Dette er min blogg om livet i Røverhuset. Her deler eg litt forskjellig av det som opptek meg til ei kvar tid. I Røverhuset bur det to voksne og fire barn.
22 desember, 2009
visst skal jula komme....
Dei siste dagane har gått med til juleforberedelser. Vi har fått handla mat og presanger og det meste av huset er pynta og fiksa. Så no kan svigermor og jula bare komme.
I år har eg fått skikkelig julestemning. Lørdag bøtta det ned med snø og den har fått ligge i fred. Det ser faktisk ut som om det skal komme meir snø på julafta ;)
Snø er veldig koselig no når det er jul, men det er likevel ei plage når det ikkje er mulig for dei som brøyter å gjere en skikkelig jobb. Det burde ikkje vore umulig å få dumpa snøen på sjøen slik at vi slapp dei enorme brøytekantane i byen. Men det er visst ikkje så enkelt...
I morra har eg fullt program. Svigers og frode kjem og då må gjesteromma ordnast. Så er det den "O store" julekonserten i kirka. Det blir skikkelig koselig som alltid. Har vore hos kristin og lytta på opptaket som blei gjort på generalprøven i går, og det låter faktisk veldig flott. En julecd å være stolt av. Men no skal eg gjør litt meir av alt som skal gjøres og så skal eg legge meg og drømme søtt...
18 desember, 2009
Det er jo juleferie ;)
I dag begynte dei to eldste på juleferie. Då kan eg nyte min ferie også. For det er ikke skikkelig ferie dersom en likevel er nødt til å ha på vekkerklokka om morran. Og no skal ikkje den på før til neste år! Det var to glade barn som kom fra skulen tidlig i dag. Mette og gode etter å ha laga julefrokost med klassane sine. Så då gjer det ikkje så masse om det var mykje styr før dei kom seg avgårde i dag. Julefrokost er elevane sitt eige prosjekt. Dei blir delt inn i grupper og så skal dei dekke og finne ut kva dei treng på kvar sine grupper. Så i dag måtte vi steike rundstykker og lage saft, koke kakao og egg. Ellers så hadde dei med seg kjeks, pepperkaker, mårpølse, nugatti og kopper, duker, lysestaker og kongerøkelse. Eit deilig kaos klokka 07.00 ein fredags morgen. Mette og gode blei dei no i allefall.
Så no skal vi sette oss godt tilrette i sofa'n og sjå historien om julenissen og det gleder vi oss til alle, sjølv om det er alt for seint. Men det er jo ferie ;)
17 desember, 2009
Der nærmer seg fort no...
16 desember, 2009
Juleferie!!!!!
Venner er som engler, som løfter oss opp på våre føtter,

14 desember, 2009
Den som venter på nåke godt...
Eg venter på jula.
Eg venter på at huset mitt skal rydde seg sjølv.
Eg venter på at ungane skal klare å rydde opp etter seg.
Eg venter på at eg sjølv skal klare å holde orden.
Eg venter på at arbeidslysta skal komme.
Er det rart ventetida er lang?
Dette er vel en grei beskrivelse av tingenes tilstand i Røverhuset. Det er masse som skal gjøres, men lite blir gjort. Det føles litt som å måke snø i snøstorm. Uansett kor eg rydder og vasker så er det en eller annen røverunge som går etter meg og lager kaos. Mi einaste trøst er at en eller anna gang vil eg muligens savne at dei rota rundt meg... Sjølv om eg trur det blir VELDIG lenge til. Men rett skal være rett. Eg har faktisk vore i Fretexkontaineren med 26 poser med tøy i dag! Og så har eg rydda matbua. No er det faktisk plass til å ha mat der. Godt er det, for då kan vi ha julekakene der nede. Hvis ikkje trur eg det er stor fare for at det er lite kaker igjen når jula begynner... I dag hadde eg egentlig tenkt å lage karameller, men tida strakk ikkje til, så det får eg sjå om eg klarer å få til i morra. Eg skal ikkje lage så veldig masse til jul. Litt konfekt og litt gjærbakst, men ellers svært lite.
Så konklusjonen min for dagens blogg er: Brett om skjortearmane, finn fram vaskebøtta og kom deg opp av sofa'n. Det er snart jul, og om nåke skal bli gjort må du gjør det sjølv... Så det får eg gjør. No skal eg sove på det til i morra.
13 desember, 2009
Lys i mørketida.
Snøen ligg, tung over frossen jord,
Dagen er borte og natta er stor
Det har jo vore den store lysdagen i dag. Sjølvaste Luciadagen.
Eg og Kristin har hatt avslutning med sangelevane våre i dag, og den begynte vi nede på omsorgsenteret med eit vakkert Luciatog. Dei var så skjønne der dei gjekk i gangane og sang Luciasangen nesten 100 ganger (det føltes i allefall slik).
Det var rørande både for gamle og unge...
Eg hadde jo planer om å få laga Lussekatter i dag, men den planen gjekk i vasken. Det har vore så masse i dag. I tillegg til avslutning med elevane har Adrian vore på Amfi og dansa. Han er med i ei guttegruppe med dansere som kulturskulen har og dei er berre råkule. I dag har dei framført sin hyllest til Michael Jackson. Så Lussekatter blir det ikkje i år. Men eg har laga ferdig mine deilige Sarah Bernard. Og eg er svært glad for at eg dobla oppskrifta. Av en eller annen grunn så blir det færre og færre igjen av dei. Ingen har vore i kjøleskapet og tatt, så eg skjønner ikkje kor dei blir av. Eg trur eg må gøyme dei på en lur plass som berre eg veit om... eller kanskje ikkje... gode blei dei i allefall. Ingen tvil om det.
I dag har eg funne ut at om vi skal ha nåken som helst mulighet for å klare å bli ferdig med huset til jul så må vi lage oss ei liste. Det er ikkje så masse som skal gjørast, men når vi ikkje klarer å bli enige om kva som er viktig så er det litt vanskelig å bli ferdig. Eg vil ha orden i dei romma vi er i, Trond vil lakke golvet i kjelleren... Vi får sjå kem av oss som vinner ;) Er det ikkje innenriksministeren som bestemmer slikt?
No er vi ferdig med nesten alle juleavslutningane her i familien. Det er berre avslutninga til Marthea sin klasse igjen. Den skal være på tirsdag og ho gleder seg veldig til det. Ho skal spille skuespill og synge og ho styrer så voldsomt at det er godt det snart er over. Adrian sin klasse skal ikkje ha avslutning med foreldre. Dei skal lage julefrokost i klassen og kose seg sammen siste dagen før ferien. Det syns eg er en god ide. Det kan bli litt masse avslutninger no før jul. I allefall for oss som har fire unger. syns alle desse avslutningane gjør til at det blir masse unødvendig stress og mas i førjulstida. Men samtidig skjønner eg jo at dei fleste vil vise fram litt forskjellig for foreldre og venner. Det er jo derfor kulturskulen har forestilligner og avslutninger. Det er veldig kjekt, men også godt når det er over.
Men no er det bare elleve dager igjen til jul, og snart skal engler dale ned i skjul ;)
Ha en fin kveld og ei god natt ;)
12 desember, 2009
Det skal bli andre bollar når papen kjem heim...
Det er faktisk ikkje så mykje nytt som har hendt i Røverhuset siden sist. Røverpappa har komt heim (kanskje ikkje så rart eg har hatt andre ting å ta meg til enn å blogge), og det har vore øving til julekonserten. Lillejulaftakonserten er i rute og det er bare å gjøre seg klar til ei deilig og stemningfull tid i kirka lillejulafta kl 21.00 og kl 23.00.
Vi fekk ei god nyhet i går. I allefall er den god enno så lenge. Simon og pappa'n har gått ut av kirkeasylet og har levert ny asylsøknad i Oslo. Så no får vi bare krysse alt vi har for at UDI realitetsbehandler saken deira og at dei kan få ro og fred til å ha eit godt liv i Florø. DET hadde vore ein fantastisk julepresang.
i gårkveld var eg på Hagen. Det var veldig kjekt. Dei har åpna igjen og dei som eiger skal drive sjølv. Eit godt tiltak trur eg. Det blir meir samsvar mellom det ein tenker og korleis det blir sett ut i livet då. Uansett veldig bra at det opna igjen.
I dag har eg egentlig planer om å lage litt julegodt. Men eg kjenner eg er litt tregstarta i dag etter en tur på byen i går... Får finne litt startgass og komme meg igang.
Ha en fin juledag og ikkje stress, for vi skal jo ha stressfri førjulstid ;)
09 desember, 2009
Du skal få en dag i mårå...
I dag var det siste undervisningsdag på kulturskulen før jul. I allefall for min del. Neste veke er det evaluering og planlegging. Det er litt rart at det snart er jul. Syns liksom at sommerferien nett er over. Tida flyr så fort at eg nesten ikkje klarer å henge med. Det er bare å holde seg godt fast.
Heldigvis snur sola snart og då blir det sommer før en aner ordet av det.
For første gang på veldig mange år føler eg at eg er i forkant når det gjelder julepresangane. Har fått handla dei aller fleste og dei eg ikkje har handla er ferdig planlagt. DET er jo den verste jobben. Dette var jo et av dei tinga eg hadde på lista mi over forbedringer fra i fjor, så då kan en vel sei at eg har lært litt...
Men no har eg ein liten slakk og snørrete klump liggande på sofa'n. Plutselig så slo kruppen inn igjen og det blir masse snørr og tårer. Så no skal eg få han med meg ut i senga og så får vi bare håpe det blir nok søvn i natt...
Natta...
07 desember, 2009
Dancing queen and dancing king
Dagen i dag blei litt meir hektisk enn eg hadde tenkt. Plutselig blei eg med Kristin til Førde og då fekk eg ikkje gjort alt det eg hadde tenkt, men en koselig førdetur blei det og så gjekk eg rett på jobb igjen etterpå. Var bare fem minutt innom røverhuset og henta dei to eldste ungane før eg kjørte dei på generalprøve til danseforestillinga deira i morra. Det er så kjekt at eg hat to som er så glade i å danse! Spesielt kjekt er det at Adrian ser ut til å være heilfrelst. Han spurte om å få lov til å begynne på ei dansegruppe til!
I morra er det forestilling og det gleder eg meg veldig til! Adrian er med i ei guttegruppe og dei skal danse til "Billie Jean" av Michael Jackson. Han er så kul her han moonwalker rundt i huset i dress, hatt og en kvit hanske.
Marthea skal danse til Jingle Bells og ho gleder seg nok om mulig like masse eller meir enn Adrian. Det er så deilig å se at dei ikkje har det snev av nerver. Dei berre gleder seg!
Når danseforestillinga i morra er ferdig har vi bare ei skuleavslutning igjen og så er det julefri og vi kan gjør bare det vi vil. Då kanskje vi får tid til å bake litt meir og å gjør julehuset vårt heilt ferdig. Eg vil så gjerne at heile huset her skal være et julehus...
Men no skal eg ete litt meir smågodt før eg skal krype opp i senga mi og lese litt meir i den fantastiske boka mi...
06 desember, 2009
Etter den søte kløe, kommer den sure svie...
Vi har ellesr hatt en sløvedag i dag. Fyr i ovnen med ei god dose Kongerøykelse oppå har gitt ei deilig julelukt i huset. Julemusikk har vore på "anlegget" i heile dag og ungane har vore ute og leika. Det er deilig med dager kor ingen plan er planen og når en i tillegg klarer å la vær å ha dårlig samvittighet for alle skulle-burde, så kan det ikkje bli meir perfekt.
Veka som skal begynne no blir ei veke med full rulle. Generalprøver og forestillinger for dei to største og så kjem Trond heim. DET gleder vi oss til alle mann (og damer). Det å være aleine med ungane går veldig bra, men eg syns det er trist at han går glipp av både kulturskulekonserten og danseforestillinga som dei er med på. Men slik er det berre. Godt vi har opptak å sjå på.
I morra tenkte eg å prøve meg på å lage sjokoladetrøfler. Dei ser så deilige ut. Hvis en eller annen har erfaring med å lage slike så legg gjerne igjen litt tips til meg. Eg må prøve å lage litt julegodt i år siden det kan se ut som om det blir storfamiliejul på oss i år. Skal feire sammen med mamma, pappa og Eirik, Svigers og Frode og muligens bestemor og bestefar på Takle. Tenk så heldige ungane er som får samla besteforeldre og halvparten av oldeforeldrene sine på julafta. Masse folk og det er kjekt.
Så då bør eg vel prøve å få gjort ferdig resten av jula her i huset...
Godt Trond kjem heim snart ;)
Et lite bilde av julestemningen min ;)
03 desember, 2009
Det såg ut som du trengte å kvile litt...

Når en har fire barn og er gressenke i perioder er det en utfordring å få nok tid til en og en unge. Sammen er jo heile flokken på ettermiddagane og det er veldig koselig, men nåke eg ofte savner er å ha tid til å være sammen med en og en. Det har eg fått tid til i dag.
Eg og Torje har kosa oss masse sammen. Vi begynte dagen etter at dei tre andre var komt seg på plass i barnehage og på skulen. Vi begynte med å se gårsdagens og dagens episode av "Jul i Skomakergata". Vi krølla oss sammen i sofa'n og tok teppe på oss og så såg vi på skomaker Andersen. Vi skulle jo bare se dei to nevnte episodane, men eg sovna og våkna ei stund etterpå. Då var torje ferdig med fire episoder... jaja. I morra blir det ikkje tid til det, så det er aldri så gale at det ikkje er godt for nåke... Eg spurte Torje om korfor han ikkje hadde vekt meg og då svarte han: "Fordi det såg ut som du trengte å sove litt vel..." Omtenksom liten skatt eg har.
Etter at vi hadde klart å komme oss ut av sofa'n var vi en tur på førskulekontroll på helsestasjonen. Det var litt rart. Plutselig gjekk det opp for meg at vi faktisk har endå en skulegutt til høsten. Torje som alltid har vore vår lille klump er i ferd med å bli stor.
Etter førskulekontroll var det tid for høgdepunktet for Torje. Han og eg skulle på jobb! Siden vi har brukt dagen på å rigge scena til konserten i morra fekk Torje være med meg på jobb og han har fått jobba med litt forskjellig. Det toppa seg når han blei med på loftet og fann en kornett... Han blåser og lager masse lyd. Det har vore en kjekk dag både for han og meg.
Resten av dagen min har gått med til generalprøve til konserten. Den tar som vanlig masse tid, men vi blir bedre og bedre gang for gang. Masse unger og instrumenter som skal være på rett plass til rett tid. Et fantastisk spennande og gjevande arbeid!
Men en lang dag tar på og sjølv om dette er veldig kjekt så blir det godt å være ferdig på fredag kveld. Då er det "bare" avslutningar på rekke og rad... Men det er jo også koselig.
Så no skal eg innta bingen og prøve å sove meg gjennom ei heil natt. Får håpe på at ungane også har tenkt på å sove seg gjennom heile natta...
Eg vil avslutte dagens blogg med et nydelig dikt..
Barneøyne
Du kommer inn med våte kinn
og sol og regn er dagen din
Du søker trøst i mine armer
Jeg tørker dine tårer bort-
og alt det dumme glemmes bort
Du, er like god som alle andre
Lille venn du er full av sjarm,
øyne som ler og en hud myk og varm
I en verden av sol og regn
lever et håp i barneøyne
Et lys bor i et barnesinn
hvor mørke slippes sjelden inn
Det er så mye du kan lære meg
Mitt hjerte banker varmt for deg
når du står foran livets vei
Hvor går din ferd i denne verden
Lille venn du er full av sjarm,
øyne som ler og en hud myk og varm
I en verden av sol og regn
lever et håp i barneøyne.
02 desember, 2009
"Ha'kke tid...."
I dag hadde vi felles øving for sangelevane. Fredag er det konsert og konsertstresset begynner å melde sin ankomst. Noter som mangler og barn som er forvirra... Akkurat slik vi liker det og det er travelt og det skal det være. Så kan vi slappe av etterpå. Eg er berre så glad for at eg får lov å være en del av dette. Kan du tenke deg nåke bedre enn å være en del av barn og unge si kulturopplæring? En ære er det. Eg er så glad eg valgte dette!
I dag fekk eg tak i to julegardiner til. Har hengt opp i stua og kom plutselig på at eg mangla i gangen. Heldigvis hadde dei to til på Europris så no er det rødt i alle vindu... nesten. Men no er det nok rødt. Det er greit det er jul, men det kan bli for masse.
Eg lurte på om eg skulle prøve meg på ein ny kakesort i år... Sara Bernard. Har hørt så masse snakk om desse kakene at eg begynner å bli nysgjerrig. Men eg har forstått at det er eit tidkrevande arbeid å lage dei. Mulig eg må ta helga til hjelp. Om nåken veit korleis en lagar det så send meg gjerne ei oppskrift og en komentar på kor gode dei egentlig er. Må jo være nåke spesielt når folk lager seks og sjudobbel porsjon...
Vi får sjå om det blir. Eg hater og sei at eg har dårlig tid no før jul, men eg har også lært at en ikkje skal lyge, så då får eg berre innsjå at eg må senke kravene litt.
Nei, no har eg visst lirt ut av meg nok fjas. Eg får finne bingen og håpe på at det er litt lettere å stå opp i morra... Eg liker ikkje å stå opp!!! Og heller ikkje å legge meg...
"Den som ikkje drømmer, har ingen drømmer som kan gå i oppfyllelse"
01 desember, 2009
I denne søte førjulstid

28 mars, 2009
Årets første blogginnlegg
Har fyllt dagane og kveldane med masse anna enn å skrive tull og fjas om det som skjer i Røverhuset. Men no syns eg at eg hadde litt å meddele, så då passa det bra å skrive litt.
Dersom eg skal oppsummere dei tre første månedene av 2009 med eit par ord, så må det bli Spesifikke Språkvansker. Eg føler eg har brukt all mi nett-tid i det siste til å samle informasjon om temaet, og dessverre så er eg ikkje blitt særlig klokere. Og du lurer nok heilt sikkert på korfor i alle dager eg har brukt tida på å leite etter slike saker, og då er svaret enkelt: Adrian har fått bekreftet at det er spesifikke språkvansker som gjør at det å gå på skolen ikkje er så lett for han. Og siden dette er ei forholdsvis ukjent diagnose, så er det lite informasjon å spore om temaet. Så kva gjør en då? Jo då oppsøker en alle fora kor en kan høste litt kunnskap. Og det har resultert i at eg i dag har blitt kontaktpersom for "foreldreforeningen for barn med spesifikke språkvansker" i Sogn og Fjordane. her var det ingen og eg syns det er viktig at vi som har barn med denne diagnosen har en mulighet for å snakke med andre som har det som oss. Det her er absolutt ikkje nåke enkelt å ordne opp i heilt på egenhånd. Bare gjennom åpenhet og god informasjon kan vi hjelpe barna våre! Så kjenner du nåken med spesifikke språkvansker, eller lurer på kva dette er, så er det bare å ta kontakt. Eg skal prøve å svare så godt eg kan.
Apropo barn. Eg blei tante 16.februar! Til ei bittelita snuppe! Nina og Tommy fekk seg ei lita prinsesse fem uker før tida, men alt gjekk veldig bra og sjølv om ho var lita då så legger ho godt på seg no og er blitt både rund og god. Så no er vi like mange unger både i nr 2 og nr 3 ;)
Ellers så har eg vore med på mitt livs kjekkaste opplevelse denne seinvinteren. Florarevyen! herregud så kjekt eg har hatt det! veldig masse kjekke folk, nye utfordringer og fantastiske tilbakemeldinger. Eg har fått mange nye venner og eg har vore på mitt aller første narchspiel!!! Bedre seint enn aldri ;) Eg fekk vel egentlig festa meir på dei to helgene vi hadde forestilling enn eg har gjort dei siste åra. Kan ikkje huske at eg nåken gong har vore ute fredag og lørdag to helger på rad... Nåken vil muligens sei at det var på tide og det var det nok, men livet mitt har på en måte hatt eit heilt anna fokus hittil. Før var det barn og barneproduksjon, no er det først og fremst barn, men også mammatid. Eller Ann Kristin tid, som eg kaller det. Eg trur det er viktig for alle mødre å innimellom få lov til å være i et fora kor en ikkje er mamma, men seg sjølv. Sunt for alle parter! Uansett så har eg, for å sei det med Kurt Arve sine ord : "We have got the best time we have ever had!!!"
Gleder meg til 30.mai og jubileumsforestilling! Godt eg blei med akkurat i år ;)
Så over til nåke heilt anna. I kveld har vi hatt "WinterSkau" i Røverhuset. Og vi har deltatt på verdens største miljømarkering, Earth Hour. Kristin og ungane kom ut til oss og vi lagde taco og sang ABBA sing star. Alle lys i huset blei skrudd av klokka 20.30 og vi hadde massevis med stearinlys over alt. Koselig. Men det var egentlig veldig kjedelig å se ut vinduet og oppdage at vi var heilt aleine om denne markeringa i nabolaget. Ingen andre hadde skrudd av alle lysene sine... ungane var heilt fortvila og trua med å gå rundt i nabolaget og be folk skru av lysene for å markere motstanden til klimaendringene. Jaja, så var i allefall vi flinke!
Så sjølv om Earth Hour bare varte en time, så sitter eg fremdeles her i stua med bare stearinlys og skriver mitt blogginnlegg... koselig og fredelig. Så no skal eg kose meg litt til før eg stiller klokkene litt fram og kryper til køys.
25 desember, 2008
Det blei jul alikevel...

nå er du dratt forbi.
Vi gjemmer deg i minnet vårt
og ønsker du der vil bli.
For gavene er åpnet opp
og der var mye flott
av både ting vi trengte
og av gaver som gjør godt.
Må romjulsfreden senke seg
for alle og enhver,
la dagene som kommer nå
bli "julekveldsdessert"...
Ja, så var enno ei jul snart over.
Det er litt rart i grunn.
Vi jobber og styrer og kaver og maser for at det skal bli heilt perfekt.
Og så plutselig er alt over og en kan spør seg om alt kavet var verdt det...
Tidlig på dagen i går tenkte eg fleire ganger at eg måtte ordne litt til og eg burde vaska litt meir og rydda endå litt til, men så plutselig var julekvelden der og vi kosa oss likevel.
Sjølv om det var skittentøy på badet.
Sjølv om barnerommene såg ut som om der hadde vore terroraksjon.
Sjølv om eg fann hybelkaniner i stua.
Sjølv om det var to små som hadde dradd utover ei ruse utenfor huset i håp om å få fanga julenissen...
Det blei jul alikevel.
Heilt sånn som det skulle bli blei det jo ikkje likevel.
Mamma, pappa og Eirik skulle være hos oss men det blei ikkje nåke av, dessverre.
Mamma blei liggande med skiveutglidning i ryggen og tilbragte julekvelden i senga si,
Eirik fekk spysjuka og var ikkje i form til nåke julekveld med fire øsne unger,
og pappa blei då selvfølgelig heime med sine to pasienter.
Sjølvsagt var dette trist, kanskje mest for dei som ikkje kom til oss, men slike ting rår vi ikkje over.
Dei fekk ei annerledes jul, og vi fekk vår første jul aleine.
Men, det blei jul alikevel...
Etter at pakkane var åpna så var eg en tur i kirka og sang for dei som deltok på alternativ jul.
Det var veldig greit å få bidra der.
En stor kontrast fra den julefeiringa eg forlot ei lita stund.
Eit fantastisk tiltak av Herdis Seim og hennes medhjelpere.
Når eg kom heim til mine hadde bestemor tatt turen opp til oss. Veldig koselig.
Så blei to små trøtte barn lagt
og to større trøtte barn fekk være oppe til augene nesten lukka seg heilt av seg sjølv.
I år fekk vi faktisk ikkje så innmari masse gaver, og det var veldig deilig.
Ikkje masse unødvendig tull og tøys, og ungane fekk berre ting dei trengte og ønska seg.
Så alt i alt har vi hatt ei fin julefeiring.
No gjenstår det berre å klare å fylle romjula med ro og fred og ikkje kave seg opp for ingenting.
Det blir mykje lettare når Trond ikkje skal jobbe og vi kan være heime alle seks og sleppe å ha på vekkerklokke...
Eg har faktisk ikkje klokke på meg i det heile tatt.
Trenger jo ikkje det.
Har ingenting eg skal rekke...
Så no er julebloggkalenderen ferdig, og kven veit når neste blogginnlegg kjem..
Fortsatt god jul til deg, fra meg.
21 desember, 2008
Giddalause...
Neida. Ikkje glømt den, men eg har hatt et anfall av god gammaldags giddalause! Og det må no vel være lov no når det lakker mot jul. Eg har egentlig senka skuldrane godt ned og tenker som så at det blir jul uansett. Huset er sånn nåkkenlunde, kaker og boller er komt på plass, og det mangler bare et par julegaver, som eg skal handle i morra. Så då er det i rute.
Dei siste dagane har eg ikkje gjort nåke spesielt. Litt sånn julegreier og litt strikking. Eg fann ut at eg skulle lage litt julegaver sånn i siste liten.
I dag tok eg bilde av ungane. Skulle jo laga julekort, men eg har laga romjulskort i stedenfor.
Sånn blei det.
Deilige nissebarn.I dag har eg vore på generalprøve til julekonserten. Merker at det begynner å krible. Gleder meg til at det skal bli lillejulafta og eg kan stå sammen med dei andre og synge jula inn. Dei samme gamle gode julesangane, som rører i hjerterota gang på gang. Litt som Hovmesteren. "Same preceduire (?) as every year, Miss Sophie!"
I morra skal vi gjør oss ferdig med juleforberedelsane....trur eg....
Natta!
17 desember, 2008
Juleferie!
Men ikkje misforstå, arbeidet med juleforberedelsene på kulturskolen er utrolig givende og kjekt, men det er uansett deilig når juleferien gjør sin entrè.
I dag har sangelevene vært på Amfi og hatt en liten uformell julekonsert. Veldig koselig. Eg og Marthea sang en sang aleine, og det var veldig koselig. Ho er så flink! "Den lille stjernen" av Ole Paus var det vi sang. Ellers så sang vi dei kjente og kjære julesangene og eg tror nok vi skapte litt julestemning for dei som var der.
Det er så deilig å se kor glade ungane er no når Trond er komt heim. Bendik smiler heile tida, og eg er degradert. No er det pappa som gjelder og ingen andre. Dei andre skjønner nok meir av dette at pappa er heime litt og på jobb litt, så heimkomsten blir ikkje like bemerka av dei.
"Pappa obba øya, no eme?" Var det einaste Bendik sa i dag tidlig. (oversatt til Norsk betyr det; Pappa jobba på øya og no er han heime?)
No er vi inne i ei skikkelig kakelinne. Kakelinna var en mildværsperiode som ofte kom rett før jul, og tidligere meinte folk at det blei mildt fordi det blei steikt så masse julekaker. Temperaturen har gått fra mange minus i forrige uke, til fleire pluss denne veka. Så no er det full storm ute og det er både kjekt og kjedelig. Kjekt fordi det er deilig å sitte inne i drittværet, kjedelig fordi det ikkje er kjekt å gå ut... Det er i allefall deilig å ha fått ved. Så då kan det bare blåse så masse det bare vil!
Men det var dagens oppdatering ;)
God natt og sov godt...
16 desember, 2008
Hjemkomsten...
Ja, i kveld fekk eg mannen i mitt liv heim til jul. Så deilig å skulle være to resten av dagane fram til jul. Eg er som kjent ikkje komt heilt i mål med alle ting, men det er no enno ei veke att... Og som sagt; alt går!
På jobb i dag fekk vi sjå "jul hos Kystnissane". Forestillinga vår fra fredag. Det var veldig kjekt å se det. Oppdaga at vi langt på vei har fått til akkurat det vi ville. Det trauste og rolige samtidig som magien og mystikken hadde sin plass. Planen er at dette skal leggast ut på heimesida til kulturskulen så då er det bare å stikke innom og sjå...
Eg og Marthea har vore på julefest med klassen hennar i kveld. Ein veldig kjekk julefest. Ungane er kjempeflinke og dei hadde øvd inn program for ein time. Det var julesanger, dikt, sketsj, pianospill, trommespill og tilslutt eit skikkelig blokkfløyteorkester. Og eg må bare ærlig innrømme at eg, som absolutt meiner at den norske skolen må finne et anna instrument å drive noteinnlæring med, blei skikkelig imponert over det dei spilte. Veldig bra!
Høydepunktet på festen var selvfølgelig utlodninga. Alle hadde med seg en gave kvar og dei solgte 300 lodd! Men alle premiane gjekk til under halvparten av elevane, så det var mange snurte småbarn... Men då er det godt å ha kloke lærere! Dei tok med seg alle dei som ikkje hadde vunne ut på gangen, og etter ei stund kom alle superblide inn igjen med kvar si tegneblokk! Då tenkte eg :"Dei to der har virkelig skjønt det!" Takk og pris for slike fantastiske lærere.
Tirsdagane pleier jo eg å ha date med Jeanett, men dei to siste tirsdagane har ho droppa ut. Kan ikkje skjønne at Oslo er meir interessant enn å se Grey's med meg... Men eg fekk jo mannen heim midt i Grey's, så då var det ikkje så trist likevel...
Så no skal jula komme i Røverhuset også. Endelig...
I kveld vil eg avslutte med eit dikt som er barnslig og vakkert...
Til Betlehem
Skynd deg, vesle hesten min,
ri til Betlehem.
Jeg har spent fast salen din
og sitter trygt i den.
Skynd deg, vesle hesten min,
spring bakken opp i trav.
Jeg har tak i manen din
og faller ikke av.
Skynd deg, vesle hesten min,
spring til Betlehem!
Trave, trave som en vind,
dagen blir så sen.
Stanse, vesle hesten min,
vi er fremme nå.
Stjernen lyser stille inn
på julekrybbens strå
Det var alt for i kveld... Natta *
15 desember, 2008
Mandag..............................................
Mandag morra blues...
Lurer på ka det er med mandager...
Ungene er helt umulige. Eller kanskje det er eg som har veldig kort lunte?
Muligens en kombinasjon...
I dag har i allefall ungane krangla nåke forferdelig, og Bendik har dreve å kasta på alt mulig.
Det endte med ei knust nissekule og et knust glass. Og det er jo sånn som kan skje, men han gjør det med fullt overlegg og så ler han rått. BØLLE!!!
Marthea har lukka igjen ørene sine og det lille ho hører bare skiter ho i.
Egentlig har eg forståelse for at det blir litt masse for dei no. Det er bare 9 dager til jul, pappa'n kommer i morra (heldigvis), dei skal framføre ting på skuleavslutningene sine og all denne spenninga kan drive en heilt av hektene og en blir litt surrete.
Like fullt må det no være lov å klage litt...
I helga har Norge mista to viktige personligheter. Den aller viktigste er nok heile Norge's mormor, Anne Cath. Vestly, og den andre er Naustdals store sønn, Kjartan Slettemark. Kunstner med mange sprø påfunn.
Og så døde Derrik i helgen. Massevis av viktige personligheter.
Får bare be om at dei alle må få kvile i fred.
Ellers så har eg handla litt julegaver i dag. Har satt meg som mål at innen søndag skal eg være ferdig med alle og dei skal være ferdig innpakka! Så får vi sjå om eg får det til.
Eg har tru på at berre en bestemmer seg og vil nok, så går alt.
Men no er det kveld, og eg skal avslutte med eit par velvalgte ord av Haldis Moren Vesaas.
Ord over grind
Du går fram til mi inste grind
og eg går fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.
Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjald oss to.
Anten vi møttes titt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.
Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du
Så lenge eg veit du vil kome iblant
som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.
Halldis Moren Vesaas
14 desember, 2008
Alt Går!
Tre lys skal flamme for alle som må sloss.
For rettferd og for frihet. De trenger hjelp av oss.
Må ingen miste motet før alle folk er ett.
Tenn lys for dem som kjemper for frihet og for rett.
Berre 10 dager igjen til jul, og eg har bare kjøpt eit par julegaver... Men det er ikkje nåke problem, for eg har funne ut ka eg skal kjøpe, og då er jo over halve jobben gjort. Så planen er at no når Trond kjem heim, så tar vi oss en tur til by'n en formiddag og kjøper det vi mangler.
En grei måte å få det unna på.
Men kva dag det skal bli, veit eg no ikkje... Eg som trudde at bare vi fekk konserten unna, så var det meste gjort... Neida. Denne veka er det avslutninger på både skule og kulturskule og klubb og kor og så skal FRYD synge på JuleLutt i Førde på fredag.
Men vi får det nok til likevel. Alt går!
I dag har eg vore i by'n og sunge med koret. Veldig uvant å synge ute. Lite klang og akkustikkhjelp å få i Strandgata en søndag med åpne butikker. Det stod til og med en bil ved siden av oss og tuta! uoppdragen billist. Men det gjekk bra og folk klaga i allefall ikkje...
Og så har eg fått ved i dag. Så no kan eg fyre i peisen heile jula (hvis det blir vind). Reknar med vi har ved i lang tid no. Kjøpte 20 40l sekker. For tre år siden kjøpte vi et halvt mål, og det var tomt no i høst, så vi er ikkje storforbrukere av ved for å sei det slik...
I dag våkna eg til ei nyhet som virkelig gav meg angst. Husbrann på Herøy. To funne omkomne. huset hadde vore utleigd... Eg kjente det gjekk kaldt nedover ryggen på meg. Tok telefonen og ringte Trond. Heldigvis tok han telefonen, og han kunne fortelle at han ikkje jobber på Herøy, men på Harøy. Thank God for det...
Likevel så er det forferdelig med slike tragedier no rett før jul. Dei fann fire omkomne og alle var under 25 år... Tragisk.
No er det ei stund siden eg har lagt ut eit dikt, så i kveld vil eg dele eit vakkert med deg.
Det er kjærlighet som får oss til å blomstre -
ikke vårt utseende,
ikke vårt arbeid,
ikke våre ambisjoner,
ikke våre bragder,
ikke våre foreldre,
ikke vår status,
ikke våre drømmer.
Alt dette andre er fyllmasse,
drivstoff i våre liv.
Men det er kjærligheten
- hvem vi elsker,
hvordan vi elsker,
hvorfor vi elsker og at vi elsker
- som virkelig danner oss.
(Daphne Rose Kingma)
God Natt.
