er eg veldig glad for at vi er ferdig med den.
Men no kan vi berre konsentrere oss om jula. Har planer om å ha nåkken rolige dager her heime sammen med ungane. Har palner om å ta en pakkerunde i morra sånn at vi kan være heime på julafta og se på "Tre nøtter til Askepott" og "Donald's jul" og "Reisen til julestjerna". Kan ikkje huske sist eg såg Askepott. No har eg komt over "overdosa" fra då eg var liten. Då vi hadde Askepott på video og såg den kvar einaste dag. Det skal eg aldri meir gjør. Askepott er på julafta og ikkje heile året. Det har eg bestemt!!!

I kveld har vi pynta juletreet vårt. Det blei veldig fint. Berre rødt og gull og så har eg fått meg sånne små lys på det. Akkurat sånn som eg ville ha. Det blei faktisk finare enn edelgrana vi hadde i fjor, så då er alt bra. Skulle vise bilde av det, men det har klikka igjen...
Får prøve i morra...

I kveld har eg funne et skikkelig juledikt som eg liker veldig godt. Kos dåkke med det i natta...


De hyrder stirrer i natten ut

og lenges til dagens komme.
De beder en bønn til den høyeste Gud,
at natten må være omme.
De tider, de skrider så langsomt hen
for alle ventende fromme.


Men lyset strålte og englene sang
så deilig et «Ære være».
Og hyrdene styrte til krybben sin gang
og ville sitt offer bære.
Hver juleaften jeg ønsker til Gud
jeg måtte iblant dem være.

Hver juleaften når klokker mon gå,
og lyden den bær over heie,
da kaller vår Herre ad sine små
på deres sorgfulle veie;
den julegave han verden har sendt,
den vil han at alle skal eie.

Hver juleaften jeg tenner mitt lys,
da samles vi, gamle og unge.
Så hjelpes vi ad Guds ære og pris
med hjertens glede å sjunge.
Det er den kjæreste stund jeg vet
blant årets triste og tunge.

Så kommer du inn og bøyer deg ned
inn under de lave døre.
Der blir det så stor en glede og fred,
visst kan du det ennå gjøre!
Så svøpes du inn i krybberum,
i hjerter som vil deg høre.

Å, vær da velkommen, Jesus kjær!
Om deg så vil vi nå kvede.
Velkommen, Guds trøst, å, vær oss nær!
Velkommen, vår juleglede!
Velkommen med din velsignede fred
for gammel og ung her nede!

No håper eg dåkke klarer å sette dåkke ned og slappe av litt i morra og ikkje stresse meir med julebakst og julevask og juleditt og juledatt. Det blir jul uansett folkens...

Natta!

21 desember, 2006

Sandpapir...



Dette er den tredje siste bloggen i min bloggekalender. Tenk det. Eg har blogga kvar dag i heile desember. En bragd det står respekt av, spør du meg. Heilt ærlig så hadde eg ikkje trudd at eg skulle klare/ gidde å skrive kvar kveld, for det tar jo litt tid, men etter kvart som dagane skreid fram så har dette blitt en vane og eg trur nok kanskje at eg kjem til å savne det når jula er over. Og, nei, eg har ikkje tenkt å fortsette å blogge kvar dag i 2007, hvis det var det du hadde tenkt å foreslå. Men litt hyppigere blogging enn det har vore før desember 2006 skal eg vel klare.

I dag begynte eg på julevasken. Har tatt stua og halve gangen i dag. I tillegg er eg ajour med klesvasken... så lenge det varer då. Blir jo ny haug kvar dag.
Grunnen til at eg ikkje fekk tatt alt i dag er at eg og Eirik måtte en tur til byen og ordne litt forskjellig ting og tang, så dermed gjekk tida fra meg.
Hadde planer om en rask tur til byen og så heim for å fortsette, men som dåkke veit så er eg i perioder vekke i tåkeheimen, og det var eg i formiddag...
Hadde glømt at det var julelunch på Kulturskulen i dag, og når eg endelig kom på det var eg allerede på vei til byen med Eirik, så då fann eg ut at eg berre droppa det. Men Arne ringte og ville så gjerne at eg skulle komme og spise med dei, så då tok eg Eirik med meg og gjekk opp. Det tok jo litt tid selvfølgelig, for vi kunne liksom ikkje berre komme inn og ete og så stikke igjen. Nei, så høflige som vi er så satt vi der ei stund og taut før vi vandra videre på vår bytur.

I kveld hadde vi generalprøve på julekonserten. Det gjekk heilt greit det, men eg er litt uenig i avgjørelsane til dei to "juledamene" våre. Men det får no berre være. Alt kan jo ikkje gå etter mi pipe heller...

Det eg er litt bekymra for i kveld er at eg har fått "sandpapir" i halsen. Det er jo egentlig katastrofe, for eg skal synge i to gravferder i morra. Pie Jesu og O Helga Natt i begge to. Ikkje sanger som eg kan synge med sandpapir i halsen...

Være...

Midt i vår travle og hektiske flid
og selvforskyldte mangel på tid...
glemmer vi ofte det enkle og nære
gleden ved det å få lov til å være…

Dette er nåkke å legge seg på minnet no når det berre er tre dager igjen til jul...


Natta folkens!

20 desember, 2006

Eit litt grotesk dikt og deilig julegodt



I kveld holdt heile blogginga på å gå i vasken for meg. Hvis du lurer på korfor så er grunnen enkel (og veldig god): Eg og Jeanett lager julegodt i kveld og det tar jammen meg lang tid... Og hvis du lurer på om du kan få komme på besøk og smake, så veit eg ikkje heilt ka eg skal sei, for det blei så godt at vi helst vil ha det heilt for oss sjølv... Men dersom du er veldig snill så skal du heller få smake litt.
Heilt ærlig så var det ikkje alt som blei like vellykka. Men det er ikkje vår skyld. Det er Trond Moi som har lagt ut oppskriftene, og vi kan vel ikkje nåkke for at han ikkje har skreve i oppskrifta kor lenge sukkerlaken skal koke... Resultatet blei, ja ka skal eg sei.... mindre bra er vel et dekkande ord. Dvs utseendet blei ikkje som forventa, men FY så godt det blei.
Nåkke som blei knallbra det var microkaramellene. DEI var veldig enkle å lage, og dei smakte veldig godt. Vi fann vel ut at en porsjon på kvar blei alt for lite, så vi må lage meir i morra. Og kanskje på fredag og... Planen var å lage fudge og i kveld, men det fekk vi ikkje tid til, så det får vi ta igjen en anna kveld.

I dag har eg vore på Kulturskulen og laga meg timeplan for nyåret. Er litt usikker på om eg no har tatt meg vatn over hodet, men det får vi sjå etterkvart. Skal ha 12 vokal elever og musikkbarnehagen. Musikkbarnehagen blir sammen med Kristin, men det andre blir heilt aleine. Litt skummelt syns eg, men eg må jo berre prøve. Reknar ikkje med Arne hadde spurt meg dersom han ikkje trudde eg fiksa det. Vi får se...

I dag blei eg ferdig med julegavane. Berre Bendik igjen, men det skal eg fikse på fredag trur eg. I morra har eg lyst til å berre være heime og ikkje gjør på nåkke som helst. Eller, det blei litt feil. Eg har planer om å gjør huset klart for julefeiring. Det er vel så langt fra klart som en kan komme for tida. Men det kjem seg det berre eg får meg eit par timar med armane fri for barn. Då må det bli i morra, for det er siste skuledag før jul og dermed er Adrian heime på fredag.
I tillegg til julegavane så er juletreet innkjøpt. Edelgrana som eg fann var jo selvfølgelig seld, så det blei ei vanllig gran på oss i år. Men den er til gjenngjeld veldig fin. Gleder meg til å pynte den på fredag. Vi må jo pynte før lillejulafta, siden eg er borte heile den kvelden. Eg er litt sær på juletrepyntinga, så derfor får ikkje Trond og ungane gjør det aleine. Eg vil helst ha det sånn som eg "ser" det inni hodet mitt...

Ellers så har torje funne ei ny drikkevatn-kilde her i huset i dag. Eg kom inn på badet og tok han på fersken der han stod og drakk vatn fra do! Tok hav vekk, vaska hendene hans og ba han drikke vatn fra et glass, men han ville ikkje. Han skulle drikke fra do. Eg prøvde å forklare han at det var ekkelt og grisete, men fekk til svar at det var "veldi dodt". Jaja, godt den som var sist på do hadde huska å trekke i snora etter seg...

I kveld fekk eg lyst til å dele eit av mine favorittdikt med dåkke. Det er ikkje eit vakkert dikt, men eg liker det likevel.


LIKFUNN

So fann dei han Ole Johan,
langt burte i Håsteins-hagen.
Der låg han og rotna og brann,
med solsteiken rett i magen.
Og magen var grøn og blå,
av steinklaka gorr og slim,
og flugor og kvitmakk små,
aula i yrjande stim.
-
Spyfluga grøn og feit,
la sine egg i skinne',
og ålkvite småmakkar beit
seg gangar og bol der inne.
Ei rotte stakk tranten ut,
– kva svarten som no var og sjå?
Ho var som ein blodgorra klut,
med blankslimut hale på. –
-
Og augo hans Ole Johan,
var berre ei slimut glye
som nedover kinnet rann,
so sleip som ei slimut spye.
Og nasa eit blodraudt sår,
der beinpipa lyste bleik.
– For rotta ho var der i går,
og åt seg so feit ei steik.
-
Og lippa for kjøt var rein,
og gliste med kvasse tenner,
som illkvite stakk og skein,
som marssol på frosne fenner.
Og teven stod tjukk ikring,
denne blaute, flytande kropp,
og kråka sat rundt i ring,
og skratta med høge hopp.
-
So tok dei han Ole Johan,
og la han på fire påla.
So bar dei han fire mann,
med' kråkene skratta og skråla.
Mykje tå skrotten flaut vekk,
og mykje kvarv burt som eim,
og mykje i spyfluga gjekk,
men beina kom heile heim.


Burde kanskje advart mot sterke ord og masse gørr, men no er det for seint, for du har jo lese diktet. Jakob Sande er ein kjend og kjær diktar og, som sagt, ein av mine favorittar.

Men no skal eg over til en anna favoritt... Senga mi...

Ha ei fortreffelig natt...

19 desember, 2006

Tannlegedagen 2




Dette har vore den nye store tannlegedagen. Først Martheaa og så Adrian. Hadde jo et håp om å bli ferdig med tannlegebesøk for ei stund, men det blei ikkje sånn... Adrian tok seg ei reprise på sist besøk, berre at i dag holdt eg han igjen sånn at han ikkje fekk gå. Likevel gjekk vi derfra med uforretta sak og en unge som skreik fordi eg tok han med meg ut av tannlegekontoret... Eg heldt på å bli sprø, men det blir vel bedre med tida får vi håpe.

Eg har vore på et aldri så lite formiddagsbesøk hos bestemor og bestefar i dag. Var og hjalp ho med nåkke julegavegreier. Fekk smake på julebaksten og, og den var godkjent. Hadde faktisk planer om å lage litt julegodt sjølv i dag, men det gjekk i vasken fordi eg la meg ut i senga for å få Bendik til å sove. Veit ikkje kem av oss som sovna først, men eg våkna kvart over seks og då var det på tide å begynne med legging av trøtte og sure ungar.
Eg forstår ikkje korfor dei er så sure for tida. Hadde som sagt tenkt at vi skulle gjør litt juleting før jul, men det er ikkje nåkke kjekt når ungane krangler, sloss og griner uten stopp heile dagen. Då lager eg heller julekos når ungane er lagt, for då slepp eg å bli sur óg. Ingen er tjent med ei sur Røvermamma...

No i kveld har eg vore med jeanett og Timon på tur. Sjølv om det renn kontinuerlig fra oven var det godt å komme seg ut litt og få litt frisk luft. Det har ikkje vore masse av det i det siste. I dag har det ikkje vore opphold i det heile tatt. Eg berre er så glad for at vi har fått drenert tomta her, for ellers så hadde vi vel harr kjelleren full i vatn og svømmebasseng i hagen. Det er visst bløtt nok som det er no. I helga såg det j ut som om det skulle bli litt kaldere slik at vi kunne få en pause i regnet, men dengang ei. Temperaturen steig igjen og alt var tilbake til normalen igjen. Eller dvs det er vel ikkje så veldig normalt med temperaturer oppunder 10 grader i midten av desember... Heller mot normalt vil eg sei.

I morra får eg gjere et nytt forsøk på å lage litt julegodt. Då trur eg ikkje eg har nåkke som må gjerast. Anna enn at eg skal inn på Kulturskulen på formiddagen i morra.

Den annsamme

Han har ikkje stund til å stogge

og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter
dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.

Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar har det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri att.

Det var dagens dikt. Ta det til dåkke og ikkje stress sånn at de gløymer å kose dåkke no i førjulstida. Det skal nemlig være litt kos og. Og for dåkke som ikkje har fått det med dåkke: Julenissen er ikkje allergisk mot støv likevel... Vi vil vel ikkje se sånn ut i jula...


Tytast i morra.

18 desember, 2006

Kor blei det av alle planane?


Nå begynner det jammen santen å nærme seg. Plutselig har eg oppdaga at det er litt som gjennstår før det er jul her i huset. Men det er jo typisk meg. Når det er meir enn ei veke igjen så har eg all verdens med tid, heilt til det er ei veke igjen, og då begynner panikken å bre seg...

Hadde store planer før desember begynte om at vi skulle gjør masse juleting og kose oss i lag som en familie, men det har ikkje gått så bra. Ungane er ikkje interessert og det ender stort sett med krangel og grining. Adrian vil heller være ute med venner og blir kjempesur når vi skal gjør nåkke sammen. Så derfor har eg utsatt den idylliske familieførjulskosen til ungane blir større.

I dag har eg pakka inn masse julegaver og så har eg og min lillebror (litt artig å kalle han det...) vært i byen og handla julegaver. Så no minsker det på dei. Hadde jo som forsett at eg skulle være ferdig med alle gavene til 1.desember, men dette er jula då prinsippene og planene står for fall... Får prøve igjen neste år...

Vi har laga sjokoladetopper i dag. Det liker eg ikkje, egentlig, men eg fann ei oppskrift på Art og Tast og dei blei berre KNALLGODE!!! Så det spørs om en porsjon er nok... I morra har eg lyst å lage peppermyntesjokolader, men det spørs om eg får tid. Det er den store tannlegedagen i morra, og det i seg sjølv er jo ei stor utfordring. Marthea skal kl ti og Adrian kl to. Vi får berre håpe på det beste. Det hadde vore fint om dei ikkje var utstyrt med så innmari mykje viljestyrke. Den er ei utfordring i seg sjølv.

I dag var det siste øving før generalprøven på julekonserten. Det var godt å få Maria på plass, for då blei Pie Jesu god å synge. I dag låt det faktisk veldig bra, så eg får berre fortsette med å øve, så blir det nok bra på lørdag óg. Det var ganske mange vekke fra .ving i dag, og det er ikkje så bra med tanke på at det berre er fem dager igjen til konsert. Håper folk kjem på torsdag, for då er det generalprøve...

Dagens lille ord er ikkje et dikt, men en slags vits, som eg syns var litt god i desse juletider. Den viser kor det kan gå om en er litt ivrig...

Jeg hadde atten flasker med Whiskey i
kjelleren da min søster ga meg beskjed
om å tømme innholdet fra alle flaskene
i vasken, ellers......Jeg sa jeg at jeg skulle gjøre det
og gikk den tunge vei ned for å
ta fatt på den ubehagelige oppgaven.
Jeg trakk korken av den første
flasken og helte innholdet i vasken
med unntak av et glass, som jeg drakk.
Så tok jeg korken av flaske nummer 2
og gjorde det samme med den, med
unntak av et glass, som jeg drakk.
Så tok jeg korken av den tredje
flasken og helte innholdet ned i vasken,
som jeg drakk. Jeg tok korken fra
flaske nummer fire ned i vasken og
helte flasken ned i glasset, som jeg drakk.
Jeg trakk vasken av det neste glasset
og helte korken ned i flasken.
Så korket jeg vasken med glasset,
flasket drinken og drakk hellingen.
Når jeg hadde tømt alt støttet jeg
huset med en hånd, talte glass, korker,
flasker og vasker med hverandre,
og kom til tjueni, og da huset kom
tilbake talte jeg dem igjen og til slutt
hadde jeg alle husene i en flaske,
som jeg drakk.
Jeg er ikke under alkoflytelse av
innohol som troen nor at jeg er.
Jeg er ikke fullparten så halv som du tror.
Jeg tåper meg så følisk at jeg vet
hvem jeg er, og jo fullere jeg står
her jo lengre blir jeg.

Jaja, no er det sengetid for både store og små her i huset.

Natta

17 desember, 2006

Bare ei veke igjen...


Tenk at no er det bare sju dager igjen til jul. Om ei veke på denne tida sitter vi nok og puster ut etter pakkemaraton. Kanskje er vi på besøk hos bestemor sammen med resten av familien. Der får de voksne seg en julelikør/cognac og kaffi servert i dei pittesmå koppane som blir tatt fram til jul. Men det er det ei veke til, og godt er det, for eg er ikkje ajour heilt enno. Har tre- fire pakker igjen.

I dag har det nesten ikkje regna! Heilt utrulig. Vi har vært ute og gått en liten tur fordi det var så fint ute, men når vi hadde komt bort i veien så kom det nåkken dråper, så då gikk vi nee til mor og far en tur. Der var den obligatoriske messingpussen i full gang. Då blei eg plutselig så glad for at eg har lakka all min messing svart. Har nok å styre med likevel.

Eg har fått levert ut dei første julegavene i dag. Vi har vore i bursdag til Johnny og då tok eg med julegavene inn der i samma slengen. Eg må jo snart gjør ferdig dei andre julegavene no. Det begynner jo å nærme seg. Får ta et innpakkingsraid no i veka. Eg liker jo å dille med sånne ting. så det burde ikkje være nåkke problem. Har jo fått tak i så stilig papir og...

Det har vore finale i handball- EM i dag, og Norge vann over Russland, så vi er europa-mester i handball. Kjekt! Sjølv eg, som ikkje er så innmari interessert i sport må få med meg en sånn begivenhet. Fekk berre sett første omgang siden vi skulle i bursdag. Men eg fekk med meg andre omgang på radioen.

I kveld kom han lillebror heim fra Bergen. Han sitter her i stua og ete pizza med oss. Alltid kjekt å få han heim. Ungane syns i allefall det er stas. No skal han være heime til over jul, så dei får kose seg masse sammen med han. Har hørt rykte om modellbåtkjøring på storevatnet...
Artig både for store og små gutter.

Siden det er tredje søndag i advent i dag, så år eg fortsette der eg slapp sist søndag.

Tenn lys!
Tre lys skal flamme
for alle som må sloss.
For rettferd og for frihet.
De trenger hjelp av oss.
Må ingen miste motet
før alle folk er ett.
Tenn lys for dem som kjemper
for frihet og for rett.

Kos dåkke denne siste veka før jul, og ikkje stress alt for masse...

16 desember, 2006

Juletreet gikk seg vekk i tåka...

Så du har tatt turen innom her i dag òg?
Ja, eg holde ut enno. No er det blitt ei vane med denne blogginga og det er faktisk ganske kjekt. Det burde prøvast av fleire... Sånn at eg sleppe å lese min egen blogg for å få med meg nyheter rundt meg. På den andre sida så kan det være greit for meg å lese min egen blogg sånn at eg husker ka som har skjedd meg i det siste. Tåka er fremdeles ganske så tjukk. Faktisk så tjukk at vi glømte å hente juletreet vårt i dag. Vi hadde funne "det perfekte treet" og skulle hente det før vi fór heim fra byen, men det glømte vi. Like senile begge to. Og no er juletremannen reist heim igjen. Vi finne vel et anna fint et får vi tru. Sjølv om det ikkje blir edelgran.
Hvis nåkken skal ha skylda for at eg/vi glømte juletreet, så er det matbutikkane her i byen. Planen var at vi skulle lage ristopper i dag, men trur du nåkken av matbutikkane hadde delfiafett? Neida. Utsolgt over alt. Når t.o.m "holleviken" er tom, så er det virkelig krise. Dei må jo forstå at folk trenge delfiafett til julekakene sine! Så på mi jakt etter delfiafett gjekk heile juletreet seg vekk i tåka. Når eg for til byen i kveld for å handle hadde dei sikkert funne nåkken vekkgjømte pakker på lageret på Mega, for då fann eg en pakke.
Så i morra skal vi lage ristopper...

Ellers har masse av dagen dreid seg om ulykka i går. Adrian og Jonas var borte i krysset med et lys og ei rose tidligere i dag, og seinere har det komt meir av det der borte. Sonja har tatt på seg å ordne bårebukett fra alle naboane her. Alle er like rysta over tragedien.
Ungane spør og graver og skjønner vel egentlig ikkje så masse av det heile. I allefall ikkje Dei minste. Marthea ville ikkje ut i dag fordi ho var redd ho kunne bli påkjørt...

Det skjer lite her om dagen. Men i dag har vi vore vitne til en liten sensasjon. Klokka 11.45 stod SOLA på himmelen!!! Husker ikkje sist eg såg den. Men for all del. Det har regna i dag óg. Vi nærmer oss vel stygt 60 døgn uten oppholdsvær. Det er heilt forferdelig. godt vi fekk drenert tomta i vår, ellers hadde vi vel hatt basseng i kjelleren.

I ettermiddag var Nina og jentene her. Kimmely kjeda seg sånn at ho spurte meg om å få vaske gulvene mine. Ho vaska og styrte på, så då blei det reint og fint her.

Adrian er på overnattingsbesøk hos Vegard i natt. Han vil så gjerne ha overnattingsgjester her, men eg orker ikkje det no før jul. Syns det er nok styr om ikkje det skal være endå fleire i huset.

Dåkke vil vel ha et lite dikt i dag og...

Carpe Diem

Himmelen, solen, latter og gråt…
Vi er alle i samme båt..
Venner og venner og venner min venn..
Du lever i dag og aldri igjen..
Du er deg selv, glem ikke det
og hver er sin egen lykkesmed..
Gjør som du vil, ikke som andre..
Søk etter veien du selv vil vandre..
Livet er vakkert, bruk det i dag..
Skrik ut din glede, må du så klag..
Kjenn på din lykke, glem disiplin..
Carpe diem.. Dagen er din!!


Prøv å leve etter dette i resten av julestria, og husk: Julenissen har ikkje støvallergi!!!

Hadet på badet!

15 desember, 2006

Ei lita oppdatering

Ulykka i dag fekk et tragisk utfall. Dama døde i kveld av skadene, og bilføreren er sikta for uaktsomt drap. Eg har vore i avhør på politistasjonen og dermed blei det lite klubb på meg i kveld...
Så i kveld har eg tent et lys...

Ei forferdelig ulykke :(

Eg husker nesten ikkje ka som har skjedd i dag, eg. Ikkje fordi eg er i tåka, men fordi hidet mitt er fullt opp av et forferdelig syn. Stod på kjøkkenet og såg ut vinduet då en bil kom kjørande og kjørte på ei dame som var i gangfeltet. Dama blei kasta opp i lufta og slengt fleire meter bortover. Foreløpig veit eg ikkje meir enn at ho er på sjukehuset og at status er "skadd". Men dersom ho overlever dette er det berre fordi det ikkje var hennas "tur" i dag. Det var heilt forferdelig. "Lykka" oppi det heile var at politiet stod 20 meter lenger borte og såg på når det skjedde. Dei hadde rigga seg til i innkjørselen til Nina for å ha fartskontroll. Den blei det naturligvis ikkje nåkke av.
Det var akkurat dette vi var i avisa og advarte mot. Synd det må ei ulykke til før det blir reagert. Politiet og Vegvesenet har holdt på her på veien i heile ettermiddag.
Får berre krysse alt vi har for at det skal gå bra. Ta ho med i kveldsbønna i dag.

Eg skulle egentlig en tur inn på kulturskulen i dag og prate med Arne og Kristin, men eg har vore heime og rydda litt og prøvd å få huset nåkke lunde i orden til jul. Og så har Torill vore på besøk her.

I kveld skal eg på klubb. Det gleder eg veldig til.
Resten av helgahar eg ingen planer for, bortsett fra et bursdagsselskap på søndag, då.

Dagens ord:

En gang i blant

En gang i blant skulle en ta seg tid

til å gjøre nær sagt ingenting.
La timene rusle litt sakte forbi
og la tankene fly litt i ring.

En gang i blant skulle en stoppe opp-
uten formål og uten grunn,
bare sitte i fred med sin kaffekopp
og bare "være" en liten stund.

En gang i blant skulle en roe seg ned
og se alt i litt større perspektiv
-gi tankene tid til å dvele litt ved
hva en egentlig vil med sitt liv.

Ha en fin fredagskveld, folkens!