21 desember, 2006

Sandpapir...



Dette er den tredje siste bloggen i min bloggekalender. Tenk det. Eg har blogga kvar dag i heile desember. En bragd det står respekt av, spør du meg. Heilt ærlig så hadde eg ikkje trudd at eg skulle klare/ gidde å skrive kvar kveld, for det tar jo litt tid, men etter kvart som dagane skreid fram så har dette blitt en vane og eg trur nok kanskje at eg kjem til å savne det når jula er over. Og, nei, eg har ikkje tenkt å fortsette å blogge kvar dag i 2007, hvis det var det du hadde tenkt å foreslå. Men litt hyppigere blogging enn det har vore før desember 2006 skal eg vel klare.

I dag begynte eg på julevasken. Har tatt stua og halve gangen i dag. I tillegg er eg ajour med klesvasken... så lenge det varer då. Blir jo ny haug kvar dag.
Grunnen til at eg ikkje fekk tatt alt i dag er at eg og Eirik måtte en tur til byen og ordne litt forskjellig ting og tang, så dermed gjekk tida fra meg.
Hadde planer om en rask tur til byen og så heim for å fortsette, men som dåkke veit så er eg i perioder vekke i tåkeheimen, og det var eg i formiddag...
Hadde glømt at det var julelunch på Kulturskulen i dag, og når eg endelig kom på det var eg allerede på vei til byen med Eirik, så då fann eg ut at eg berre droppa det. Men Arne ringte og ville så gjerne at eg skulle komme og spise med dei, så då tok eg Eirik med meg og gjekk opp. Det tok jo litt tid selvfølgelig, for vi kunne liksom ikkje berre komme inn og ete og så stikke igjen. Nei, så høflige som vi er så satt vi der ei stund og taut før vi vandra videre på vår bytur.

I kveld hadde vi generalprøve på julekonserten. Det gjekk heilt greit det, men eg er litt uenig i avgjørelsane til dei to "juledamene" våre. Men det får no berre være. Alt kan jo ikkje gå etter mi pipe heller...

Det eg er litt bekymra for i kveld er at eg har fått "sandpapir" i halsen. Det er jo egentlig katastrofe, for eg skal synge i to gravferder i morra. Pie Jesu og O Helga Natt i begge to. Ikkje sanger som eg kan synge med sandpapir i halsen...

Være...

Midt i vår travle og hektiske flid
og selvforskyldte mangel på tid...
glemmer vi ofte det enkle og nære
gleden ved det å få lov til å være…

Dette er nåkke å legge seg på minnet no når det berre er tre dager igjen til jul...


Natta folkens!

Ingen kommentarer: