20 desember, 2006

Eit litt grotesk dikt og deilig julegodt



I kveld holdt heile blogginga på å gå i vasken for meg. Hvis du lurer på korfor så er grunnen enkel (og veldig god): Eg og Jeanett lager julegodt i kveld og det tar jammen meg lang tid... Og hvis du lurer på om du kan få komme på besøk og smake, så veit eg ikkje heilt ka eg skal sei, for det blei så godt at vi helst vil ha det heilt for oss sjølv... Men dersom du er veldig snill så skal du heller få smake litt.
Heilt ærlig så var det ikkje alt som blei like vellykka. Men det er ikkje vår skyld. Det er Trond Moi som har lagt ut oppskriftene, og vi kan vel ikkje nåkke for at han ikkje har skreve i oppskrifta kor lenge sukkerlaken skal koke... Resultatet blei, ja ka skal eg sei.... mindre bra er vel et dekkande ord. Dvs utseendet blei ikkje som forventa, men FY så godt det blei.
Nåkke som blei knallbra det var microkaramellene. DEI var veldig enkle å lage, og dei smakte veldig godt. Vi fann vel ut at en porsjon på kvar blei alt for lite, så vi må lage meir i morra. Og kanskje på fredag og... Planen var å lage fudge og i kveld, men det fekk vi ikkje tid til, så det får vi ta igjen en anna kveld.

I dag har eg vore på Kulturskulen og laga meg timeplan for nyåret. Er litt usikker på om eg no har tatt meg vatn over hodet, men det får vi sjå etterkvart. Skal ha 12 vokal elever og musikkbarnehagen. Musikkbarnehagen blir sammen med Kristin, men det andre blir heilt aleine. Litt skummelt syns eg, men eg må jo berre prøve. Reknar ikkje med Arne hadde spurt meg dersom han ikkje trudde eg fiksa det. Vi får se...

I dag blei eg ferdig med julegavane. Berre Bendik igjen, men det skal eg fikse på fredag trur eg. I morra har eg lyst til å berre være heime og ikkje gjør på nåkke som helst. Eller, det blei litt feil. Eg har planer om å gjør huset klart for julefeiring. Det er vel så langt fra klart som en kan komme for tida. Men det kjem seg det berre eg får meg eit par timar med armane fri for barn. Då må det bli i morra, for det er siste skuledag før jul og dermed er Adrian heime på fredag.
I tillegg til julegavane så er juletreet innkjøpt. Edelgrana som eg fann var jo selvfølgelig seld, så det blei ei vanllig gran på oss i år. Men den er til gjenngjeld veldig fin. Gleder meg til å pynte den på fredag. Vi må jo pynte før lillejulafta, siden eg er borte heile den kvelden. Eg er litt sær på juletrepyntinga, så derfor får ikkje Trond og ungane gjør det aleine. Eg vil helst ha det sånn som eg "ser" det inni hodet mitt...

Ellers så har torje funne ei ny drikkevatn-kilde her i huset i dag. Eg kom inn på badet og tok han på fersken der han stod og drakk vatn fra do! Tok hav vekk, vaska hendene hans og ba han drikke vatn fra et glass, men han ville ikkje. Han skulle drikke fra do. Eg prøvde å forklare han at det var ekkelt og grisete, men fekk til svar at det var "veldi dodt". Jaja, godt den som var sist på do hadde huska å trekke i snora etter seg...

I kveld fekk eg lyst til å dele eit av mine favorittdikt med dåkke. Det er ikkje eit vakkert dikt, men eg liker det likevel.


LIKFUNN

So fann dei han Ole Johan,
langt burte i Håsteins-hagen.
Der låg han og rotna og brann,
med solsteiken rett i magen.
Og magen var grøn og blå,
av steinklaka gorr og slim,
og flugor og kvitmakk små,
aula i yrjande stim.
-
Spyfluga grøn og feit,
la sine egg i skinne',
og ålkvite småmakkar beit
seg gangar og bol der inne.
Ei rotte stakk tranten ut,
– kva svarten som no var og sjå?
Ho var som ein blodgorra klut,
med blankslimut hale på. –
-
Og augo hans Ole Johan,
var berre ei slimut glye
som nedover kinnet rann,
so sleip som ei slimut spye.
Og nasa eit blodraudt sår,
der beinpipa lyste bleik.
– For rotta ho var der i går,
og åt seg so feit ei steik.
-
Og lippa for kjøt var rein,
og gliste med kvasse tenner,
som illkvite stakk og skein,
som marssol på frosne fenner.
Og teven stod tjukk ikring,
denne blaute, flytande kropp,
og kråka sat rundt i ring,
og skratta med høge hopp.
-
So tok dei han Ole Johan,
og la han på fire påla.
So bar dei han fire mann,
med' kråkene skratta og skråla.
Mykje tå skrotten flaut vekk,
og mykje kvarv burt som eim,
og mykje i spyfluga gjekk,
men beina kom heile heim.


Burde kanskje advart mot sterke ord og masse gørr, men no er det for seint, for du har jo lese diktet. Jakob Sande er ein kjend og kjær diktar og, som sagt, ein av mine favorittar.

Men no skal eg over til en anna favoritt... Senga mi...

Ha ei fortreffelig natt...

Ingen kommentarer: