06 desember, 2006

Nesten for sein...



Dåkke trudde eg hadde glømt heile greia no? Neida. Ikkje denne tøtta. Har berre hatt det så innmari travelt i dag. Har faktisk ikkje vore nedpå ein stol meir enn den tida eg har gitt pupp og spist middag.

I dag har eg fått handla julegaver til svigers og Frode. Godt med alt som er gjort. No minker det på lista mi, heldigvis.

Vi har vore på sjukehuset med Torje i dag. Han har vore å tatt prikktest. Det gjekk kjempefint. Dama tegna på armen hans og så tok ho dråper på. Det var stor stas det, heilt til ho skulle stikke han på dråpane. Det var ikje så gøy, men heller ikkje verre enn at han tilbydde ho den andre armen etterpå. Han blei testa for melk, egg og appelsiner, men det var ikkje utslag på nåkken av dei. Så då kan vi berre ta det med ro. Han har nok vokst allergien av seg meinte legen. Ingenting er bedre.

I dag blei gjesterommet ferdig!!! Har fått opp dobbelseng og til og med en nisse i vinduskarmen. Så no kan vi ta imot overnattingsgjester uten å måtte omkalfatre heile familien. Det beste med å få klart det rommet er at i natt skal eg få sove i den vanlige senga mi igjen. Vi har brukt det som no blir gjesteseng for å få litt bedre plass på soverommet, men eg vil heller ha litt dårligere plass og sove godt. Har lagt på fint julesengetøy og greier. Skal sove som ei prinsesse i natt...

Vi begynner å komme i rute til dåpen og no. Har vore på dåpssamtale med presten i dag. Det var egentilig raskt unnagjort. Skreiv opp fadrane og så fekk eg lov å "bestemme" dåpssalmen! Eg spurte om eg kunne få lov å komme med et lite ønske og det blei veldig godt mottatt. Så då blir det salmen nr 618 "Fylt av glede" Den er min favorittsalme, så eg blei skikkelig glad for å få lov til å "bestemme" den. Ellers så er det det samme som før. Så det skal nok gå greit på søndag.

I går var eg som nevnt på konsert med "Nordic Tenors" Det far veldig flott. Nydelige stemmer og fin stemning. Kunne hørt på dei mykje lenger, for sjølv om dei heldt på i 1,5 time, så gjekk det så fort. Virkelig valuta for pengane. Så den konserten er virkelig å anbefale.

I morra skal eg være med å hjelpe til på juleverksted i klassen til Adrian. Har egentlig ikkje tid til det, men enkelte ting må en bare ta seg tid til. Dette er vel den einaste sjansen eg har til det, for eg reknar med at eg er i jobb neste jul, så då går det jo ikkje. Skal berre være der til 11.00, så det er jo mykje igjen av dagen etterpå likevel, sånn at eg får vaska og rydda til svigers kjem i morra kveld.

No er eg drittrøtt. Augene held på å dette igjen heilt uten at eg vil det, så natta folkens.

Oisann! No heldt eg på å glømme dagens dikt. Har valgt et visdomsord av Buddha i dag:

Gode tanker vil lede til gode gjerninger

og dårlige tanker til dårlige handlinger.

Hat stoppes aldri av hat;

hat stoppes bare av kjærlighet.

Natta då!

Ingen kommentarer: