24 desember, 2006

Jul, jul, strålande jul...






Ja, så var det julafta igjen. Syns ikkje det er så lenge sida sist. Utrulig kor fort tida går når en har unger i hus.

Dette er altså dagen dei små har gått å gleda seg til i lange tider. Telt ned kvar dag med julekalender, skreve ønskelister til kreti og pleti og drømt om pakker med spennende innhold. Så kjem endelig dagen, og så består den egentlig berre i å vente. Vente, vente, vente.

Dagen har snegla seg fram for ungane her i Røverhuset óg. Dei våkna ikkje så voldsomt tidlig i dag. Litt over åtte var heile familien samla i dobbelsenga. Der låg vi og prata om forventningane for dagen. Ungane håpa på masse pakker og vi voksne hadde så kjedelige ønsker som snille barn som ikkje krangla. Før vi stod opp hørte vi på "Den vesle bygda som nesten glømte at det var jul" på cd. En veldig god start på dagen. For å sei det med Marthea sine ord."Kan ikkje vi gjør sånn på alle julaftene? Det var så kjekt å kose i lag oppi senga". Så stod vi opp og Trond laga ein deilig frokost til oss. Nystekte rundstykker (halvstekte fra før) og masse godt pålegg. Når frokosten var spist kledde ungane på seg og gjekk ned til bestemor og bestefar. Ungane gjekk i forveien slik at vi fekk gjør unna litt før kvelden. Etter litt rydding og vasking (nei, eg var ikkje ferdig) så fór vi også ned til ho mor og han far. Der blei det servert nissegraut. Til ungane sin store glede viste det seg at det også der nede bur en loftsnisse. Han hadde lagt fram en pakke på loftet som bestemor fann når ho skulle hente julepynten. Pakken var til dei snille ungane i Røverhuset, og under papiret gjømte det seg ein DVD med "Svein og Rotta". Vi fór heim rett etter maten og ungane såg på filmen sin for å få tida til å gå.

Vi har hatt en snarvisitt av nissen her heime i dag. Han hadde det så travelt at han ikkje hadde tid å komme inn, så han la påkkane på trappa. Ungane var like fornøyd likevel. Spesielt Torje, for han er så redd nissen.

Vi hadde mamma, pappa og Eirik her i kveld. Dei åt her og opna pakkane. Etter pakkane gjekk vi som vanlig ned til bestemor og bestefar. Det var koselig som vanlig. Endå kjekkere blir det i morra tidlig, for då er det den årlige julefrokosten.

Så no sitte eg her sammen med min flotte amnn og drikke rødvin og slapper av, for det føler eg at eg har fortjent. Problemet er berre at eg held på å sovne her eg sitter, så nesten alt blir feil...Ungane er sovna og alle er fornøyd. Adrian sa det så fint i dag:"Dette er den aller beste julafta i heile mitt liv!" Om det var dagen i seg sjølv eller at det låg ein flett ny mobil under treet er ikkje så godt å sei, men han var fornøyd og det var det aller viktigste.

Før augene mine dett igjen så skal eg berre forklare korfor det ikkje blei blogging i går: Det hadde seg sånn at den siste konserten var ferdig kl 00.00 og derfor blei det ikkje nåkke. Håper eg er tilgitt likevel. Konsertane gjekk strålande og vi kosa oss alle sammen. Både kor og publikum.

Dagens dikt blir eit tradisjonelt dikt som passer godt til kvelden:


Julekveld

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos ikveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosi held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.

Han låg der med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.

Songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt.
um barnet, Guds son og sonar
som myrkret for evigt batt.

Denne versjonen er slik som diktet stod trykt i "Jul i Sunnfjord" i 1931. Jakob Sande skreiv diktet under ei stikkelsbærbusk sommaren 1931.

GOD JUL til alle sammen.

Ingen kommentarer: