19 desember, 2006

Tannlegedagen 2




Dette har vore den nye store tannlegedagen. Først Martheaa og så Adrian. Hadde jo et håp om å bli ferdig med tannlegebesøk for ei stund, men det blei ikkje sånn... Adrian tok seg ei reprise på sist besøk, berre at i dag holdt eg han igjen sånn at han ikkje fekk gå. Likevel gjekk vi derfra med uforretta sak og en unge som skreik fordi eg tok han med meg ut av tannlegekontoret... Eg heldt på å bli sprø, men det blir vel bedre med tida får vi håpe.

Eg har vore på et aldri så lite formiddagsbesøk hos bestemor og bestefar i dag. Var og hjalp ho med nåkke julegavegreier. Fekk smake på julebaksten og, og den var godkjent. Hadde faktisk planer om å lage litt julegodt sjølv i dag, men det gjekk i vasken fordi eg la meg ut i senga for å få Bendik til å sove. Veit ikkje kem av oss som sovna først, men eg våkna kvart over seks og då var det på tide å begynne med legging av trøtte og sure ungar.
Eg forstår ikkje korfor dei er så sure for tida. Hadde som sagt tenkt at vi skulle gjør litt juleting før jul, men det er ikkje nåkke kjekt når ungane krangler, sloss og griner uten stopp heile dagen. Då lager eg heller julekos når ungane er lagt, for då slepp eg å bli sur óg. Ingen er tjent med ei sur Røvermamma...

No i kveld har eg vore med jeanett og Timon på tur. Sjølv om det renn kontinuerlig fra oven var det godt å komme seg ut litt og få litt frisk luft. Det har ikkje vore masse av det i det siste. I dag har det ikkje vore opphold i det heile tatt. Eg berre er så glad for at vi har fått drenert tomta her, for ellers så hadde vi vel harr kjelleren full i vatn og svømmebasseng i hagen. Det er visst bløtt nok som det er no. I helga såg det j ut som om det skulle bli litt kaldere slik at vi kunne få en pause i regnet, men dengang ei. Temperaturen steig igjen og alt var tilbake til normalen igjen. Eller dvs det er vel ikkje så veldig normalt med temperaturer oppunder 10 grader i midten av desember... Heller mot normalt vil eg sei.

I morra får eg gjere et nytt forsøk på å lage litt julegodt. Då trur eg ikkje eg har nåkke som må gjerast. Anna enn at eg skal inn på Kulturskulen på formiddagen i morra.

Den annsamme

Han har ikkje stund til å stogge

og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter
dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.

Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar har det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri att.

Det var dagens dikt. Ta det til dåkke og ikkje stress sånn at de gløymer å kose dåkke no i førjulstida. Det skal nemlig være litt kos og. Og for dåkke som ikkje har fått det med dåkke: Julenissen er ikkje allergisk mot støv likevel... Vi vil vel ikkje se sånn ut i jula...


Tytast i morra.

Ingen kommentarer: